The End of the World av Skeeter Davis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The End of the World
Singel av Skeeter Davis
frå albumet Skeeter Davis Sings The End of the World
B-side «Somebody Loves You», «Blueberry Hill»
Utgjeve 1962
Innspelt 1962
Sjanger Pop
Lengd 2:33
Selskap RCA
Låtskrivar(ar) Arthur Kent, Sylvia Dee
Produsent Chet Atkins
Skeeter Davis-kronologi
«The Little Music Box»
(1962)
The End of the World «I'm Saving My Love»
(1963)


«The End of the World» er ein popsong spelt inn av Skeeter Davis til stor internasjonal suksess i 1960-åra.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«The End of the World» vart skriven av Arthur Kent og Sylvia Dee. Dee skreiv songen i sorg over faren som var død.

Davis spelte inn versjonen sin den 8. juni 1962 i RCA Studios i Nashville, produsert av Chet Atkins og med Floyd Cramer.[1] Han vart gjeven ut på RCA Records i desember 1962 og nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i mars 1963, andreplassen på Billboard country-lista,[2] toppen av easy listening-lista og fjerdeplassen på Billboard's rhythm and blues-liste.[3] Det er den første og einaste singelen som har nådd topp 10 på alle dei fire Billboard-listene. Billboard rangerte songen på tredjeplassen for heile 1963.[4]

Davis-innspelinga av «The End of the World» vart spelt i gravferda til Atkins i ein instrumental versjon av Marty Stuart, og i Davis si eiga gravferd i Ryman Auditorium.

Davis versjonen finst i filmane Girl, Interrupted, Riding In Cars With Boys, Daltry Calhoun, An American Affair, The Boat That Rocked, episoden «The Grown-Ups» i Mad Men,[5] episoden «Blue on Blue» i Under the Dome, og som kjenningsmelodi til fjernsynsserien Granite Flats.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Chart (1963) Plassering
Australian Kent Music Report 32
U.K. Singles Chart[6] 18
U.S. Billboard Hot Country Singlar 2
U.S. Billboard Hot 100 2
U.S. Billboard Hot Black Singlar 4
U.S. Billboard Easy Listening 1[7]

The Carpenters-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The End of the World
Singel av The Carpenters
frå albumet Live in Japan
B-side «Sing» (live med Kyoto barnekor)
Utgjeve 5. mars 1975
Innspelt 4.-9. juni 1975
Sjanger Country
Lengd 2:04
Selskap A&M/King Records, Universal
Låtskrivar(ar) Arthur Kent, Sylvia Dee
Produsent Richard Carpenter
The Carpenters-kronologi
«Only Yesterday»
(1975)
The End of the World «Solitaire»
(1976)


I 1975 gav den amerikanske popduoen Carpenters ut ein versjon av «The End of the World» som singel frå konsertalbumet Live in Japan. Han vart spelt inn i Festival Hall i Osaka i Japan. Carpenters spelte òg inn songen som ein del av ein medley på albumet Now & Then.

Sonia-versjonen[endre | endre wikiteksten]

End of the World
Singel av Sonia
frå albumet Everybody Knows
B-side «Can't Help The Way That I Feel»
Utgjeve 25. august 1990
Innspelt 1990
Sjanger Pop
Lengd 3:36
Selskap Chrysalis
Låtskrivar(ar) Arthur Kent, Sylvia Dee
Produsent Stock, Aitken & Waterman
Sonia-kronologi
«You've Got a Friend»
(1990)
End of the World «Only Fools (Never Fall in Love)»
(1991)


I 1990 gav den britiske songaren Sonia ut «End of the World». Det var den femte og siste singelen hennar frå debutalbumet Everybody Knows. Singelen nådde 18. plassen på singellista i Storbritannia,[8] den same plasseringa som originale.[6]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1990) Plassering
UK Singles Chart 18
Irish Singles Chart 18

Andre vesjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein versjon av Mike Wallace & the Caretakers nådde andreplassen i Sverige i september 1966. Songen er òg spelt inn av mange andre artistar, som Jessica Andersson, Anika, Eddy Arnold, Chie Ayado, Best Coast, Debby Boone, Brilliant, Carola (på finsk som «Maailmain»), The Carpenters, Rivers Cuomo, Bobby Darin, Lana Del Rey, Barbara Dickson, Dion, Mary Duff, Allison Durbin, Judith Durham, Exposé, Agnetha Fältskog, Rosie Flores, Emi Fujita, Girls, Nina Gordon, Herman's Hermits, Grethe & Jørgen Ingmann, Satoko Ishimine, Joni James, Brenda Lee, Lobo, Julie London, Claudine Longet, Loretta Lynn, Al Martino, Johnny Mathis, Anne Mattila (på finsk «Maailmain»), Imelda May, Maywood, John Cougar Mellencamp, Anita Meyer, the Mills Brothers, Ronnie Milsap, Dorothy Moore, Mud, Anne Murray, Leigh Nash, Nomeansno, Patti Page, Helen Shapiro, Anne Shelton, Vonda Shepard, Nancy Sinatra, Sonia, The Tokens, Twiggy, Twinkle, The Vanguards, Bobby Vinton, Jeff Walker, Dottie West, Lena Zavaroni og Susan Boyle.

Ein versjon av Allison Paige nådde 72. plassen på Billboard Hot Country Singles & Tracks-lista i mai 2000.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gilliland, John (1969). «Show 10 - Tennessee Firebird: American country music before and after Elvis. [Part 2]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu. 
  2. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 180. 
  3. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 147. 
  4. Bllboard Year-End Hot 100 singles of 1963
  5. Levinson, Paul (2009-11-02). «Mad Men 3.12: The End of the World». InfiniteRegress.tv. Henta 2009-11-02. 
  6. 6,0 6,1 Skeeter Davis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 1. mars 2012.
  7. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 73. 
  8. Sonia UK chart history, The Official Charts Company. Henta 1. mars 2012.
  9. Bronson, Fred (13. mai 2000). «Country Is Mr. Rogers' Neighborhood». Billboard. Henta 11. mars 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]