The Killing Jar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Killing Jar
Singel av Siouxsie and the Banshees
frå albumet Peepshow
B-side

«Something Wicked (This Way Comes)», «Are You Still Dying Darling?»

Utgjeve 30. september 1988
Innspelt 1988
Sjanger Alternative rock
Lengd 4:05
Selskap
Låtskrivar(ar) Susan Ballion, Peter Edward Clarke og Steven Severin
Produsent Siouxsie and the Banshees / Mike Hedges
Siouxsie and the Banshees-kronologi 
«Peek-a-Boo»
(1988)
The Killing Jar «The Last Beat of My Heart»
(1988)


«The Killing Jar» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut i 1988 som den andre singelen frå det niande albumet deira, Peepshow.

Musikk og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Songen er livleg og syner popretninga til Siouxsie and the Banshees på denne tida. Songen har òg element av alternativ rock og ein krytpisk tekst som er typisk for bandet. I følgje Siouxsie var songen inspirert av teknikken nytta av sommerfuglsamlarar for å bevare venleiken til dyra. «The Killing Jar» vart noko remiksa for radioutgåva, mellom anna i introen og perkusjonen som er nytta gjennom songen. Singelversjonen av «The Killing Jar» kom ut på samleplata Twice Upon a Time: The Singles i 1992.

Etter den amerikanske suksessen til den førre singelen deira, «Peek-a-Boo», som gjekk til topps på Billboard Modern Rock Tracks-lista, klarte «The Killing Jar» nesten det same og nådde andreplassen. Singelen nådde 41. plassen på UK Singles Chart.[1]

I andre media[endre | endre wikiteksten]

«The Killing Jar» vart nytta på filmmusikkalbumet til den kanadiske filmen Haunter.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1988) Plassering
UK Singles Chart 41
US Modern Rock Tracks 2
US Hot Dance/Disco 37[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Johns, Brian. Entranced : the Siouxsie and the Banshees story. Omnibus Press, 1989. Page 94. ISBN 0-7119-1773-6
  2. «Siouxsie and the Banshees Billboard Singles». allmusic. Henta 8. februar 2012.