The Killing Fields av Mike Oldfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Killing Fields
Filmmusikkalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 3. desember 1984
Innspelt England, Tyskland & Sveits i 1984
Sjanger Nyklassisk musikk[1]
Lengd 38:09
Selskap Virgin
Produsent Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi
Discovery
(1984)
The Killing Fields Islands
(1987)


Singlar frå The Killing Fields
  1. «Étude»
    Utgjeve: 26. november 1984
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]

The Killing Fields er det tiande studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1984 på Virgin Records. Det var eit filmmusikkalbum for den britiske dramafilmen med same namn basert på opplevingane til to journalistar i Raude Khmer-regimet i Kambodsja. Det er det einaste heile filmusikkalbumet til Oldfield.

Musikken vart orkestrert av David Bedford. The Killing Fields vart gjeve ut på ny med ommastra lyd i januar 2016.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om musikken til Oldfield var blitt nytta i filmar før, som Eksorsisten og The Space Movie, var dette første gongen han hadde skrive spesifikt for ein film, og så langt den einaste gongen. Oldfield komponerte albumet på ein Fairlight CMI.[2]

Ein singel frå albumet, «Étude», er henta frå Francisco Tarrega-stykket «Recuerdos de la Alhambra».

Oldfield kom dels til å arbeide med denne musikken etter at sjefen i Virgin, Richard Branson tok Oldfield for å møte David Puttnam, ein filmprodusent, og sikra han rolla som komponist.[3]

Oldfield brukte seks månader på The Killing Fields før han drog ut på turné. Då han kom attende frå turneen spurte produsentane etter meir musikk til filen og Oldfield spurte om å få bruke orkester og kor. Tre månader seinare var musikken ferdig.[4] Albumet kom ut berre nokre få månader etter det førre albumet til Oldfield, Discovery.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spor av Mike Oldfield, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Pran's Theme»0:44
2.«Requiem for a City»2:11
3.«Evacuation»5:14
4.«Pran's Theme 2»1:41
5.«Capture»2:24
6.«Execution»4:47
7.«Bad News»1:14
8.«Pran's Departure»2:08
Side to
Nr.TittelLengd
9.«Worksite»1:16
10.«The Year Zero» (David Bedford)0:28
11.«Blood Sucking»1:19
12.«The Year Zero 2»0:37
13.«Pran's Escape / The Killing Fields»3:17
14.«The Trek»2:02
15.«The Boy's Burial / Pran Sees the Red Cross»2:24
16.«Good News»1:46
17.«Étude» (Francisco Tárrega, arrangert av Mike Oldfield)4:37
Bonusspor på 2016-utgåva
Nr.TittelLengd
18.«Evacuation» (singelversjon)4:11
19.«Étude» (singelversjon)3:07

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 The Killing Fields av Mike OldfieldAllmusic
  2. Tim Oakes (September 1984). «Mike Oldfield». Guitarist. 
  3. Mike Oldfield (2. august 2012), Two Sides Sleeve Notes, Mercury Records, henta 30. juni 2020 
  4. «Interview with Mike Oldfield». Roland Power-on magazine. 6. juni 1999. Henta 1. juli 2020.