The Jean Genie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Jean Genie
Singel av David Bowie
frå albumet Aladdin Sane
B-side

«Ziggy Stardust»

Språk engelsk
Utgjeve 24. november 1972
Innspelt RCA Studios, New York
6 oktober 1972 (1972-10-06)
Sjanger Glamrock, bluesrock, protopunk
Lengd 4:07
Selskap RCA 2303
Komponist David Bowie
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent Ken Scott, David Bowie
David Bowie-kronologi 
«John, I'm Only Dancing»
(1972)
The Jean Genie «Drive-In Saturday»
(1973)


«The Jean Genie» er ein song av den britisk musikkartisten David Bowie på albumet Aladdin Sane frå 1973. Songen vart derimot gjeve ut på singel alt i november 1972, og er ein av Bowie sine mest vidkjende songar. I følgje Bowie var han «eit kaldtbord av korleis han såg for seg americana» med ei hovudrolle inspirert av Iggy Pop. Tittelen er eit ordspel på forfattaren Jean Genet. Det vart laga ein musikkvideo for songen med Andy Warhol-tilknytte Cyrinda Foxe. Singelen nådde andreplassen på singellista i Storbritannia.

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

The Jean Genie lives on his back
The Jean Genie loves chimney stacks
He's outrageous, he screams and he bawls
Jean Genie, let yourself go

David Bowie (1973)

Bowie spelte den første konserten sin i USA i Cleveland den 22. september 1972 og ein stad mellom neste stopp, Memphis og New York, byrja Bowie å skrive «The Jean Genie». Bak i bussen sat anten Mick Ronson eller den gamle venen til Bowie, George Underwood (det er sagt forskjellig i ulike intervju), og spelte Chuck Berry- og Bo Diddley-songar på ein akustisk gitar, som utvikla seg til variasjonar på «I’m a Man»-riffet. Refrenget var «Bus, bus, bus…we’re goin’ busin’!» Bowie tok ideen om å spele på «Man»-riffet og hadde ein song nokre få dagar seinare.[1] «The Jean Genie» vart skriven og innspelt i New York City hausten 1972, der Bowie var ei tid med Cyrinda Foxe, som arbeidde for Andy Warhol. Bowie sa seinare, «Eg skriv songen for å underhalde ho i leilegheita hennar. Sexy jente.»[2] Innspelinga vart gjort i RCA Studios i New York den 6. oktober 1972.[3] Songen vart miksa veka etter i RCA Studio B i Nashville;[4] den originale singelmiksen er i mono, medan albummiksen er i stereo.

R&B-riffet i songen er ofte samanlikna med The Yardbirds[5][6], særleg versjonen deira av Bo Diddley-songen «I'm a Man»[7][8] medan teksten er blitt samanlikna med stilen til The Velvet Underground.[5] Då Bowie og the Spiders spelte inn «Jean Genie» var det raskt nemnt at songen var ein openberr omskriving av «I'm a Man», så Trevor Bolder spelte berre «I'm a Man»-basslinja med eit par ekstra notar på innspelinga. Teksten var delvis inspirert av Bowie sin ven Iggy Pop eller, som Bowie sjølv sa, ein Iggy-liknande figur.[9] Tekstlinja «He's so simple minded, he can't drive his module» gav seinare namn til bandet Simple Minds.[10]

Ein har lenge rekna med at tittelen viser til forfattaren Jean Genet.[7] Bowie sa ein gong at dette var «undermedvitet hans... men det er truleg der, ja».[9] I boka Moonage Daydream frå 2005 sa han «Songen byrja med dette enkle riffet eg skreiv ein kveld i New York for Cyrinda. Eg utvikla teksten vidare og han vart til slutt eit slags kaldtbord av korleis eg trudde americana var... basert på ein Iggy-aktig person...Tittelen var sjølvsagt eit klumsete ordspel på Jean Genet».[11]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Det vart ei sak i Storbritannia ut av at songen brukte eit gitarriff som var svært like Sweet sin song «Block Buster», som vart spelt inn litt seinare enn Bowie sin song, men som låg på førsteplass på den britiske singellista, medan Bowie sin song låg på andreplass. Begge hevda derimot at likskapen berre var tilfeldig. Nicky Chinn frå Sweet skildra då han møtte Bowie, der Bowie skal ha sett på han gravalvorleg, kalla han «Cunt!», før han gjekk bort til han, gav han ein klem og gratulerte han.[9]

Video[endre | endre wikiteksten]

Mick Rock filma ein musikkvideo for å marknadsføre songen i oktober 1972, der Bowie, i lag med the Spiders, poserer føre Mars Hotel i San Francisco. Dette var miksa med filmopptak frå konsertar og studio. Kvinna i videoen er Cyrinda Foxe.[2] Bowie ønskte at videoen skulle syne «Ziggy som ei slags gaterotte i Hollywood med ei Marilyn-aktig kvinne». Valet fall på Foxe som flydde frå New York til San Francisco berre for denne innspelinga.[11]

Bowie spelte òg inn «The Jean Genie» for Top of the Pops, og dette vart sendt 4. januar 1973. Bandet på fire spelte songen live, noko som var uvanleg på den tida, og songen hadde ein lengre gitarsolo av Mick Ronson.[12] Videobanda med Top of the Pops-framføringa vart sidan sletta, men kameramannen John Henshall hadde ein kopi, då han filma framføringa med det nye fiskeaugelense-kameraet. John Henshall vart kontakta av Ray Langstone som overtydde Henshall om å dele det historiske materialet. Filmen har sidan blitt bevart og vart vist ved British Film Institute i desember 2011.[13] BBC sendte framsyninga i ein Top of the Pops 2 julespesial den 21. desember 2011, for første gongen sidan den originale sendinga i januar 1973.[12][14]

Utgjeving og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Det var noko kontrovers i Storbritannia då eit anna britisk band på RCA, The Sweet gav ut «Block Buster!», som nytta eit riff som minna mykje om «The Jean Genie».[7][15] Singelen til Sweet, som var skriven av Mike Chapman og Nicky Chinn, og spelt inn og gjeve ut noko etter Bowie sin song, nådde toppen av lista i Storbritannia, medan «The Jean Genie» framleis låg på topp 10. Alle involverte partar var samde om at likskapen var, med Nicky Chinn sine ord, «fullstendig tilfeldig». Chinn skildra eit møte med Bowie der Bowie «såg på meg gravalvorleg og sa 'Cunt!' Og så reiste han seg og gav meg ein klem og sa 'Gratulerer...'»[9]

Songen heldt seg på singellista i Storbritannia i 13 veker, nådde andreplass, og vart med det den største hitten han hadde hatt til då. I USA nådde singelen 71. plass (medan Sweet sin «Block Buster» hamna bak på ein 73. plass).

Sjølv om biografen David Buckley skildra songen som «ein kopi, seig, men utan tvil fengande»,[16] har songen blitt ein av signaturlåtane til Bowie og har ofte blitt spelt på konsertane hans.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Jean Genie» (Bowie) – 4:02
  2. «Ziggy Stardust» (Bowie) – 3:13

Den amerikanske utgåva hadde «Hang on to Yourself» som b-side, medan den japanske utgåva hadde «John, I'm Only Dancing».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972-1973) Plassering
Australia (Kent Music Report) 42
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[17] 26
Canadian RPM Top Singles[18] 75
France (SNEP)[19] 22
Tyskland (Media Control AG)[20] 37
Irish Singles Chart[21] 3
Italia (FIMI)[22] 38
Nederland (Nederlandsk Topp 40)[23] 7
Nederland (Mega Single Top 100)[24] 5
UK (Official Charts Company)[25] 2
U.S. Billboard Hot 100[26] 71

Konsertutgåver[endre | endre wikiteksten]

Bowie har gjennom åra innlemma alt frå «Don’t Start Me Talkin'» til «I Walk the Line» til «Purple Haze» i lange medleyar sentrert rundt songen på konsertane sine.

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • The DiamondsMillion Copy Hit Songs Made Famous by Elton John & David Bowie
  • Marillion spelte ofte songen på konsertar som ein del av singelen deira «Market Square Heroes»
  • Die Lady Di – Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
  • Fernando – Crash Course for the Ravers - A Tribute to the Songs of David Bowie (1996)
  • Children of the Revolution – Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007)
  • Hothouse Flowers (& friends) – Konsert
  • The Rockridge Synthesiser Orchestra - Plays David Bowie Classic Trax
  • Arno & Beverly Jo Scott – «La fille du père Noël meets Jean Genie»; denne songen finst som «Jean Baltazaarrr» å samlinga BowieMania: Mania, une collection obsessionelle de Beatrice Ardisson (2007)
  • Van Halen – Konsert
  • Enuff Z'Nuff på albumet 10 (2000) og Hero: The Main Man Records Tribute to David Bowie (2007).
  • The Dandy WarholsCome on Feel the Dandy Warhols
  • Paco Volume – BowieMania: Mania, une collection obsessionelle de Beatrice Ardisson (2007)
  • Edmund Butt – «Gene Genie» (Gene Hunt's Theme frå «Ashes to Ashes»-serien) (2008)
  • Scott Weiland and the Wildabouts - framførte songen på Howard Stern Presents i mars 2015
  • UFXTotal Sonic Mayhem (2002)

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart nytta i BBC-serien Life on Mars (kalla opp etter ein David Bowie-song) og nemnd av DCI Gene «the Gene Genie» Hunt, som ofte kallar seg sjølv 'The Gene Genie'. I episoden «A Conflict of Interests» vert songen spelt når dei går inn i ein klubb. Seinare i episoden vert Sweet sin «Block Buster!», med liknande riff, spelt. Hunt kallar seg sjølv the Gene Genie oftare i oppfølgjaren Ashes to Ashes (òg kalla opp etter ein Bowie-song) og kjenningsmelodien hans i den sistnemnde serien er ein instrumentalversjon av «The Jean Genie» (med den nye tittelen «Gene Genie»), skapt av komponisten til serien, Edmund Butt.
  • Songen er med i Anton Corbijn sin film om Ian Curtis frå 2007, Control. I filmen syng ein ung Curtis refrenget mot ein spegel medan Aladdin Sane vert spelt frå ein platespelar.
  • Arjen Lucassen nemnde songen i songen «Best of Friends» på albumet Pools of Sorrow, Waves of Joy.
  • Songen vart nytta i pilotepisoden av Alphas.
  • Songen er med i den populære filmen American HustleBradley Cooper etterliknar Louis C.K.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chris O’Leary. «The Jean Genie». Pushing Ahead of the Dame. Henta 2. februar 2016. 
  2. 2,0 2,1 Gordinier, Jeff (31 May 2002), «Loving the Aliens», Entertainment Weekly, no. 656, s. 26–34 
  3. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.270
  4. Kevin Cann (2010). Any Day Now - David Bowie: The London Years: 1947-1974: p.271
  5. 5,0 5,1 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.52
  6. Dave Thompson, All Music Guide
  7. 7,0 7,1 7,2 Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: p.52
  8. Dave Thompson, Allmusic
  9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: pp.110-111
  10. «FAQ; Simple Minds». simpleminds.org. Henta 2. februar 2016. 
  11. 11,0 11,1 David Bowie & Mick Rock (2005). Moonage Daydream: pp.140-146
  12. 12,0 12,1 «Top of the Pops 2». Top of the Pops. 21. desember 2011. BBC. Henta 2. februar 2016. 
  13. «David Bowie Top of the Pops footage found by cameraman». BBC News. 13 December 2011. Henta 14 December 2011. 
  14. «David Bowie's lost 1973 Top of the Pops performance of The Jean Genie.». Youtube. 21 December 2011. Henta 13 January 2014. 
  15. Mark Blake (Ed.) (2007). "Future Legend", MOJO 60 Years of Bowie: pp.74-75
  16. David Buckley (1999) Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: p.184
  17. "Ultratop.be – David Bowie – The Jean Genie" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  18. «The Jean Genie in Canadian Top Singles Chart». Library and Archives Canada. Henta 19 July 2013. 
  19. «The Jean Genie in French Chart» (på fransk). Dominic DURAND / InfoDisc. 19. juli 2013. Henta 19. juli 2013.  You have to use the index at the top of the page and search "David Bowie"
  20. "David Bowie - The Jean Genie". Charts.de. Media Control.
  21. «The Jean Genie in Irish Chart». IRMA. Henta 19 July 2013.  Only one result when searching "Jean Genie"
  22. «Indice per Interprete: B». HitParadeItalia (it). Henta 19 July 2013. 
  23. "Nederlandse Top 40 – David Bowie search results" (på nederlandsk) Nederlandsk Topp 40. Stichting Nederlandse Top 40.
  24. "Dutchcharts.nl – David Bowie – The Jean Genie" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
  25. «1973 Top 40 Official UK Singles Archive - 13th January 1973». Official Charts Company. Henta 19 July 2013. 
  26. «Aladdin Sane awards on Allmusic». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 19 July 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]