The Kingsmen in Person

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Kingsmen in Person
Studioalbum av The Kingsmen
Språk engelsk
Utgjeve 1963
Innspelt April og november 1963
Sjanger Garasjerock
Lengd 41:53
Selskap Wand 657
The Kingsmen-kronologi 
The Kingsmen in Person The Kingsmen Volume II
(1964)
Singlar frå The Kingsmen In Person
  1. «Louie Louie»
    Utgjeve: Mai 1963
  2. «Money»
    Utgjeve: Mars 1964

The Kingsmen in Person er det første studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Kingsmen, gjeve ut i 1963. Albumet inneheld «Louie Louie», den største hitten til bandet. Jack Ely, songaren på «Louie Louie», deltek ikkje på andre songar på albumet, fordi han slutta før innspelinga starta.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 stars[1]

The Kingsmen spelte inn «Louie Louie» i Northwestern Inc. platestudio den 6. april 1963.[2] Etter å ha blitt gjeve ut på Wand, «Louie Louie» gjekk inn på Billboard Hot 100 på ein 83. plass den 9. november og klatra raskt oppover lista.[3] Kingsmen prøvde å utnytte suksessen til songen og valde å gje ut eit heilt album, og det vart reservert konsertar ved nattklubben Chase den 15. og 16. november for å spele inn det som vart «The Kingsmen in Person».[4] Jack Ely, songaren på «Louie Louie», er ikkje med på nokre av dei andre songane på albumet, fordi han slutta før desse vart innspelt.[5] Wand ønskte å få albumet ut raskt for å få med seg julesalet..[6]

Albumet gjekk først inn på Billboard Top LPs den 18. januar 1964, og nådde til slutt 20. plassen. Det låg inne på lista i litt over to år, 131 veker totalt, fram til 1966.[7]

Albumet kom ut både i mono og stereo. I 1993 gav Sundazed Records og Bear Family ut albumet på CD med bonusspora «Haunted Castle», «The Krunch» og «(You Got) The Gamma Goochee».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Louie, Louie»Richard Berry2:44
2.«The Waiting»Don Gallucci, Lynn Easton3:08
3.«Mojo Workout»Julian Bright2:28
4.«Fever»Otis Blackwell, Eddie Cooley3:07
5.«Money»Berry Gordy, Janie Bradford2:24
6.«Bent Scepter»Don Gallucci2:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Long Tall Texan»Henry Strzelecki2:44
8.«You Can't Sit Down»Dee Clark, Cornell Muldrow2:59
9.«Twist & Shout»Phil Medley, Bert Russell4:55
10.«J.A.J.»Dave Lewis2:20
11.«Night Train»Jimmy Forest, Oscar Washington, Lewis C. Simpkins2:18
12.«Mashed Potatoes»Dessie Rozier2:33
Bonussspor på CD-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
13.«Haunted Castle»Lynn Easton2:47
14.«The Krunch»Lynn Easton2:18
15.«(You Got) The Gamma Goochee»John Mangiagli2:09

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1963) Plassering
U.S. Billboard 200[8] 20

Medvrkande[endre | endre wikiteksten]

  • Lynn Easton: vokal, saksofon, trommer
  • Mike Mitchell: gitar
  • Don Gallucci: klaverinstrument
  • Norm Sundholm: bass
  • Gary Abbott: trommer
  • Jack Ely: vokal, gitar (berre på «Louie Louie»)
  • Bob Nordby: bass (berre på «Louie Louie»)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rabid, Jack. «The Kingsmen in Person review». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 1. mai 2018. 
  2. Blecha 2009, p. 137
  3. Marsh 1993, s. 100
  4. Blecha 2009, s. 147
  5. Marsh 1993, p. 111
  6. Blecha 2009, p. 148
  7. Whitburn, Joel (1996). Joel Whitburn's Top Pop Albums. Menomonee Falls, WI: Record Research Inc. ISBN 0-89820-117-9. 
  8. «The Kingsmen in Person awards». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 1. mai 2018.