The End av The Doors

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The End
Song av The Doors
frå albumet The Doors
Utgjeve 4. januar 1967[1]
Innspelt August 1966
Sjanger
Lengd 11:41
Selskap Elektra
Komponist Jim Morrison
Tekstforfattar Ray Manzarek
Låtskrivar(ar)
Produsent

«The End» er ein song av The Doors. Han vart opphavleg skriven av Jim Morrison som ein song om brotet med kjærasten Mary Werbelow[6]. Songen vart utvikla i løpet av månadane dei spelte han på Whisky a Go Go i Los Angeles til den nesten 12 minuttar lange versjonen på debutalbumet deira. Bandet spelte ofte songen som siste song på konsertane sine. Han vart først gjeven ut i januar 1967. Songen vart spelt inn live i studio utan ekstra lydspor i etterkant.[7]

«The End» vart rangert på 336. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Gitarsoloen i songen vart rangert som den 93. beste av Guitar World.[8]

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Robby Krieger spelar ei smygande gitarlinje som ein bordun i D, som minnar om indisk raga-basert musikk. I tillegg minnar den rullande og dramatiske avslutninga til John Densmore på trommer om indiske tabla-rytmar. Musikken som heilskap høyrest derimot ikkje særleg «indisk» ut.

Strukturmessig har songen tre forskjellige små klimaks med langsamare parti med delvis talt, delvis sungen tekst, før det heile byggjer seg opp til eit enormt psykedelisk klimaks etter at Jim Morrison syng «meet me at the back of the blue bus»-verset.

Teksten[endre | endre wikiteksten]

I 1969 sa Morrison

«Kvar gong eg høyrer songen betyr det noko anna for meg. Det starta som ein enkel farvelsong, truleg berre til ei jente, men eg ser no korleis det kan vere eit farvel til ein slags barndom. Eg veit verkeleg ikkje. Eg trur han er kompleks nok og universal i biletbruken til at han kan vere om nær sagt alt du måtte ønske han skulle vere om.»

Kort tid etter halvvegs ut i songen, går songen brått over i ein seksjon med dei talte orda: «The killer awoke before dawn...» Denne seksjonen av songen når eit dramatisk klimaks med linjene «Father/ Yes son?/ I want to kill you/ Mother, I want to... (fuck you)», der dei siste to orda vert skrike ut så det ikkje er mogeleg å høyre kva som vert sagt. Dette vert ofte rekna å vere ein referanse til ødipuskompleks. Ray Manzarek, keyboardisten i bandet, forklarte:

Han gjer ei stemme til ødipuskomplekset i ein rock 'n' roll-setting, på ei stund då freudsk psykologi vart mykje diskutert. Ha sa ikkje at han ønskte å gjere dette til mora og faren. Han spelte ei rolle frå gresk drama. Det var teater!

Produsent Paul Rothchild sa i eit intervju at han trudde songen var ei indre reise, og at «å drepe faren» tydde å øydelegge alt som var hierarkisk, kontrollerande og restriktivt i psyken sin, medan «fuck the mother» tydde å omfamne alt som var ekspansivt, flytande og levande i psyken.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bruk i film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Apocalypse Now[endre | endre wikiteksten]

«The End» vart nytta i Francis Ford Coppola-filmen Apokalypse nå frå 1979, både i opninga og i scenen der Kurtz vert drepen.[9]

Desse filmklippa har sidan ført til at songen er nytta eller vert referert til i mange satiriske episodar andre stader, mellom anna i The Simpsons, Saturday Night Live , Toonami, The Dennis Miller Show, The Venture Bros., Animaniacs. Andre stader der songen er nytta er filmane Who's That Knocking at My Door (1968), The Doors (1991), Supernatural og Lost.

Alternative versjonar[endre | endre wikiteksten]

1967-utgåva av songen er ned mest kjende, men det finst fleire andre versjonar av songen, spelte inn av The Doors.

Ein litt kortare versjon, stundom feilaktig omtalt som «singelutgåva» vart gjeven ut på Greatest Hits-albumet. Denne er om lag halvparten så lang som originalen.

Versjonen nytta i Apocalypse Now er forskjellig frå 1967-utgåva, og er ein ny miks laga spesielt for filmen. Denne versjonen legg vekt på avslutninga av songen, og særleg scat-synginga til Morrison, der han gjentek «fuck» fleire gonger.

Ein ny 5.1-miks vart gjeven ut på plateboksen Perceptioni 2006. Den nye miksen har fleire lyddetaljar enn den originale miksen frå 1967.

I versjonen spelt inn i Madison Square Garden kan ein tydeleg høyre den kontroversielle teksten «Mother, I want to fuck you», i staden for skrikinga. .

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Album Details». Arkivert frå originalen 7. september 2015. Henta 23. juli 2019. 
  2. Milligan, Barry (1992). Pleasures and Pains. Charlottesville, Virginia: University of Virginia Press. s. 123. ISBN 0-81393468-0. ISBN 978-0-813-93468-6. 
  3. Borgzinner, Jon (18. august 1967). «How a shy pandit became a pop hero (p. 36)». Vol. 63, No. 7. LIFE (New York City: Time Inc.). ISSN 0024-3019. Henta 23. juli 2019. 
  4. Pipes, Rusty (January 2002). «Cosmik Debris Magazine Presents: Part 4 of The Golden Age Of Art Rock». Arkivert frå originalen 11. mars 2016. Henta 23. juli 2019. 
  5. Gaar, Gillian G. (2015). The Doors. The Illustrated History. Minneapolis: Voyageur Press. s. 92. ISBN 1-62788705-9. ISBN 978-1-627-88705-2. 
  6. Robert Farley (September 25, 2005). «Doors: Mary and Jim to the end». St. Petersburg Times. Arkivert frå originalen 26. august 2012. Henta 17. mars 2011. 
  7. Classic Albums: The Doors. Classic Albums. 
  8. [1]
  9. «SparkNotes: Apocalypse Now: Score and Soundtrack». www.sparknotes.com. Henta 17. mars 2011.