The Final Frontier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Final Frontier
Studioalbum av Iron Maiden
Språk engelsk
Utgjeve 13. august 2010
Innspelt 11. januar – 12. februar 2010[1]

Compass Point Studios (Nassau på Bahamas)
17. februar – 1. mars 2010[1]
The Cave Studios (Malibu i California)

Sjanger Heavy metal
Lengd 76:34[2]
Selskap EMI

UME, Sony (United States)

Produsent Kevin Shirley, Steve Harris
Iron Maiden-kronologi 
A Matter of Life and Death
(2006)
The Final Frontier The Book of Souls
(2015)
Singlar frå The Final Frontier
  1. «El Dorado»
    Utgjeve: 1. september 2016

The Final Frontier er det femtande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut 13. august 2010 i Tyskland,[3] Austerrike og Finland,[4] 17. august i Nord-Amerika,[5][6] 18. august i Japan,[7] og 16. august elles i verda.[8] Med ei lengd på over 76 minutt er dette det nest lengste albumet deira til no,[9] berre forbigått av The Book of Souls i 2015. Melvyn Grant, som lenge hadde samarbeidd med bandet, laga plateomslaget.[10]

Albumet fekk stort sett god kritikk og gjekk til toppen av salslistene i 28 land, mellom anna i Storbritannia, der albumet vart det fjerde for bandet som nådde toppen av UK Albums Chart etterThe Number of the Beast i 1982, Seventh Son of a Seventh Son i 1988 og Fear of the Dark i 1992. I tillegg nådde The Final Frontier fjerdeplassen i USA, den høgaste plasseringa deira på Billboard 200. Bandet vann òg Grammyprisen for beste metal-song med «El Dorado».

EMI gav ut albumet i det meste av verda, medan det i USA kom ut på Universal Music Enterprises og Sony Music Entertainment.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Den 22. april 2009 under eit intervju i samband med Iron Maiden: Flight 666, sa trommeslagaren Nicko McBrain at Iron Maiden hadde bestilt studiotid for tidleg i 2010.[11] Den 8. juni vart plateomslaget, utgjevingsdato og innhaldet avdekt, og songen «El Dorado» vart sleppt gratis på nettet for nedlasting.[10] Albumet kom ut på vanleg CD, ein iTunes LP, digital nedlasting, ei vinylplate og ein avgrensa «Mission Edition», med intervju og eit videospel kalla Mission II: Rescue & Revenge.[12]

Iron Maiden framfører «El Dorado» under The Final Frontier World Tour. Songen vart sleppt gratis på nettet i juni 2010.

Den nordamerikanske delen av turneen etter albumet starta i Dallas i Texas den 9. juni 2010,[8] og den europeiske delen av turneen byrja i Dublin den 30. juli.[13] Desse konsertane var før albumet kom ut og «El Dorado» var den einaste nye songen som vart spelt i 2010.[10] Albumturneen fortsette i Moskva 11. februar 2011 og bande vitja Søraust-Asia, Australia,[14] Sør-Amerika og Florida,[15] i tillegg til Europa. Etter turneen gav bandet ut konsertalbumet og videoen En Vivo!, som kom ut i mars 2012.[16]

Før utgjevinga sa bassisten og grunnleggjaren av bandet Steve Harris at han såg for seg at bandet kom til å gje ut i alt 15 studioalbum.[17] Tittelen, som deler namn med turneen og opningssongen, sette fart i rykta om at The Final Frontier kom til å bli det siste albumet til Iron Maiden,[18] men bandet innrømde seinare at dei håpte på å gje ut meir musikk seinare.[19]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Den 2. november 2009 stadfesta Janick Gers for BBC News at bandet alt hadde skrive nye songar og skulle til Paris i Frankrike for å skrive og øve inn songane til det nye albumet.[20] I følgje Dickinson hadde «me truleg ikkje hatt så lite førebudd som denne gongen, som er bisarr fordi det er det lengste og mest kompliserte albumet me har gjort.»[21] Etter ein pause over jul, fortsette bandet i januar i Compass Point Studios i Nassau på Bahamas, med Kevin Shirley som produsent.[20] Dette var første gongen bandet spelte inn musikk på Bahamas sidan 1980-åra og Dickinson sa:

«Studioet hadde den same kjensla og var nøyaktig slik det hadde vore i 1983, ingenting var endra! Til og med den øydelagde skodda ved vindauget i hjørnet...same teppet...alt... det var ganske skummelt. Men me slappa av i slike velkjende miljø og eg trur det syner seg att i spelinga og atmosfæren på albumet.»[10]

Etter ein månad i Nassau, vart produksjonen flytta til Malibu i California, der songane vart miksa og ytterlegare vokal vart spelt inn.[1] Den 6. april fortalte Shirley til Blabbermouth.net at han var ferdig med å mikse albumet,[22] og sa 6. mai «Bruce Dickinson kom inn eit par dagar og song alle partia sine før han flydde vidare og Steve Harris vart verande att for å gjere ferdig albumet med meg. Han er ganske praktisk slik. Adrian Smith [gitar] kom inn av og til for å høyre på ting, og som i alle band, har ikkje alle det same sluttresultatet i tankane, men me kom fram til slutt.»[23]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Albumet er det fjerde der Steve Harris har vore med å skrive alle songane, sjølv om han berre skreiv den siste songen, «When the Wild Wind Blows», heilt aleine. Adrian Smith forklarte at i nyare år har Harris «blitt meir og meir tekstskrivaren vår og skriv melodiar og arrangerer» til dei andre sine songar og «kjem kanskje berre med ein song eller to sjølv».[24]

«El Dorado» vart gjeven ut for gratis nedlasting på den offisielle nettsida til bandet den 8. juni og vann Grammyprisen for beste metalsong i 2011.[25] I følgje Smith vart teksten på songen skriven av Dickinson og handla om finanskrisa som byrja i 2007.[26]

Den første og einaste musikkvideoen frå albumet, som inneheldt siste halvdel av «Satellite 15... The Final Frontier», vart filma i Rendlesham Forest, søraust i England, og kom ut 13. juli.[27] Sjølv om albumet ikkje har offisielle singar, vert både «El Dorado» og den andre deleln av «Satellite 15... The Final Frontier» (i lag med musikkvideoen) gjevne ut som radiopromoar før albumet kom ut. «Coming Home» vart òg gjeven ut som radiosingel den 27. oktober med ein alternativ «radio edit»-versjon av songen.[28]

Sjølv om «El Dorado» var den einaste nye songen som vart spelt på konsertane deira i 2010, vart «Satellite 15... The Final Frontier,» «The Talisman,» «Coming Home» og «When The Wild Wind Blows» spelte i 2011.[29] «El Dorado», «Coming Home» and «When the Wild Wind Blows» vart seinare gjevne ut på samleplata From Fear to Eternity.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic71/100[30]
Karakter
KjeldeKarakter
About.com4.5/5 stars[9]
AllMusic3.5/5 stars[31]
Blabbermouth.net9.0/10[32]
BW&BK9.5/10[33]
Classic Rock9/10[34]
The Guardian3/5 stars[35]
Kerrang!4/5[36]
Metal Hammer8/10[37]
Rolling Stone3/5 stars[38]
Rock Sound8/10[39]

The Final Frontier fekk generelt god kritikk og har ein samla score på 71 på nettsida Metacritic.[30] Classic Rock skreiv at det var «tett i tett med lag og betydeleg,» i tillegg til at det har «ein vakker gang og særs komplekst» og «eit friskt forsøk på ein stil som har stått gått i løpet av tre tiår med forskjellige motar.»[34] Kerrang! kalla det «ei plate som framleis vil koke om eit tiårs tid»[36] og MusicRadar skreiv at «Iron Maiden har skapt eit verk full av hypnotisk spaning, ukonvensjonell struktur og svimlande visjonar...gruppa har lukkast meir enn dei villauste draumane deira.»[40] Brave Words & Bloody Knuckles kalla det «eit spanande og særs tilfredsstillande glimt av ei ny framti for folkets metalband,»[41] medan BBC hylla albumet som «ein merkverdig bragd,» og roste bandet for «ingen kompromiss, berre kompleksitet og utfordringar og fleire glimrande augneblink enn kanskje nokon trudde dei framleis hadde i seg.»[42]

Mange kritikarar, som Metal Hammer, meinte det var «eit krevjande album, men eit som dei fleste Maiden-tilhengjarane kjem til elske.»[43] The Quietus sreiv at «The Final Frontier tar tid, det krev innsats, men er overvelande glimrande. Dei har ikkje vald å tilby det enkle valet - det hadde blitt keisamt for oss, og ikkje minst for dei.»[44] PopMatters rekna albumet «på mange måtar det mest ambisiøse albumet Iron Maiden nokon gong har laga, eit 76 minuttar langt opus.»[45]

AllMusic skreiv at «The Final Frontier bringer framleis Iron Maiden nærmare den estetiske arva og triumfen dei kom med i 2000 enn dei to føregangarane» og meinte det var det beste albumet sidan 2000.[31]

The Guardian var meir kritiske overfor albumet og sa «med fire songar aleine på til saman over 40 minutt, er The Final Frontier heller ei eksperimentøving enn gammaldags uthald, og den rolege-intro-bombastisk-refreng-dynamikken byrja å slite litt.»[35] Drowned in Sound var samd og skreiv «standarden fell raskt etter [«The Alchemist»], og stig ikkje ein halvtime,» men skreiv at avslutningssongen, «den episke 11 minuttar lange 'When the Wild Wind Blows' syner det same solid handverk som dei fire songane før, men legg til ei kjenslemessig djupne som dei andre manglar.»[46]

Albumet vart rangert på høvesvis førsteplassen,[47] tredjeplassen,[48] og sjuandeplassen[49] på listene til Metal Hammer, Kerrang! og Revolver over dei beste albuma i 2010.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Satellite 15... The Final Frontier»Adrian Smith, Steve Harris8:40
2.«El Dorado»Smith, Harris, Bruce Dickinson6:49
3.«Mother of Mercy»Smith, Harris5:20
4.«Coming Home»Smith, Harris, Dickinson5:52
5.«The Alchemist»Janick Gers, Harris, Dickinson4:29
6.«Isle of Avalon»Smith, Harris9:06
7.«Starblind»Smith, Harris, Dickinson7:48
8.«The Talisman»Gers, Harris9:03
9.«The Man Who Would Be King»Dave Murray, Harris8:28
10.«When the Wild Wind Blows»Harris10:59
Total lengd:76:34

Bonusinnhald med Mission Edition[endre | endre wikiteksten]

  • «The Final Frontier» -musikkvideo
  • Bandintervju med Sam Dunn og Scot McFadyen
  • Spelet Mission II: Rescue & Revenge
  • Skjermbakgrunnar og bilete

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget[2] og AllMusic.[50]

Iron Maiden
Teknisk personell

Lister[endre | endre wikiteksten]

Albumet nådde toppen av salslistene i 28 land verda over.[51] Det var det første Iron Maiden-albumet som gjekk til topps på den britiske albumlista sidan Fear of the Dark i 1992,[52] etter at det selde 44 385 eksemplar den første veka.[53] I tillegg debuterte The Final Frontier på fjerdeplassen på Billboard 200 i USA med 63 000 selde plater, den høgaste plasseringa bandet har klart å få i USA.[54]

Mot slutten av den første veka hadde albumet selt over 800 000 eksemplar verda over.[55]

Debutplassering Land
1 Austerrike;[56] Brasil;[57] Bulgaria;[57] Canada;[58] Chile;[57] Colombia;[59] Kroatia;[60] Tsjekkia;[61] Danmark;[62] Estland;[63] Finland;[64] Frankrike;[65] Tyskland;[66] Hellas;[67] Ungarn;[68] Island;[69] India;[70] Italia;[71] Mexico;[72] New Zealand;[73] Noreg;[74] Portugal;[75] Russland;[76] Saudi Arabia;[57] Spania;[77] Sverige;[78] Sveits;[79] Storbritnania[80]
2 Australia;[81] Nederland[82]
3 Irland;[83] Polen;[84] Tyrkia[57]
4 Belgia (Vallonia);[85][Merk 1][86] USA[87]
5 Japan;[7] Singapore[57]
6 Belgia (Flandern)[88][Merk 1][89]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Steig sidan til andreplassen

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Brasil (ABPD) Platina[90] 45 000
Canada (Music Canada) Gull[91] 40 000
Colombia (ASINCOL) Gull[92] 5 000
Finland (Musiikkituottajat – IFPI Finland) Platina[93] 20 000
Frankrike (SNEP) Gull[94] 50 000
Tyskland (BVMI) Gull[95] 100 000
Italia (FIMI) Gull[96] 30 000
Noreg (IFPI) Gull 15 000
Polen (ZPAV) Gull[97] 10 000
Russland (NFPF) Gull[98] 10 000
Sverige (IFPI) Gull[93] 20 000
Sveits (IFPI) Gull[99] 15 000
Storbritannia (BPI) Gull[100] 100 000

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Kevin Shirley's recording diary- The Final Frontier». ironmaiden.com. Arkivert frå originalen 16. september 2010. Henta 9 February 2012. 
  2. 2,0 2,1 The Final Frontier. Iron Maiden. EMI. 1. september 2016. 
  3. «Iron Maiden – Live @ Wacken 2010 – Blood Brothers – HD». YouTube. 7 August 2010. Henta 5. september 2016. 
  4. «Maidenin uusi levy myi kultaa ennen julkaisua». Iltalehti (på finsk). 12 August 2010. Henta 20 August 2010. 
  5. «Iron Maiden's The Final Frontier Tops UK, Finnish Charts». Blabbermouth.net. 22 August 2010. Henta 22 August 2010. 
  6. «Twitter message». Twitter. IronMaidenFC. 6 August 2010. Henta 22 August 2010. 
  7. 7,0 7,1 «メガデス-Oricon Style ミュージック» (på japansk). Oricon. Henta 1. september 2016. 
  8. 8,0 8,1 «Iron Maiden Announces The Final Frontier Nord-Amerikan Tour With Dream Theater». Blabbermouth.net. 4 March 2010. Henta 5. september 2016. 
  9. 9,0 9,1 Bowar, Chad. «Iron Maiden – The Final Frontier Review». About.com. Henta 1. september 2016. 
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 «Iron Maiden: New Album Details Revealed». Blabbermouth.net. 7. juni 2010. Henta 5. september 2016. 
  11. «Nicko: Maiden have booked studio time». Rock Radio. 5. september 2016. Arkivert frå originalen 23. juli 2011. Henta 5. september 2016. 
  12. «Iron Maiden's 'The Final Frontier' Video Released». Blabbermouth.net. 13. juli 2010. Henta 5. september 2016. 
  13. «Iron Maiden To Play Dublin With Heaven & Hell». Blabbermouth.net. 9 April 2010. Henta 5. september 2016. 
  14. «Iron Maiden To Headline Australia's Soundwave Festival». Blabbermouth.net. 5. september 2016. Henta 5. september 2016. 
  15. «Iron Maiden: Around The World In 66 Days». Blabbermouth.net. 2. november 2010. Henta 5. september 2016. 
  16. «Iron Maiden To Release 'En Vivo!' Concert Blu-Ray, Two-DVD Set And Double Soundtrack Album». Blabbermouth.net. 17. januar 2012. Henta 17. januar 2012. 
  17. «Iron maiden cancel plans to quit». Daily Star. 17 March 2009. Arkivert frå originalen 30. september 2012. Henta 5. september 2016. «We've always said we're only going to do 15 albums; we're coming up to it. There's going to be an ending point.» 
  18. Rose, Rustyn (17 April 2011). «Was Iron Maiden’s Final Frontier Their Final Album?». Metalholic. Arkivert frå originalen 29. oktober 2013. Henta 26 February 2012. 
  19. Bezer, Terry (10 August 2010). «Iron Maiden’s Nicko McBrain: «It Ain’t Gonna Be The Last Record. Not As Far As I'm Concerned»». Metal Hammer. Arkivert frå originalen 29. oktober 2013. Henta 5. september 2016. 
  20. 20,0 20,1 «Rolling Stone Wood wins rock gong». BBC Online. 3. november 2009. Henta 5. september 2016. 
  21. Lawson, Dom (1. september 2010). «Steve Harris: 'It would be sad if we don't make another album'». Classic Rock (149): 50–52. 
  22. «Producer Kevin Shirley Completes Mixing New Iron Maiden Album». Blabbermouth.net. 6. april 2010. Henta 5. september 2016. [daud lenkje]
  23. «Producer Kevin Shirley: 'Iron Maiden Are The Best Band In The World To Work For'». Blabbermouth.net. 6. mai 2010. Henta 6. mai 2010. [daud lenkje]
  24. McIver, Joel (1 December 2010). «Iron Maiden: Adrian Smith». Total Guitar (208): 40–42. 
  25. «53rd Grammy Awards Winners». Grammy Awards. 13 February 2011. Henta 5. september 2016. 
  26. Simms, Kelley (26. juli 2010). «Iron Maiden – Adrian Smith (gitar)». SMNNews. Henta 22. januar 2013. [daud lenkje]
  27. Dome, Malcolm (13. juli 2010). «Iron Maiden Post New Video». Classic Rock. Arkivert frå originalen 5. mars 2014. Henta 5. september 2016. 
  28. «Iron Maiden Announce New Radio Single; 'Coming Home'». Brave Words and Bloody Knuckles. 27 October 2010. Henta 5. september 2016. 
  29. «Iron Maiden Kicks Off 2011 Leg Of 'The Final Frontier World Tour'; Setlist, Photos Available». Blabbermouth.net. 11 February 2011. Henta 5. september 2016. 
  30. 30,0 30,1 «The Final Frontier Reviews, Ratings, Credits, and More». Metacritic. CBS Interactive. Henta 5. september 2016. 
  31. 31,0 31,1 Rivadavia, Eduardo (17 August 2010). «Iron Maiden - The Final Frontier». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 17 August 2010. 
  32. «Iron Maiden – The Final Frontier». Blabbermouth.net. 25 August 2010. Henta 5. september 2016. 
  33. Lawson, Dom (20 August 2010). «Iron Maiden: The Final Frontier». Brave Words & Bloody Knuckles. Henta 5. september 2016. 
  34. 34,0 34,1 Lawson, Dom (21. juli 2010). «Iron Maiden: The Final Frontier». Classic Rock (148). 
  35. 35,0 35,1 Thomson, Jamie (20 August 2010). «Iron Maiden: The Final Frontier». The Guardian. Henta 5. september 2016. 
  36. 36,0 36,1 «Iron Maiden: The Final Frontier review». Kerrang!. 1 August 2010. Arkivert frå originalen 4. oktober 2010. Henta 1 August 2010. 
  37. McIver, Joel (July 2010). «Iron Maiden: The Final Frontier». Metal Hammer (208): 84–85. 
  38. Keyes, J. Edward (1. september 2016). «Iron Maiden – The Final Frontier, Universal Music Enterprises». Rolling Stone. Henta 25. september 2012. 
  39. Horsley, Jonathan (5. september 2016). «Iron Maiden – The Final Frontier». Rock Sound. Henta 5. september 2016. 
  40. Bosso, Joe (22. juli 2010). «Iron Maiden: The Final Frontier review track-by-track». MusicRadar. Arkivert frå originalen 15. september 2016. Henta 5. september 2016. 
  41. «Iron Maiden – The Final Frontier Song Credits Revealed». Brave Words & Bloody Knuckles. 10. juli 2010. Henta 12. juli 2010. 
  42. Moffitt, Greg (5. september 2016). «Iron Maiden The Final Frontier Review». BBC Online. Henta 5. september 2016. 
  43. Bezer, Terry (16. juli 2010). «Iron Maiden The Final Frontier Track-By-Track Preview». Metal Hammer. Arkivert frå originalen 22. juli 2013. Henta 5. september 2016. 
  44. Hampton, Tony (11 August 2010). «Iron Maiden - The Final Frontier». The Quietus. Henta 11 August 2010. 
  45. Begrand, Adrien (22 August 2010). «Iron Maiden – The Final Frontier». PopMatters. Henta 5. september 2016. 
  46. Perry, Tom (31 August 2010). «Iron Maiden: The Final Frontier». Drowned in Sound. Arkivert frå originalen 2. desember 2011. Henta 5. september 2016. 
  47. «2010 Critic's Poll». Metal Hammer (213). Januar 2011.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  48. «Kerrang! 's Top 20 albums of 2010». Kerrang!. 21 December 2010. Henta 5. september 2016. 
  49. «The 20 Best Albums of ’10». Revolver (94). January 2011.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  50. «Iron Maiden - The Final Frontier: Credits». AllMusic. 17 August 2010. Henta 5. september 2016. 
  51. «Iron Maiden Announces Support Acts For UK Tour». Blabbermouth.net. 18 February 2011. Henta 20. november 2011. «went straight to No. 1 in the album charts in 28 countries worldwide.» 
  52. «Iron Maiden- UK Charts». Official Charts Company. Henta 1. september 2016. 
  53. Jones, Alan (5. september 2016). «Iron Maiden record fourth number one album». Music Week. Arkivert frå originalen 14. juli 2011. Henta 31 August 2010. 
  54. Caulfield, Keith (1. september 2016). «Eminem Won't Budge From No. 1 on Billboard 200, Lil Wayne Tops Digital Songs». Billboard. Henta 5. september 2016. 
  55. Pfanner, Eric (5. september 2010). «Die-Hard Fans Follow Iron Maiden Into the Digital Age». The New York Times. Henta 8. september 2010. 
  56. «Iron Maiden – The Final Frontier (Album)». Ö3 Austerrike Topp 40 (på tysk). Austriancharts.at. 24 August 2010. Henta 24 August 2010. 
  57. 57,0 57,1 57,2 57,3 57,4 57,5 «Iron Maiden's The Final Frontier Tops Charts In 21 Countries». Blabbermouth.net. 26 August 2010. Henta 5. september 2016. 
  58. «Canadian Albums Week of 4. september 2010». Billboard. 1. september 2016. Henta 1. september 2016. 
  59. «Iron Maiden, Disco de Oro en Colombia por sus fanáticos» (på Spanish). Estereofonica. 20 August 2010. Arkivert frå originalen 29. oktober 2013. Henta 5. september 2016. 
  60. «Top Stranth - Tjedan 33. 2010.» (på Croatian). HDU. 26 August 2010. Henta 5. september 2016. 
  61. Sexton, Paul (3. september 2010). «Iron Maiden Reign on Euro Charts». Billboard. Henta 11. november 2014. 
  62. «Danish albums Chart archive- Week 33 2010». Tracklisten. Henta 26 October 2011. 
  63. «R2 Eesti müügitabel, nädal 34/2010». Eesti Rahvusringhääling. 5. september 2010. Arkivert frå originalen 2. september 2010. Henta 5. september 2010. 
  64. «Tilastot Suomen virallinen lista - Albumit 33/2010» (på finsk). Musiikkituottajat – IFPI Finland. 20 August 2010. Henta 20 August 2010. 
  65. «Best: Iron Maiden dominates the French market». Charts in France.net. 1. september 2016. Henta 1. september 2016. 
  66. «German Album Charts: Iron Maiden At the Top!». Star-Nachrichten. 24 August 2010. Henta 24 August 2010. 
  67. «Top 50 Ξένων Aλμπουμ». IFPI Hellas. Arkivert frå originalen 15. september 2010. Henta 4. september 2010. 
  68. «Top 40 album». Association of Hungarian Record Companies. 1. september 2016. Henta 1. september 2016. 
  69. «Top 100 Artist Albums». IRMA. 3. september 2010. Arkivert frå originalen 15. oktober 2010. Henta 3. september 2010. 
  70. «Iron Maiden UK Tour Dates To Be Announced On Thursday?». Blabbermouth.net. 5. september 2016. Henta 5. september 2016. 
  71. «Iron Maiden - The Final Frontier». FIMI. ItalianCharts.com. Henta 11. november 2014. 
  72. «Iron Maiden - The Final Frontier». Asociación Mexicana de Productores de Fonogramas y Videogramas. Mexicancharts.com. Arkivert frå originalen 29. oktober 2013. Henta 26 October 2011. 
  73. «Album Top 40 23/08/2010». Recording Industry Association of New Zealand. charts.org.nz. 5. september 2016. Arkivert frå originalen 1. mai 2012. Henta 5. september 2016. 
  74. «Top 40 Albums Week 34, 2010». VG-Lista. 24 August 2010. Henta 26 August 2010. 
  75. «Top albums: Portuguese Phonographic Association». Associação Fonográfica Portuguesa. 1. september 2016. Arkivert frå originalen 6. oktober 2011. Henta 1. september 2016. 
  76. «Feed Muzchart Week 38 - 2010» (på russisk). Lenta.Ru. 1 October 2010. Henta 5. september 2016. 
  77. «Top 100 Albumes Semana 33: del 16.08.2010 al 22.08.2010» (PDF). Productores de Música de España. 1. september 2016. Arkivert frå originalen (PDF) 29. oktober 2013. Henta 1. september 2016. 
  78. «Sverigetopplistan - Albums Top 60 2010-08-20». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. 20 August 2010. Henta 20 August 2010. 
  79. «Swiss Charts – Albums Top 100». Hitparade. 1. september 2016. Henta 1. september 2016. 
  80. «Chart Archive 28 August 2010». Official Charts Company. 22 August 2010. Henta 22 August 2010. 
  81. «Iron Maiden – The Final Frontier (Album)». ARIA Charts. Australiancharts.com. 22 August 2010. Henta 22 August 2010. 
  82. «Dutch Album Top 100». MegaCharts. Dutchcharts.nl. 21 August 2010. Henta 5. september 2016. 
  83. «Top 100 Individual Artist Albums». Irish Recorded Music Association. allcharts.org. 22 August 2010. Arkivert frå originalen 28. august 2010. Henta 22 August 2010. 
  84. «Polish Album Archives- sales for the period 16.08.2010 – 22.08.2010». OLiS. Henta 26 October 2011. 
  85. «Albums 21/08/2010» (på fransk). Ultratop. 21 August 2010. Henta 15 April 2013. 
  86. «Albums 28/08/2010» (på fransk). Ultratop. 28 August 2010. Henta 31 August 2010. 
  87. «Billboard 200 - Week of 4 September 2010». Billboard. 1. september 2016. Henta 1. september 2016. 
  88. «Albums 21/08/2010» (på nederlandsk). Ultratop. 21 August 2010. Henta 31 August 2010. 
  89. «Albums 28/08/2010» (på nederlandsk). Ultratop. 28 August 2010. Henta 31 August 2010. 
  90. «Iron Maiden Certified Platina In Brazil». Brave Words & Bloody Knuckles. 29. juni 2011. Henta 27. juni 2011. 
  91. «Canadian album salstrofé – Iron Maiden – The Final Frontier». Music Canada. 
  92. «The great glories of rock are back: Iron Maiden manage gold in Colombia». La República (på spansk). Arkivert frå originalen 23. juli 2011. Henta 7. november 2010. 
  93. 93,0 93,1 «Iron Maidenin uutuus myi platinaa Suomessa – Viihdelehti». Stara.fi. 24 August 2010. Henta 4. september 2010. 
  94. «Salstrofé Albums Or – année 2010» (på French). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 22 March 2012. 
  95. «Bundesverband Musikindustrie: Gold-/Platin-Datenbank». Bundesverband Musikindustrie. Henta 5. september 2016. 
  96. «Certificazioni Artisti – Dalla settimana 1 del 2009 alla settimana 5 del 2011» (PDF) (på Italian). Federazione Industria Musicale Italiana. Arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2011. Henta 15 February 2011. 
  97. «Gold certification awards». Polish Society of the Phonographic Industry. Arkivert frå originalen 11. mai 2010. Henta 7. november 2010. 
  98. Музыка Бабурями по иконоСтасу (på russisk). Lenta.Ru. 16. november 2010. Henta 5. september 2016. 
  99. «Hitparade: Awards 2010». Hitparade. Henta 7. november 2010. 
  100. «BPI: Certified Awards Search». British Phonographic Industry. Arkivert frå originalen 10. juli 2017. Henta 5. september 2016. 


Føregangar
Leite etter lykka
Hellbillies
Toppen av VG-lista
Iron Maiden

3 veker, veke 34–36, 2010
Etterfylgjar
Melodi Grand Prix Junior 2010
Forskjellige artistar