The Entertainer av Billy Joel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Entertainer
Singel av Billy Joel
frå albumet Streetlife Serenade
B-side

«The Mexican Connection»

Språk engelsk
Utgjeve November 1974
Innspelt A & R Recording, Inc., New York City
Sjanger Softrock, folkrock
Lengd 3:41
Selskap Columbia
Komponist Billy Joel
Tekstforfattar Billy Joel
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Michael Stewart
Billy Joel-kronologi 
«Travelin' Prayer"
(1974)
The Entertainer «Just the Way You Are»
(1977)


«The Entertainer» er ein song av songaren Billy Joel gjeven ut som den einaste singelen hans frå albumet Streetlife Serenade i 1974. Singelen nådde 34. plassen på den amerikanske singellista.[1]

Songen er ein kynisk og noko satirisk syn på den flyktige populariteten til ein musikar og korleis musikksmaken i tida endrar seg («Today I am your champion. / I may have won your hearts. / But I know the game. / You'll forget my name. / And I won't be here / in another year / if I don't stay on the charts.»). Dette temaet dukka opp att seinare i songen «It's Still Rock and Roll to Me». Eit anna vers i songen refererer til at ein tidlegare singel av Joel, «Piano Man», vart korta ned frå nesten seks minuttar til litt over tre minuttar for å passe radioformatet betre. I teksten syng han: «It was a beautiful song, / but it ran too long. / If you're gonna have a hit, you gotta make it fit. / So they cut it down to 3:05.» I tillegg var tida på etiketten til 7"-plata med «The Entertainer» 3:05, sjølv om lengda i røynda var 3:11 (og på albumet 3:41). På singelversjonen er det tredje verset klippa bort.

På somme singelutgåver av «The Entertainer» var B-sida «The Mexican Connection».

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1975) Plassering
Australia 89
Canada[2] 30
U.S. Billboard Hot 100 34
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 30

Kjelder[endre | endre wikiteksten]