The Girl Can't Help It av Little Richard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Girl Can't Help It
Singel av Little Richard
B-side

«All Around the World»

Utgjeve Desember 1956
Innspelt 16. oktober 1956
Sjanger Rock and roll
Selskap Specialty Records
Tekstforfattar Bobby Troup
Låtskrivar(ar) Bobby Troup
Little Richard-kronologi 
«She's Got It»

(1956)

The Girl Can't Help It «Lucille»

(1957)


«The Girl Can't Help It» er ein song av Bobby Troup og kjenningsmelodien til filmen The Girl Can't Help It. Han vart framført av Little Richard og vart gjeven ut i desember 1956. I USA nådde songen 49. plassen på Billboard Top 100-lista og sjuandeplassen på R&B Best Sellers-lista.[1] I Storbritannia nådde songen niandeplassen på den britiske singellista. Songen vart plassert på 420. plassen på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

The Animals spelte songen på debutalbumet sitt, The Animals i 1964. Songen vart òg spelt av The Everly Brothers i 1965, i 1969 av The Flamin' Groovies, i 1970 av Led Zeppelin, i 1975 av Mick Ronson og i 2001 av Babes in Toyland.

Den amerikanske songaren Fergie sampla songen i 2007 på singelen «Clumsy» og vart sidan covra av LMFAO.

Melodien til Emerson, Lake & Palmer-songen «Are You Ready Eddy?», frå albumet Tarkus, er basert på «The Girl Can't Help It».

Musikken er blitt nytta i filmen Pink Flamingos frå 1972, regissert av John Waters.

Ein versjon med motsett kjønn, «The Boy Can't Help It», vart spelt inn av Bonnie Raitt i 1979 på albumet The Glow.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. s. 356. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]