The Grateful Dead av Grateful Dead

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Grateful Dead
Studioalbum av Grateful Dead
Utgjeve 17. mars 1967
Innspelt Januar 1967
Sjanger
Lengd 34:53
Selskap Warner Bros.
Produsent David Hassinger
Grateful Dead-kronologi
The Grateful Dead Anthem of the Sun
(1968)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

The Grateful Dead er debutalbumet til The Grateful Dead. Det kom ut på Warner Bros. Records i mars 1967. I følgje biografiane til både bassisten Phil Lesh og trommeslagaren Bill Kreutzmann, gav bandet ut albumet som San Francisco's Grateful Dead.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart hovudsakleg spelt inn i RCA sitt Studio A,[2] i Los Angeles, på berre fire dagar. Bandet hadde ønskt å spele inn songane i heimbyen San Francisco, men det var ingen platestudio der som hadde moderne nok utstyr på den tida. Gruppa valte ut David Hassinger som produsent fordi han hadde arbeidd som lydteknikar på Rolling Stones-songen «(I Can't Get No) Satisfaction» og Jefferson Airplane-albumet Surrealistic Pillow (der Jerry Garcia hadde vore gjesteartist og føreslått albumtittelen). Etter krav frå plateselskapet deira, Warner Brothers, vart fire av songane på albumet redigert ned fordi dei var for lange.[3] Phil Lesh sa i sjølvbiografien sin: «i mine øyre var den einaste songen som høyrdest ut som det me gjorde på den tida 'Viola Lee Blues'. Ingen av oss hadde erfaring med å spele i eit studio og heile prosessen kjendest forhasta.»[4] Bill Kreutzmann sa om songane i sjølvbiografien sin, «dei innspelte versjonane mislukkast med å fange energien me hadde når me spelte dei live. Me var ikkje så gode enno. Me lærte framleis korleis det var å spele i eit band.»[5]

Sjølv om albumet vart rekna som «a big deal» i San Francisco, vart det lite spelt på AM-radio utafor Bay Area. FM-formatet som føretrekte band som the Dead var framleis under utvikling.[6] Warner Bros. heldt ein utgjevingsfest for albumet i Fugazi Hall i North Beach.

Bandet brukte det samla pseudonymet «McGannahan Skjellyfetti» for songar gruppa hadde skrive eller arrangert i lag. Namnet var ei feilstaving av «Skujellifeddy», ein rollefigur i teikneserieromanen til Kenneth Patchen kalla The Memoirs of a Shy Pornographer, i tillegg til namnet på katten til Pigpen.[7] I ei tid då det var vanskeleg å finne ut kven som hadde skrive somme songar, og om dei var i offentleg eige eller ikkje, vart «Cold Rain and Snow» og «New, New Minglewood Blues» opphavleg oppført som bandkomposisjonar, sjølv om dei var utgåver av eksisterande songar.

Ei nymastra utgåve av albumet med uredigerte verjonar av fem albumspor, i tillegg til seks bonusspor, kom ut på Rhino so ein del av plateboksen The Golden Road (1965–1973) i 2001, og som eit eige album i 2003. Eit unytta albumspor, «Alice D. Millionaire», var inspirert av ei avisoverskrift hausten 1966 som sa «LSD Millionaire», om lydteknikaren og velgjeraren til The Dead, Owsley Stanley.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

På det originale omslaget stod det skrive på toppen av framsida: «In the land of the dark, the ship of the sun is drawn by the Grateful Dead», som var henta frå Den egyptiske daudeboka. Sidan boka vart ein del lesen på denne tida, var det somme som feilaktig tenkte at bandet hadde teke namnet sitt frå sitatet: «We now return our souls to the creator, as we stand on the edge of eternal darkness. Let our chant fill the void in order that others may know. In the land of the night, the ship of the sun is drawn by the grateful dead.»[8] Det hadde dei ikkje, og fordi Garcia var redd for at det verka for «pretensiøst» og at dei skulle bli knytt til ein spesifikk filosofi eller doktrine, bad dei kunstnaren Stanley Mouse om å stilisere skrifta slik at det berre var mogeleg å lese bandnamnet.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Songar Lengd
1. «The Golden Road (To Unlimited Devotion)»  Grateful DeadJerry Garcia 2:07
2. «Beat It On Down the Line»  Jesse FullerBob Weir 2:27
3. «Good Morning, Little School Girl»  Sonny Boy WilliamsonRon «Pigpen» McKernan 5:56
4. «Cold Rain and Snow»  Obray RamseyJerry Garcia 2:25
5. «Sitting on Top of the World»  
Jerry Garcia 2:01
6. «Cream Puff War»  Jerry GarciaJerry Garcia 2:25
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Songar Lengd
7. «Morning Dew»  Jerry Garcia 5:00
8. «New, New Minglewood Blues»  Noah LewisBob Weir 2:31
9. «Viola Lee Blues»  Lewis
  • Jerry Garcia
  • Bob Weir
10:01
CD-utgåve frå 2001/2003 med fulle versjonar
# Tittel Lengd
1. «The Golden Road (To Unlimited Devotion)»   2:09
2. «Beat It on Down the Line»   2:29
3. «Good Morning Little School Girl» (full versjon) 6:32
4. «Cold Rain and Snow»   2:26
5. «Sitting on Top of the World» (full versjon) 2:43
6. «Cream Puff War» (full versjon) 3:18
7. «Morning Dew»   5:16
8. «New, New Minglewood Blues» (full versjon) 2:40
9. «Viola Lee Blues»   10:09
Bonusspor på 2001/2003-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
10. «Alice D. Millionaire» (unytta studioopptak frå 2. februar 1967)Grateful Dead 2:22
11. «Overseas Stomp (the Lindy)» (unytta studioopptak frå 2. februar 1967)Jab Jones og Will Shade 2:24
12. «Tastebud» (unytta studioopptak frå 2. februar 1967)Ron McKernan 4:18
13. «Death Don't Have No Mercy» (unytta studioopptak frå 2. februar 1967)Reverend Gary Davis 5:20
14. «Viola Lee Blues» (forkorta utgåve av spor 9)Lewis 3:00
15. «Viola Lee Blues» (konsertopptak frå Dance Hall, Rio Nido, CA (3. september 1967))Lewis 23:13
Bonusplate frå 2017-utgåva
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Standing on the Corner»  Grateful Dead 3:23
2. «I Know You Rider»  trad. 3:14
3. «Next Time You See Me»  Earl Forest, Bill Harvey 3:37
4. «Sitting on Top of the World»  Walter Vinson, Lonnie Chatmon 3:47
5. «You Don’t Have to Ask»  Grateful Dead 5:14
6. «Big Boss Man»  Luther Dixon, Al Smith 4:16
7. «Stealin’»  Gus Cannon 3:37
8. «Cardboard Cowboy»  Lesh 2:56
9. «It's All Over Now, Baby Blue»  Bob Dylan 5:23
10. «Cream Puff War»  Garcia 7:52
11. «Viola Lee Blues»  Lewis 10:03
12. «Beat it On Down the Line»  Fuller 2:47
13. «Good Morning Little Schoolgirl» (utdrag, sidan dei gjekk tom for lydband)Willimason 5:47
14. «Cold, Rain and Snow»  Ramsey 3:14
15. «One Kind Favor»  Blind Lemon Jefferson 4:23
16. «Hey Little One»  Dorsey Burnette, Barry De Vorzon 5:39
17. «New, New Minglewood Blues»  Lewis 3:23

Spor 1-13 er konsertopptak frå 29. juli 1966 og spor 14-17 frå 30. juli 1966 i Garden Auditorium i Vancouver i Canada

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Grateful Dead
Teknisk
Nyutgjevingar
  • James Austin – produsent
  • Joe Gastwirt – mastering, produksjonskonsulent
  • Cassidy Law – prosjektkoorrdinering, Grateful Dead Archives
  • Eileen Law – arkivforsking, Grateful Dead Archives
  • David Lemieux – produsent
  • Peter McQuaid – leiande produsent, Grateful Dead Productions
  • Jeffrey Norman – ekstra miksing på bonusspor
  • Michael Wesley Johnson – medprodusent, forskingskoordinering

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Billboard

Liste Plassering
Pop Albums 73[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Planer, Lindsay. «Grateful Dead». AllMusic. Henta 30. mai 2019. 
  2. Palaces, Jerry's Brokendown (6. november 2012). «Jerry's Brokendown Palaces: RCA's Studio B, 6363 Sunset Boulevard, Hollywood, CA». 
  3. Woodward, Jake; et al. (2003). Grateful Dead: The Illustrated Trip. Dorling Kindersley Limited. pg. 67. 
  4. Lesh, Phil (2005). Searching for the Sound. Little, Brown and Company. pg. 99. 
  5. Kreutzmann, Bill (2015). Deal. St. Martin's Press, New York. Chapter 4. ISBN 978-1-250-03380-2. 
  6. Jackson, Blair (1999). Garcia: An American Life. Penguin Books. s. 125. 
  7. Shank, David; Silberman, Steve (1994). Skeleton Key: A Dictionary for Deadheads. Broadway Books, New York, NY. ISBN 978-0-385-47402-3. 
  8. «Poem:Egyptian Book of the Dead». 
  9. «Grateful Dead Family Discography: The Grateful Dead». 
  10. «Artist Search for «grateful dead»».