The Elder Scrolls III: Bloodmoon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Elder Scrolls III: Bloodmoon
Utviklar(ar)Bethesda Game Studios
Utgjevar(ar)Bethesda Softworks
SerieThe Elder Scrolls
SpelmotorGamebryo
Siste versjon1.6.1820
Plattform(er)Xbox, Microsoft Windows
UtgjevingNA: 3.juni 2003
SjangerAction RPG
SpelemodusEinspelar
MediumDVD, digital nedlasting
Nettstadhttp://elderscrolls.com
Del av serien The Elder Scrolls

The Elder Scrolls III: Bloodmoon er den andre utvidingspakka til Bethesda Game Studios The Elder Scrolls III: Morrowind. I motsetnad til den fyrste utvidinga Tribunal, som låg til ein ny by åtskilt frå den eksisterande speleverda som ikkje blir vist på kartet, legg Bloodmoon til ei stor ny øy på kartet. Øya heiter Solstheim og har eit kald klima. I staden for Dunmer-rasen som er urfolket på Vvardenfell, er Solstheim busett hovudsakleg av Nord-rasen. Dette er fordi øya ligg på grensa mellom Morrowind og Skyrim, som er Nords sitt heimland.

Tilleggspakka legg til nye fiendar, East Empire Company som ein ny organisasjon spelaren kan bli med i og høvet til å verta ein varulv. Bloodmoon har mange side-quests, som er mindre oppdrag spelaren kan få ved å utforske verda som er utanom hovudoppdraget. Dragonborn-DLCen til Skyrim tek òg stad på Solstheim, 200 år etter hendingane i Bloodmoon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]