The Ladder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Ladder
Studioalbum av Yes
Utgjeve 20. september 1999
Innspelt Februar til mai 1999
Studio Armoury Studios
(Kitsilano i Vancouver i Canada)
Sjanger
Lengd 60:19
Selskap Eagle Records (Storbritannia)
Beyond Music (USA)
Produsent Bruce Fairbairn
Yes-kronologi
Open Your Eyes
(1997)
The Ladder House of Yes: Live from House of Blues
(2000)


Singlar frå The Ladder
  1. «Homeworld (The Ladder)»
    Utgjeve: 1999
  2. «Lightning Strikes...She Ay (Do Wa Bap)»
    Utgjeve: 1999
  3. «If Only You Knew»
    Utgjeve: 2000
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
The Daily VaultC+[2]
Progressiveworld(favorable)[3]

The Ladder er det sekstande studioalbumet frå progressiv rock-bandet Yes, utgjeve september 1999. Dette albumet blir rekna som den definitive returen til stilen deira frå 1970-talet, sjølv om det er særs moderne i lydmiksinga. Dette er det første albumet Igor Khorosjev medverkar som fulltidsmedlem.

Albumet kom på 99. plass på Billboard 200 i USA og på 36. plass på UK Albums Chart i Storbritannia.[4]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gitarist og klaverspelar Billy Sherwood var hovudsakleg han som produserte det førre albumet, Open Your Eyes, og bandet søkte no etter ein ekstern produsent og fann canadiske Bruce Fairbairn for å få objektive øyre og tankar. Sherwood var no nærast degradert til «andregitarist» i bandet etter at Khorosjev tok over tangentane.

Sjølv om innspelingane gjekk over all forventning og alle var særs nøgt med resultatet, enda avslutninga av albumet tragisk. Rett før dei siste vokalopptaka og den siste lydmiksinga, døydde Bruce Fairbairn. Han vart funne i sitt eige heim av vokalist Jon Anderson, og Yes har tileigna albumet til Fairbairn.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Jon Anderson, all musikk komponert av Jon Anderson, Steve Howe, Billy Sherwood, Chris Squire, Alan White og Igor Khorosjev..

# Tittel Lengd
1. «Homeworld (The Ladder)»   9:32
2. «It Will Be a Good Day (The River)»   4:54
3. «Lightning Strikes»   4:35
4. «Can I?»   1:32
5. «Face to Face»   5:02
6. «If Only You Knew»   5:43
7. «To Be Alive (Hep Yadda)»   5:07
8. «Finally»   6:02
9. «The Messenger»   5:13
10. «New Language»   9:19
11. «Nine Voices (Longwalker)»   3:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Studiomusikarar[5][endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Adams, Bret. «The Ladder – Yes | AllMusic». AllMusic. Henta 23. februar 2020. 
  2. Warburg, Jason (13 Oktober 1999). «The Daily Vault – Album Reviews – The Ladder: Yes». The Daily Vault. Henta 23. februar 2020. 
  3. Sollow, S. (2011). «PROGRESSIVEWORLD.NET: REVIEWS BY STEPHANIE SOLLOW». web.archive.org. Arkivert frå originalen 30. januar 2009. Henta 23. februar 2020. 
  4. UK Albums Chart: Yes – The Ladder
  5. CDUniverse - The Ladder