The Kingsmen Volume 3

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Kingsmen Volume 3
Studioalbum av The Kingsmen
Utgjeve 1965
Sjanger Garasjerock
Lengd 36:11
Selskap Wand
Produsent Jerry Dennon for Jerden Productions
The Kingsmen-kronologi 
The Kingsmen Volume II
(1964)
The Kingsmen Volume 3 The Kingsmen on Campus
(1966)


The Kingsmen Volume 3 er det tredje studioalbum av rockebandet The Kingsmen, gjeve ut i 1965.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]

Det tredje albumet til The Kingsmen inneheld «The Jolly Green Giant», ein humørfullt singel som nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 og 25. plassen på Billboard R&B-lista, i lag med fleire andre R&B-klassikarar og eit par coverlåtar av The Wailers. Som med det førre albumet, vart det lagt på publkumsstøy på somme songar for å gje inntrykk av at det var konsertopptak. Albumet selde godt på grunn av populariteten til singelen «The Jolly Green Giant», og gruppa heldt særs mange konsertar. Albumet låg 18 veker på Billboard Top LPs frå 20. februar 1965 og nådde 22. plassen.[2]

Albumet kom ikkje ut i Storbritannia. I 1993 gav Sundazed og Bear Family ut albumet på CD med bonusspora «Since You Been Gone», «It's Only The Dog» og «The Wolf Of Manhattan», og utan publikumsstøy. På CD-utgåva vart òg «Jolly Green Giant» flytta frå spor 1 til spor 3.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Over You»Lynn Easton2:05
2.«That's Cool, That's Trash»P.F. Sloan, Steve Barri2:12
3.«Jolly Green Giant»L. Easton, Don Harris, Dewey Terry1:57
4.«Don't You Just Know It»Huey Piano Smith, Johnny Vincent2:55
5.«I'll Go Crazy»Lee Allman1:52
6.«La-Do-Dada»Dale Hawkins, Margaret Lewis2:40
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Long Green»Lynn Easton2:37
8.«Mother-in-Law»Allen Toussaint2:32
9.«Shout»Ronald Isley, Rudolph Isley, O'Kelly Isley2:24
10.«Searchin' For Love»Wayne Gust2:06
11.«Tall Cool One»Rick Dangel, Kent Morrill, John Greek2:35
12.«Comin' Home Baby»Ben Tucker, Bob Dorough2:23
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Since You Been Gone»Rick Dangel, John (Buck) Ormsby, Kent Morrill3:08
14.«It's Only The Dog»Artie Wayne, Hugh McCracken2:13
15.«The Wolf Of Manhattan†»Joey Levine, Arthur Resnick2:32

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1965) Plassering
U.S. Billboard Top LPs 22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Lynn Easton: vokal, saksofon
  • Mike Mitchell: gitar, vokal
  • Barry Curtis: klaverinstrument, vokal
  • Dick Peterson: trommer, vokal
  • Norm Sundholm: bass, vokal
Teknisk
  • Produsent: Jerry Dennon for Jerden Productions utanom «The Wolf of Manhattan» som var produsert av Paul Tannen
  • Arrangør: The Kingsmen
  • Lydteknikar: Kearney Barton
  • Studio: Audio Recording, Inc. i Seattle i Washington
  • Plateomslag: Mitchell-Morrison, Inc.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Kingsmen Volume 3». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 1. mai 2018. 
  2. Whitburn, Joel (1996). Joel Whitburn's Top Pop Albums. Menomonee Falls, WI: Record Research Inc. ISBN 0-89820-117-9.