The Elder Scrolls V: Skyrim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Elder Scrolls V: Skyrim
The Elder Scrolls V - Skyrim logo.png
Utviklar(ar)Bethesda Game Studios
Utgjevar(ar)Bethesda Softworks
Design(ar)Bruce Nesmith, Kurt Kuhlmann
Forfattar(ar)Emil Pagliarulo
Kunstnar(ar)Matthew Carofano
Komponist(ar)Jeremy Soule
Serie'The Elder Scrolls'
Plattform(er)Microsoft Windows, PlayStation 3 og 4, Xbox 360 og one
Utgjeve11. november 2011
SjangerFantasy Action RPG
SpelemodusEnkeltspelar
MotorCreation Engine med Havok fysikk
Aldersgrense18+

The Elder Scrolls V: Skyrim er eit actionrollespel utvikla av Bethesda Game Studios og utgjeve av Bethesda Softworks, den 11. november 2011 til Microsoft Windows, PlayStation 3 og Xbox 360. Det er det femte hovudspelet i videospelserien The Elder Scrolls. Det finst tre tilleggspakkar eller DLCar til spelet; Dawnguard, Hearthfire, og Dragonborn. Den 4. juni 2013 kom det ei utgåve av spelet med alle tilleggspakkane på, The Elder Scrolls V: Skyrim Legendary Edition.

Skyrim si hovudsoge handlar om korleis hovudkarakteren Dovahkiin skal overvinna Alduin the world-eater, ein drake som er spådd til å øydeleggja verda. Spelet er sett to hundre år etter hendingane i forgjengaren Oblivion, og finn stad i den fiktive provinsen Skyrim. Spelaren kan fullføra oppdrag og utvikla karakteren sin ved å betra karakteren sine ferdigheiter. I motsetning til tidligare Elder Scrolls-spel, krev ikkje Skyrim at spelaren må velja eit teikn/klasse for karakteren sin i byrjinga av spelet, som fjernar problemet tidlegare spel har hatt ved å tvinga spelaren til å velja ein spesiell type karakter for tidleg i spelet. Skyrim fortsett med open-world-modus slik som forgjengarane, som gjer at spelaren kan fara til kva som helst del av verda til ei kvar tid. Spelaren kan òg ignorera eller utsetja hovudsoga i spelet så lenge ein ynskjer.

Spelet vart utvikla ved hjelp av Creation Engine, ein spelemotor bygd spesielt for spelet. Skyrim er ikkje ein direkte oppfølgjar til tidlegare Elder Scrolls-spill, men medan utviklinga gjekk for seg vart det sett på som ein spirituell oppfylgjar til Oblivion og Fallout 3. Skyrim fekk god kritikk og tilbakemelding, der spesielt karakterutviklingssystemet fekk ros i forhold til tidlegare Elder Scrolls-spel. Det vart òg sett på som eit av dei beste spela gjennom tidene. Kritikk vart mellom anna retta mot spelet sitt robot-aktige combat-system. Skyrim selde over 7 million eksemplar den fyrste veka etter utgivinga, og selde over 20 million eksemplar på tvers av alle tre plattformene.

Cosplay av Aela the Huntress, ein karakter frå «The Companions»-questlinen, som visar typisk våpen og rustning for spelet.

Stemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Daniel Riordan som Alduin
  • Christopher Plummer som Arngeir
  • Joan Allen som Delphine
  • Max von Sydow som Esbern
  • Paul Eiding som Felldir the Old
  • Paul Ganus som Hakon One-Eye
  • Michael Hogan som General Tullius
  • Lynda Carter som Gormlaith Golden-Hilt
  • Claudia Christian som Legate Rikke
  • Charles Dennis som Odahviing
  • Charles Martinet som Paarthurnax
  • Vladimir Kulich som Ulfric Stormcloak
  • Michael Gough som Heimskr

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]