The Great Gig in the Sky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Great Gig in the Sky
Song av Pink Floyd
frå albumet The Dark Side of the Moon
Språk engelsk
Utgjeve 17. mars 1973
Innspelt Juni 1972 - januar 1973
Sjanger Rock, progressiv rock, gospel
Lengd 4:47
Komponist Richard Wright, Clare Torry
Låtskrivar(ar) Richard Wright, Clare Torry

«The Great Gig in the Sky» er ein ordlaus song av det britiske bandet Pink Floyd på albumet deira The Dark Side of the Moon frå 1973. Songen er skriven av Richard Wright, inneheld vokal av Clare Torry og vart kalla «The Religion Song» under innspelingane, og synte til frykta for å døy.

Vokalen til Clare Torry[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju[1], fortel Torry at ho prøvde å etterlikne eit instrument. Vokalframføringa var ein improvisasjon av Torry, og det var ho som dermed laga melodilinja til vokalen.

Ho nemner òg at ho aldri visste at songen omhandla døden. Richard Wright har fortalt at ho byrja å synge ord, men dei visste at dei ikkje ville ha det på songen. Ho brukte derimot kort tid på å synge ferdig songen, berre fire forsøk.

Chris Thomas, som var assistent for Alan Parsons (som var lydteknikar på albumet) fortel at dei alt var i gang å mikse albumet då dei spelte inn vokalen hennar.[2] Dei hadde dette sporet, og var ikkje sikker på kva dei skulle gjere med det. Då Torrey var ferdig med å synge unnskylda ho seg for å sløst bort tida deira, sjølv om alle var særs imponert over improvisasjonen.[3] Torrey har seinare fortalt at då ho gjekk frå studio trudde ho ikkje at opptaket kom til kome med på albumet, og ho fann seinare ut at det var tatt med då ho såg namnet sitt på albumet i den lokale platebutikken.[3]

På konsertversjonar vart det brukt opp til tre songarar på songen, der kvar av dei song sin del av songen.

I 2004 saksøkte Torrey Pink Floyd og EMI for låtskrivararhonorar ho meinte ho hadde krav på, sidan ho i praksis medverka ein stor del til songen. Opphavleg vart ho berre betalt eit standardhonorar på £30. I 2005 vann Torrey rettssaka.[4] På alle utgjevingar av songen etter 2005 vart Torrey ført opp som medlåtskrivar på songen.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Fender 'Duo 1000'

Det meste av songen er eit litt anna arrangement av takten og basslinja i songen «Breathe». På grunn av dette nye arrangementet er den derimot ikkje direkte relatert til «Breathe», slik som slutten av «Time» (som vert kalla «Breathe (Reprise)») eller «Any Colour You Like» (som av og til vert kalla «Breathe (2nd Reprise)»).

Dark Side of the Moon vart spelt på konsertar i 1972 (før albumet kom ut) var songen ganske annleis og hadde namnet «The Mortality Sequence». Då hadde han berre eit enkelt orgel og lydklipp av forskjellige folk som snakka om døden.

Stemmer[endre | endre wikiteksten]

(Etter 0:38)

  • «And I am not frightened of dying. Any time will do, I don't mind. Why should I be frightened of dying? There's no reason for it – you've got to go sometime.» — Dørmannen Gerry.

(Etter 3:33, svakt)

  • «I never said I was frightened of dying.» — Myfanwy 'Miv' Watts, mor til skodespelar Naomi Watts

Fakta[endre | endre wikiteksten]

  • Mot slutten av songen går sporet plutseleg raskare, og tonen vert litt falsk.
  • Ein nyinnspelt versjon vart brukt i ein TV-reklame for det smertestillande stoffet Nurofen tidleg på 90-talet (bandet var ikkje involvert i dette, men Clare Torry gjorde igjen vokalen).[5] Originalversjonen vart brukt i reklame for Dole-bananar rundt 1973.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 28. mai 2006, henta 5. januar 2007 
  2. Harris 2006, s. 142; Mabbett 1995; Blake 2008, s. 198. Sjå òg Nerpil, Hannah (19. september 2008). «Richard Wright’s Greatest Hits: 10 Pink Floyd Classics». The Times Online (London). Henta 29. juni 2019. 
  3. 3,0 3,1 John Harris (October 2005). «Clare Torry - Brain Damage - Interview». brain-damage.co.uk. 
  4. «Seventies Singer». 2005. Henta 29. juni 2019. 
  5. http://www.pink-floyd.org/faq/faq6.html#1