The Gentle Shepherd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Gentle Shepherd
Opningsscenen i The Gentle Shepherd av David Allan (1744-96).
Sjangerkomedie

The Gentle Shepherd er ein skotsk pastoral komedie av Allan Ramsay. Han blei gjeven ut i 1725 og var dedisert til Susanna Montgomery, lady Eglinton, som Ramsay òg gav det opphavlege manuskriptet i gåve til.

Stykket har nokre vene, skildrande scener og er ei framstilling av livet på landsbygda i dei skotske låglanda på 1700-talet. Ramsay kan ha basert skildringa på området Penicuik, kring åtte mile sørvest for Edinburgh der han fleire gongar vitja mesenen sin sir John Clerk of Penicuik ved Penicuik House.

Tekst frå akt 1, scene 2.

Den fyrste skotske operaen[endre | endre wikiteksten]

Den italienske stilen innan klassisk musikk blei truleg fyrst ført til Skottland av den italienske cellisten og komponisten Lorenzo Bocchi, som drog hit på 1720-talet. Han introduserte celloen til landet og laga arrangement for låglandsskotske songar. Han kan ha medverka i tilskipinga av The Gentle Shepherd den fyrste skotske operaen, med libretto av makaren Allan Ramsay.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. R. Cowgill and P. Holman, "Introduction: centres and peripheries", in R. Cowgill and P. Holman, eds, Music in the British Provinces, 1690-1914 (Aldershot: Ashgate, 2007), ISBN 0-7546-3160-5, p. 4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: The Gentle Shepherd
  • Tekst ved Project Gutenberg