The King of the Gospel Singers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
The King of the Gospel Singers
Studioalbum av Little Richard
Utgjeve Mars 1962
Innspelt kring juni 1961
Sjanger Gospel
Selskap Mercury
Produsent Quincy Jones
Little Richard-kronologi
Pray Along with Little Richard (Vol 2)
(1960)
The King of the Gospel Singers Little Richard Is Back (And There's a Whole Lotta Shakin' Goin' On!)
(1964)


The King of the Gospel Singers er det sjette studioalbumet frå Little Richard, utanom samlealbum. Det er eit gospelalbum med innspelingar han gjorde for Mercury Records, og vert generelt rekna som ei betre innspeling enn dei to førre gospelalbuma hans for Goldner.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Spora på albumet vart spelte inn i New York City kring juni 1961. Produsenten på innspelinga Quincy Jones fortalte: Eg hadde gleda av å spele inn «Joy Joy Joy» og «He's Not Just A Soldier» Little Richard for albuma hans. Det var ei sann glede å arbeide med Little Richard i New York. Sjølv om han framleis var særs religiøs, merka eg at han ikkje hadde mista kjensla for rock 'n' soul. [2]

Tolv gospelsongar til vart spelte inn for Mercury ein ukjend stad i mars 1962. Av desse songane vart berre to gjevne ut på den tida, då «Change Your Ways»/«He Got What He Wanted» kom ut på singel i april 1962. Dei andre songane kom berre på piratkopiplater eller på arkivplater i 1980-åra.

Etter denne perioden fortsette Richard å spele gospel, og spelte inn elleve spor for Atlantic Records mellom juni 1962 og april 1963, før han vart lokka attende til rock 'n' roll under ein turné i England og spelte inn fem songar for Specialty Records mellom april 1963 og april 1964.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

The King of the Gospel Singers inspirerte indirekte til at Richard gjekk attende til rock and roll, då han turnerte saman med The Beatles og vart inspirert av den gamle stilen sin. become inspired by his old sound. Richard himself observed of the album that it was the thing that really put me back in business. It was just the kind of music I had always wanted to record. After it was released the offers for gospel concerts started pouring in. [1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «It's Real»   Homer L. Cox 3:20
2. «Joy Joy Joy»   Charles Hutchison Gabriel 2:23
3. «Do You Care»   Wailin Bill Dell 2:54
4. «The Captain Calls for You»   A.W. Spaulding, Harold A. Miller 2:22
5. «In Times Like These»   Ruth Caye Jones 3:22
6. «Do Lord, Remember Me»   Quincy Jones, Richard Penniman 2:35
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
7. «Ride On, King Jesus»   Quincy Jones, Richard Penniman 2:56
8. «(There Will Be) Peace in the Valley (For Me)»   Thomas A. Dorsey 2:59
9. «He's Not Just a Soldier»   Richard Penniman, William Pitt 2:38
10. «My Desire»   Thomas A. Dorsey 3:01
11. «He's My Star»   Richard Penniman 3:29
12. «It Takes Everything to Serve The Lord»   Marshall Kelly, Samuel Bond 2:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Little Richardvokal
  • The Quincy Jones Orchestra
  • The Howard Roberts Chorale
  • Ukjende musikarar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 White, Charles. (2003). The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography. Omnibus Press.
  2. White, Charles. (2003). The Life and Times of Little Richard: The Authorised Biography, page 103. Omnibus Press.