Hopp til innhald

The Dillards

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Dillards

Bandet i 1977
OpphavSalem i Missouri i USA
AktivSidan 1963
SjangerBluegrass
PlateselskapElektra Records
Medlemmer
Tidlegare medlemmer

The Dillards er ei USA-amerikansk bluegrassgruppe frå Salem i Missouri. Dei var kjende som bandet «The Darlings» på The Andy Griffith Show.[1]

Bandmedlemmar

[endre | endre wikiteksten]

The Dillards bestod opphavleg av :

I 1968 slutta Doug Dillard for å skipe Dillard and Clark. Han fortsette stundom å spele med broren fram til eit par år før han døydde i 2012.[2]

Besetninga i 2015:

Andre som har spelt i bandet er:

The Andy Griffith Show

[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om The Dillards alt var eit etablert bluegrassband vart dei mest kjend som familien DarlingThe Andy Griffith Show, der dei introduserte bluegrass for mange amerikanarar som aldri hadde høyrt det før.[1] Dette var ei rolle som gjekk att i serien og The Dillards vart leia av den erfarne skodepelaren Denver Pyle som far deira og krukkespelaren Briscoe Darling. Maggie Peterson spelte Charlene Darling, syster deira som fekk mykje merksemd av rollefiguren Ernest T. Bass, spelt av Howard Morris. Dei var med i showet frå 1963 til 1966. I 1986 gjentok The Dillards rolla i ei sameina utgåve av showet, Return to Mayberry.

I oktober 1963 i episoden «Briscoe Declares for Aunt Bee», framførte The Dillards for første gongen Arthur «Guitar Boogie» Smith-komposisjonen «Feudin' Banjos (Dueling Banjos)» for eit større publikum.

Innverknad

[endre | endre wikiteksten]

The Dillards er kjende som eit av dei første bluegrassgruppene om brukte elektriske instrument i midten av 1960-åra.[4] Dei vert rekna som ein av pionerane innan den blømande folkrock, countryrock og progressiv bluegrass-stilen frå Sør-California, og er kjende for å ha direkte eller indirekte inspirert artistar som Eagles, The Byrds og Elton John.[5] I 1972 vart The Dillards med Elton John på den første amerikanske turneen hans.[1] John Paul Jones frå Led Zeppelin har omtalt at dei inspirerte han, og særskild avgjersla hans om å spele mandolin.[6]

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
År Album Salslister Selskap
US Top 200 CAN
1963 Back Porch Bluegrass Elektra
1964 Live!!!! Almost!!!
1965 Pickin' and Fiddlin' (med Byron Berline)
1968 Wheatstraw Suite
1970 Copperfields
1972 Roots and Branches 79 56 Anthem
1973 Tribute to the American Duck Poppy
1977 The Dillards vs. The Incredible L.A. Time Machine Flying Fish
1978 Mountain Rock Crystal Clear
1979 Decade Waltz Flying Fish
1980 Homecoming and Family Reunion
1991 Let It Fly Vanguard
1992 Take Me Along For The Ride
1999 A Long Time Ago: The First Time Live Varèse Sarabande
2006 Early Recordings - 1959
2020 Old Road New Again Pinecastle Records

Samlealbum

[endre | endre wikiteksten]
År Album Selskap
1976 Country Tracks Elektra
1986 I'll Fly Away Edsel
1991 There Is a Time (1963-70) Vanguard
1995 The Best of The Darlin' Boys
1996 Roots and Branches/Tribute to the American Duck Beat Goes On
2001 Back Porch Bluegrass & Live!!!! Almost!!! Warner Strategic Marketing
2004 Pickin' and Fiddlin', Wheatstraw Suite & Copperfields
2005 Let The Music Flow: The Best of the Dillards 1963-1979 Raven
År Tittel Billboard Hot 100 Album Selskap
1963 Dooley Back Porch Bluegrass Elektra
Hootin' Banjo [Duelin' Banjo]
1965 Nobody Knows berre singlar Capitol
1966 The Last Thing On My Mind
1968 Reason To Believe Wheatstraw Suite Elektra
1969 Listen To The Sound
1970 Rainmaker Copperfields
Close The Door Lightly
One Too Many Mornings berre singlar White Whale
Comin' Home Again
1971 It's About Time 92. plassen Anthem
1972 One A.M. 111. plassen Roots and Branches
America (The Lady Of The Harbor) berre singel
1973 Hot Rod Banjo Tribute to the American Duck Poppy
1975 Stones Throw Away berre singel United Artists
1977 The Poet The Dillards Vs. The Incredible L.A. Time Machine Sonet
  1. 1,0 1,1 1,2 Rifkin, Carol (28. oktober 2020). «From Mayberry to Black Mountain: The Dillards play mighty fine bluegrass». Asheville Citizen-Times. Henta 28. oktober 2020. 
  2. Doug Dillard dies at 75; banjo player, member of the Dillards band, henta 28. oktober 2020 
  3. «Billy Constable: Bluegrass Musikar», Blueridge National Heritage Area, henta 15. mai 2012 
  4. Liner Notes for The Dillards' Wheatstraw Suite
  5. Wolff, Kurt, and Duane, Orla «The Dillards», Country Music: The Rough Guide, p. 215
  6. Ferenczi, Alexis (30. oktober 2013). «Entretien avec John Paul Jones, ex-Led Zeppelin, parrain du festival Mandolines de Lunel». Le Huffington Post (French) (HPMG News). Henta 27. september 2016.