The Hunter av Albert King

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Hunter
Song av Albert King
frå albumet Born Under a Bad Sign
Utgjeve August 1967
Innspelt Stax Studios, Memphis, Tennessee, June 9, 1967
Sjanger Blues
Lengd 2:43
Selskap Stax (no. S-723)
Låtskrivar(ar) Booker T. Jones, C. Wells, Al Jackson, Jr., Donald Dunn, Steve Cropper

«The Hunter» er ein bluessong først spelt inn av Albert King i 1967. Songen er sidan spelt inn av fleire andre artistar, som Ike and Tina Turner, som fekk ein hit med songen i 1969.

Originalen[endre | endre wikiteksten]

«The Hunter» vart skriven av husbandet til Stax Records, Booker T. and the MGs, og Carl Wells. Songen er ein mellomrask 24-taktsblues i A-dur.[1] Med på innspelinga med Albert King (vokal og gitar) var: Booker T. Jones (orgel), Steve Cropper (rytmegitar), Donald «Duck» Dunn (bass), Al Jackson jr. (trommer) og medlemmar av The Memphis Horns, Wayne Jackson (trompet), Andrew Love (tenorsaksofon) og Joe Arnold (barytonsaksofon). «The Hunter» vart først gjeven ut på Albert King-albumet Born Under a Bad Sign i 1967, som «vart eit av dei mest populære og viktige bluesalbuma seint i 60-åra».[2] I 1969 vart han gjeven ut på singel (med «As the Years Go Passing By» på Atlantic 2604), men nådde ikkje salslistene. Songen er seinare gjeven ut på forskjellige samlealbum av Albert King.

Ike and Tina Turner-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Ike and Tina Turner spelte inn «The Hunter» i 1969 og sjølv om han var over seks minuttar lang, vart songen ein hti. Han nådde 37. plassen på Billboard R&B-lista og 93. plassen på Billboard Pop Singles-lista (Blue Thumb 102).[3] Songen vart gjeven ut på albumet deira The Hunter i 1969, som nådde 176. plassen på Billboard-lista (Blue Thumb BTS-11).

Andre innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt «The Hunter» er mellom andre Blue Cheer (Outsideinside 1968), Pacific Gas & Electric (Get It On 1968), Free (Tons of Sobs 1968) og Blues Magoos (Never Goin' Back to Georgia 1969). Canned Heat spelte inn ein demoversjon av songen i 1967, men spelte han inn på ny som «Amphetamine Annie» (ein tidleg antidopsong) med same musikk (Boogie with Canned Heat 1968). Led Zeppelin brukte noko av teksten frå «The Hunter» under «How Many More Times» på debutalbumet Led Zeppelin i 1969.

Seinare innspelingar er gjort av Great White (Great White 1983), Koko Taylor (Queen of the Blues 1985), Danzig (Danzig 1988), Paul Rodgers (Muddy Water Blues: A Tribute to Muddy Waters 1993), Doyle Bramhall (Bird's Nest on the Ground 1994), Gov't Mule (Live... With a Little Help from Our Friends 1999) og Michael Schenker & Davey Pattison (Endless Jam Continues 2005).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Hunter». Free Hand Music. Henta 26. mars 2016. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. «Albert King – Biography». AllMusic. Rovi Corp. Henta 26. mars 2016. 
  3. Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Record Research, Inc. s. 418. ISBN 0-89820-068-7.