The Dubliners
The Dubliners | |||
![]() | |||
Opphav | ![]() | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 1962–2013 | ||
Sjanger | Irsk folkemusikk | ||
Plateselskap | Columbia Records, Epic Records | ||
Medlemmer | Barney McKenna John Sheahan Sean Cannon Eamonn Campbell Patsy Watchorn |
The Dubliners var ei irsk folkemusikkgruppe som blei skipa i 1962 og oppløyst i 2012, då det siste originale medlemmet av gruppa døydde. The Dublin Legends blei så danna av medlemmer som seinare var komne til. Gruppa var kjenneteikna av livlege konsertar og medlemmar med langt hår og skjegg.[1][2]
Gruppa skreiv nokre av låtane sine sjølv, men mykje av repertoaret var allment kjend musikk frå Irland, Skottland og England og dessutan irske miljø i USA og Canada. Dei var kjende for framføring av alkoholrelaterte låtar som «All for My Grog», «Jar of Porter» og «Seven Drunken Nights». «The Rising of the Moon» handlar om det irske opprøret mot den engelske overmakta i 1798. Den store irske diasporaen er eit vanleg tema, til dømes i «Muirsheen Durkin», som handlar om ein irsk utvandrar som grev etter gull i California. «The Fields of Athenry», skriven av Pete St. John i 1979, handlar om hungersnauda på 1840-talet og er blitt spelt inn av Dubliners og mange andre musikarar.[3]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ronnie Drew stifta The Ronnie Drew Group i 1962. På forslag frå Drew endra gruppa namn til The Dubliners etter James Joyce si bok av same namn.[4] Luke Kelly, Barney McKenna og Ciaran Bourke blei òg med i gruppa.[5] Dei byrja å spela i O'Donoghue's pub, der dei opphavleg kom saman for å drikka øl. Med den livlege stilen og den kraftige irske aksenten sin skilde dei seg frå den meir polerte stilen som irsk musikk var blitt kjend under ved mellom anna The Clancy Brothers.[6][7][8][9]
Luke Kelly framførte som regel balladane medan Drew framførte dei livlege songane som «Finnegan's Wake».[10][11][12] Drew var med i gruppa i periodane 1962 til 1974 og 1979 til 1995.[13] Etter 1995 satsa Drew på ein solokarriere.[14] Eamonn Campbell døydde i 2017.[15]
Luke Kelly (død 1984), som medverka ved etableringa av bandet, var svært inspirert av den venstreorienterte britiske musikaren Ewan MacColl.[3]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]- 1964 The Dubliners (Live)
- 1965 In Concert (Live)
- 1966 Finnegan Wakes (Live)
- 1967 A Drop of the Hard Stuff (a.k.a. Seven Drunken Nights)
- 1967 More of the Hard Stuff
- 1968 Drinkin' and Courtin' (a.k.a. I Know My Love)
- 1968 At It Again (a.k.a. Seven Deadly Sins)
- 1969 Live at the Albert Hall (Live)
- 1969 At Home with The Dubliners
- 1970 Revolution
- 1972 Hometown (Live)
- 1972 Double Dubliners (a.k.a. Alive And Well)
- 1973 Plain and Simple
- 1974 Live (Live)
- 1975 Now
- 1976 A Parcel of Rogues
- 1977 Live at Montreux (Live)
- 1977 15 Years On
- 1979 Together Again
- 1983 21 Years On (Live)
- 1983 Prodigal Sons
- 1985 Live In Carré (Live)
- 1987 25 Years Celebration
- 1988 Dubliner's Dublin
- 1992 30 Years A-Greying
- 1996 Further Along
- 1997 Alive Alive-O (Live)
- 2002 40 Years (nye og gamle songar)
- 2002 Live From The Gaiety (Live)
- 2006 Live At Vicar Street (Live)
- 2008 The Late Late Show Tribute to The Dubliners (Live, 1987)
- 2009 A Time to Remember (Live)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Obituary: Ronnie Drew». the Guardian (på engelsk). 17. august 2008. Henta 30. mars 2021. «For more than 30 years, the distinctive voice of the Irish folk band the Dubliners belonged to Ronnie Drew, who has died aged 73. His gravelly voice, described by Mary Kenny as "proper sawdust Dublin"...»
- ↑ «Ronnie Drew: Lead singer of the Dubliners». The Independent (på engelsk). 22. oktober 2011. Henta 30. mars 2021.
- ↑ 3,0 3,1 Skjetne, Erlend (15. mars 2024). «Ein lyd av Irland». Dag og Tid.
- ↑ Nick Guida, The Dubliners 1962–1966: It's the Dubliners, Itsthedubliners.com, arkivert frå originalen 3. januar 2013, henta 4 February 2013
- ↑ The Story so far... The Dubliners' History, TheDubliners.org, henta 4. februar 2013
- ↑ «Ronnie Drew: Lead singer of the Dubliners». The Independent (på engelsk). 22. oktober 2011. Henta 30. mars 2021.
- ↑ «Dubliners singer Ronnie Drew dies at 73». The Irish Times (på engelsk). 16. august 2008.
- ↑ Cappelens musikkleksikon. Oslo: Cappelen. ISBN 8202036909.
- ↑ Cappelens musikkleksikon. Oslo: Cappelen. ISBN 8202036852.
- ↑ «Ronnie Drew: Lead singer of the Dubliners». The Independent (på engelsk). 22. oktober 2011. Henta 30. mars 2021.
- ↑ «Dubliners singer Ronnie Drew dies at 73». The Irish Times (på engelsk). 16. august 2008.
- ↑ Cappelens musikkleksikon. Oslo: Cappelen. ISBN 8202036909.
- ↑ «Obituary: Ronnie Drew». the Guardian (på engelsk). 17. august 2008. Henta 30. mars 2021. «For more than 30 years, the distinctive voice of the Irish folk band the Dubliners belonged to Ronnie Drew, who has died aged 73. His gravelly voice, described by Mary Kenny as "proper sawdust Dublin"...»
- ↑ «Obituary: Ronnie Drew». the Guardian (på engelsk). 17. august 2008. Henta 30. mars 2021. «For more than 30 years, the distinctive voice of the Irish folk band the Dubliners belonged to Ronnie Drew, who has died aged 73. His gravelly voice, described by Mary Kenny as "proper sawdust Dublin"...»
- ↑ «'A master in your field, a gentleman in life' - Tributes paid to Dubliners legend Eamonn Campbell - Independent.ie». Independent.ie (på engelsk). 18. oktober 2017.
- Denne artikkelen bygger på «The Dubliners» frå Wikipedia på bokmål, den 14. april 2025.