The Hollywood Years Vol. 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Hollywood Years Vol. 2
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve Juni 1998
Innspelt 1992 - 1998
Studio Eastgate Studios (Berlin og Wien)
Sjanger
Lengd 73:40
Produsent Edgar Froese
Tangerine Dream-kronologi 
The Hollywood Years Vol. 1
(1998)
The Hollywood Years Vol. 2 Transsiberia
(1998)


The Hollywood Years Vol. 2 er det 63. albumet og det 27. studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i juni 1998.

Det var den andre plata i det som skulle bli ein lengre serie kalla «The Hollywood Years» med musikk som var til overs etter innspelingane til Tangerine Dreams sidan 1992. Det vart berre to plater i serien.[1]

Tangerine Dream skreiv mykje musikk til filmar gjennom åra. Noko av musikken vart aldri nytta, medan noko kom med i suksessrike filmar, utan å kome ut på noko album. Denne og Vol. 1 i serien inneheld musikk komponert av Edgar Froese og sonen Jerome Froese. Songtitlane referer ikkje til titlar i filmane dei vart skrivne for.

Materialet på denne plata består av spor som tidlegare ikkje var utgjevne, med unntak av «City Monk», som er utgjeven som «Ulan-Ude» på filmmusikkalbumet Transsiberia, og «Token from Birdland» som finst som ein tungt remiksa versjon med same tittel på Ambient Monkeys.

Sporet «Riding the Lizard Overland» er i røynda musikken under rulleteksten til filmen Red Heat frå 1986. Filmmusikken til denne filmen er aldri gjeven ut, sjølv om Tangerine Dream annonserte sommaren 1997 at albumet skulle kome ut på deira eige selskap, TDI, tidleg i 1998.

«Rose of Babylon» er ein av få spor av Tangerine Dream med vokal. Teksten var skriven og sungen av Vicki McClure, kjend som songaren av den olympiske hymnen for sommar-OL i 1984 i Los Angeles.

Albumet kom ut på ny i 1999 og 2009, begge gongane med nye plateomslag.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk er komponert av Edgar Froese og Jerome Froese, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«South Camora» 4:05
2.«Velvet Sun» 6:09
3.«Midas Touch» 6:10
4.«City Monk» 4:28
5.«Lava Levin» 4:31
6.«Cool Ma Bell» 5:06
7.«Dare to Change» 4:17
8.«Hall of Mirrors» 3:46
9.«Token from Birdland» 8:09
10.«In the Distant Shore» 4:15
11.«3rd Angels Gate» 2:57
12.«Silver Moon Lake» 3:38
13.«Riding the Lizard Overland» 3:42
14.«Walking with a Mandarin» 7:24
15.«Rose of Babylon»Edgar Froese, Jerome Froese, Vicki McClure5:03

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Hollywood Years Vol. 2». Voices in the Net. Henta 21. juli 2020.