The First Cut Is the Deepest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The First Cut Is the Deepest
Song av Cat Stevens
frå albumet New Masters
Utgjeve Desember 1967
Innspelt Oktober 1967
Sjanger Rock
Lengd 3:03
Selskap Deram, Decca
Komponist Cat Stevens
Tekstforfattar Cat Stevens
Låtskrivar(ar) Cat Stevens
Produsent Mike Hurst

«The First Cut Is the Deepest» er ein song frå 1967 skriven av Cat Stevens, opphavleg gjeven ut av P.P. Arnold i mai 1967. Stevens sin eigen versjon kom ut på albumet New Masters i desember 1967.

Songen er blitt mykje spelt av andre artistar og er blitt ein hitsingel for fem forskjellige artistar: P.P. Arnold (1967), Keith Hampshire (1973), Rod Stewart (1977), Papa Dee (1995) og Sheryl Crow (2003).

Cat Stevens-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Stevens spelte inn ein demo av «The First Cut Is the Deepest» i 1965, men håpte opphavleg på å bli låtskrivar for andre.[1] Han skreiv songen tidlegare for å marknadsføre songen til andre artistar, men spelte han ikkje inn sjølv før tidleg i oktober 1967 med gitaristen Big Jim Sullivan, og han kom ikkje ut før på det andre albumet hans, New Masters, i desember 1967. Han selde songen for 30 pund til P.P. Arnold, og han vart ein stor hit for ho,[2] og sidan ein internasjonal hit for Keith Hampshire, Rod Stewart og Sheryl Crow. Songen har gjeve Stevens fleire prisar mellom anna to frå ASCAP for «Årets låtskrivar» i 2005 og 2006.[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

P.P. Arnold-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Songaren P.P. Arnold fekk den første hitversjonen av songen, då ho nådde 18. plassen på UK Singles Chart[4] med versjonen sin i mai 1967. Arnold sin versjon har eit ganske kjapt tempo, sjelfull vokal med cembalo, horn og strykarar. Songen vart nytta i filmen Seven Psychopaths.

Keith Hampshire-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Keith Hampshire hadde den første versjonen av songen som gjekk til topps på ei singelliste, då han nådde toppen av den kanadiske singellista i 1973.[5] Han toppa òg den kanadiske Adult Contemporary-lista.[6] Singelen gjekk inn på lista, men nådde ikkje Topp 40 på lista i USA.

Rod Stewart-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The First Cut Is the Deepest
Singel av Rod Stewart
frå albumet A Night on the Town
B-side

«I Don't Want to Talk About It»

Språk engelsk
Utgjeve Februar 1977
Innspelt 1976
Sjanger Rock
Lengd 3:21
Selskap Riva
Komponist Cat Stevens
Tekstforfattar Cat Stevens
Låtskrivar(ar) Cat Stevens
Produsent Tom Dowd
Rod Stewart-kronologi 
«I Don't Want to Talk About It»
(1976)
The First Cut Is the Deepest «You're in My Heart (The Final Acclaim)»
(1977)


Stewart spelte inn songen i Muscle Shoals Sound Studio i Sheffield i Alabama i USA, og kom ut i 1976 på albumet hans A Night on the Town. Songen vart gjeven ut på ei dobbel A-side med «I Don't Want to Talk About It». Dette vart ein stor suksess og singelen låg fire veker på toppen av UK Singles Chart i mai 1977.[7] Songen nådde òg 11. plassen i Canada i april og 21. plassen på Billboard Hot 100 i USA. I 1993 spelte han songen live for MTV Unplugged. Denne vart inkludert på albumet Unplugged...and Seated.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslsiter[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Australia KMR [8] 19
Canada RPM 11
Tyskland 1
Irland 4
Nederland 1
New Zealand 5
UK[9] 1
U.S. Billboard Hot 100[10] 21
U.S. Billboard Adult Contemporary 43
U.S. Cash Box Top 100[11] 17

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1977) Plassering
Australia [8] 70
Canada[12] 110
UK[13] 4
U.S. (Joel Whitburn's Pop Annual)[14] 136

Papa Dee-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The First Cut Is the Deepest
av Papa Dee
frå albumet The Journey
Språk engelsk
Utgjeve 1995
Innspelt 1995
Sjanger Reggae
Lengd 3:48
Selskap Warner
Komponist Cat Stevens
Tekstforfattar Cat Stevens
Låtskrivar(ar) Cat Stevens
Produsent
Papa Dee-kronologi 
«Jungle Sound Clash»
(1994)
The First Cut Is the Deepest «The Journey»
(1996)


Den svenske rap-, ragga- og dancehall-musikaren Papa Dee spelte inn ein reggaeversjon av «The First Cut Is the Deepest» i 1995. Det var den største hitten hans i Europa.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1995) Plassering
Austerrike (Ö3 austerriksk Topp 40)[15] 20
Europa (Eurochart Hot 100)[16] 66
Island (Íslenski Listinn Topp 40)[17] 38
Noreg (VG-lista)[18] 9
Sverige (Sverigetopplistan)[19] 5

Sheryl Crow-versjonen[endre | endre wikiteksten]

The First Cut Is the Deepest
av Sheryl Crow
frå albumet The Very Best of Sheryl Crow
Språk engelsk
Utgjeve 20. oktober 2003
Innspelt 2003
Sjanger pop, poprock, country
Lengd 3:44
Selskap A&M
Komponist Cat Stevens
Tekstforfattar Cat Stevens
Låtskrivar(ar) Cat Stevens
Produsent John Shanks
Sheryl Crow-kronologi 
«It's So Easy»
(2002)
The First Cut Is the Deepest «Light in Your Eyes»
(2004)


Sheryl Crow-versjonen av «The First Cut Is The Deepest» var den første singelen frå samlealbumet hennar The Very Best of Sheryl Crow i 2003. Det vart ein av dei største radiohittane til Crow og han låg 36 veker på Billboard Hot 100. Det vart òg den første hitten til Crow på Topp 40 av countrylista i USA. Songen nådde 14. plassen på Billboard Hot 100 og toppen av AC-lista

Versjonen til Crow vart nytta i den romantiske komedien Must Love Dogs i 2005. Han er òg nytta i ein episode av The Sopranos og One Tree Hill.

Musikkvidoeen til songen vart regissert at Wayne Isham.[20] Crow-singelen vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong,[21] men tapte for «Sunrise» av Norah Jones.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2003–04) Plassering
Australian ARIA Charts[22] 50
Den austerrikske singellista 31
Den brasilianske singellista (ABPD)[23] 59
Irish Singles Chart 13
New Zealand RIANZ Charts 19
Polen (ZPAV)[24] 42
UK Singles Chart 37
US Billboard Hot 100[25] 14
US Adult Contemporary (Billboard)[26] 1
US Adult Pop Songs (Billboard)[27] 1
US Country Songs (Billboard)[28] 35
US Pop Songs (Billboard)[29] 10

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2004) Plassering
US Billboard Hot 100 28

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Islam, Yusuf (2008). «Biography 1964». Official Website for Yusuf Islam. Arkivert frå originalen 21. juli 2011. Henta 29. oktober 2008. 
  2. Marrin, Minette (26. september 2004), Profile: Yusuf Islam aka Cat Stevens: Not so much a zealot more a lost musician, The Sunday Times, henta 3. juni 2018 
  3. «Yusuf Islam Named Songwriter of the Year at ASCAP Awards in London». Ascap.com. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 30. september 2016. 
  4. Ruhlmann, William. «Cat Stevens Biography on Yahoo! Music». Yahoo! Music. Arkivert frå originalen 10. mars 2007. Henta 3. juni 2018. 
  5. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 28. mars 2014. 
  6. http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/image.aspx?Image=nlc008388.4813&URLjpg=http%3a%2f%2fwww.collectionscanada.gc.ca%2fobj%2f028020%2ff4%2fnlc008388.4813.gif&Ecopy=nlc008388.4813
  7. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 339–40. ISBN 1-904994-10-5. 
  8. 8,0 8,1 «Australian Chart Book». Austchartbook.com.au. Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 30. september 2016. 
  9. «i don't want to talk about it/first cut is the deepest | full Official Chart History». Official Charts Company. Henta 22. mai 2018. 
  10. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-2002
  11. «CASH BOX Top 100 Singles – Week ending APRIL 02, 19YY». Arkivert frå originalen 30. september 2012. Henta 26. juni 2016. . Cash Box magazine. Henta 16. juni 2016.
  12. «Top 200 Singles of '77 – Volume 28, No. 11, December 31 1977». RPM. Library and Archives Canada. Henta 25. juni 2016. 
  13. «Top 100 1977 - UK Music Charts». Uk-charts.top-source.info. Henta 30. september 2016. 
  14. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  15. "Papa Dee – The First Cut Is the Deepest – Austriancharts.at" (på tysk). Ö3 austerriksk Topp 40. Hung Medien.
  16. «Eurochart Hot 100 Singles» (PDF). Music & Media. 29. juli 1995. Henta 3. juni 2018. 
  17. «Íslenski Listinn Topp 40 NR. 132 Vikuna 26.8. '95 - 1.9. '95» (PDF) (på islandsk). Dagblaðið Vísir - Tónlist. Henta 3. juni 2018. [daud lenkje]
  18. "Norwegiancharts.com – Haddaway – The First Cut Is the Deepest". VG-lista. Hung Medien.
  19. "Swedishcharts.com – Haddaway – The First Cut Is the Deepest". Topp 60. Hung Medien.
  20. «Sheryl Crow - The First Cut Is The Deepest». YouTube. 23. desember 2010. Henta 3. juni 2018. 
  21. [1] Arkivert 10. juli 2009 ved Wayback Machine.
  22. Steffen Hung. «Sheryl Crow - The First Cut Is The Deepest». australian-charts.com. Henta 28. mars 2014. 
  23. «Brazil» (PDF). ABPD. 6. oktober 2001. Arkivert frå originalen (PDF) 8. april 2016. Henta 29. mai 2018. 
  24. «Lista Przebojów Trójki - Polskie Radio Online». Lp3.polskieradio.pl. 21. mars 2014. Arkivert frå originalen 28. mars 2014. Henta 28. mars 2014. 
  25. "Crow?f=379&g=Singles Sheryl Crow Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for Sheryl Crow. Prometheus Global Media.
  26. "Crow?f=341&g=Singles Sheryl Crow Album & Song Chart History" Billboard Adult Contemporary Songs for Sheryl Crow. Prometheus Global Media.
  27. "Crow?f=343&g=Singles Sheryl Crow Album & Song Chart History" Billboard Adult Pop Songs for Sheryl Crow. Prometheus Global Media.
  28. "Crow?f=357&g=Singles Sheryl Crow Album & Song Chart History" Billboard Country Songs for Sheryl Crow. Prometheus Global Media.
  29. "Crow?f=381&g=Singles Sheryl Crow Album & Song Chart History" Billboard Pop Songs for Sheryl Crow. Prometheus Global Media.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]