The Daily Telegraph

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Daily Telegraph
Type Dagsavis
Format Fullside
Grunnlagd 1855
Redaktør(ar) Tony Gallagher
Språk Engelsk
Politisk tilknytting Høgrevendt, konservativ
Opplag 634 113 (juli 2011)
Hovudkvarter 111 Buckingham Palace Road, London, SW1W 0DT
Nettstad www.telegraph.co.uk

The Daily Telegraph vart grunnlagd i 1855 og er ei av dei to siste britiske avisene i storformat, saman med The Financial Times. Søndagsutgåva til Daily Telegraph, The Sunday Telegraph, vart grunnlagd i 1961. I november 2005 var The Daily Telegraph den mestseljande avisa i storformat i Storbritannia, med eit dagleg sal på 904&mnsp;955, samanlikna med 692 581 for The Times, 261 193 for The Independent og 378 618 for The Guardian. I følge ei undersøkning i 2004 var 61 % av lesaranae til avisa tilhengjarar av det konservative partiet i Storbritannia.

Avisa har vore så nært knytt til det konservative partiet, eller toryane, at ho har fått tilnamnet «The Torygraph». Blant avisas kjente skribentar finn ein folk som Winston Churchill, då han deltok i felltoget i North West Frontier Province sendte han artiklar til The Daily Telegraph. Før fyrste verdskrigen gjorde avisa eit berømt intervju med keisar Wilhelm II, som var sterkt negativ til Storbritannia.[1]

Nettavis[endre | endre wikiteksten]

Nettavisa som er knytt til papirutgåva finst på Telegraph.co.uk. Denne inkluderer artiklar frå papirutgåva til The Daily Telegraph og The Sunday Telegraph, i tillegg til «breaking news», «features», «picture galleries» og bloggar.

Nettavisa vart kåra til «UK Consumer Website of the Year 2007» av the Association of Online Publishers.

Nettstaden blir overvåka av Edward Roussel, den digitale redaktøren for eigarselskapet, Telegraph Media Group, og Marcus Warren. I redaksjonsstabben er også Shane Richmond, Ian Douglas og Chei Amlani.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. The Daily Telegraph Affair – Brigham Young University Library, besøkt 18.12.2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]