The Impossible Dream (The Quest)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«The Impossible Dream (The Quest)» er ein popsong skriven av Mitch Leigh, med tekst skriven av Joe Darion. Songen er den mest populære songen frå Broadway-musikalen Man of La Mancha frå 1965 og vart òg nytta i filmen frå 1972 med same namn med Peter O'Toole.

Songen vert sungen ein gong i musikalen av Don Quixote når han står ei natt over rustningen sin, som svar på spørsmålet til Aldonza (Dulcinea) om kva han meiner med «following the quest» (å vere på søken). Han vert delvis sungen opp att tre gonger - siste gong av fangane i fangekjellaren då Miguel de Cervantes og tenarane hans set opp den klaffebruliknande trappeoppgangen til fengselet før rettssaka til den spanske inkvisisjonen.

Han har fått prisen som Contemporary Classics frå Songwriter’s Hall of Fame.[1]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Composer Mitch Leigh Endows Chair in Jazz at Yale", opa.yale.edu, 12. september 2006
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 20. mai 2019, henta 1. mai 2014 
  3. http://www.discogs.com/sergio-franchi
  4. Whitburn, Joel (2002). Top Adult Contemporary: 1961-2001. Record Research. s. 131. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]