The Lamb Lies Down on Broadway

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Lamb Lies Down on Broadway
Studioalbum av Genesis
Utgjeve 18. november 1974
Innspelt August til oktober 1974
Studio Glaspant Manor i Carmarthenshire i Wales med Island Studios sitt mobile utstyrr
Sjanger
Lengd 1:34:15
Selskap Charisma
Atco (US/Canada)
Produsent
Genesis-kronologi
Selling England by the Pound
(1973)
The Lamb Lies Down on Broadway A Trick of the Tail
(1976)


Singlar frå The Lamb Lies Down on Broadway
  1. «Counting Out Time»
    Utgjeve: 1. november 1974
  2. «The Carpet Crawlers»
    Utgjeve: April 1975

The Lamb Lies Down on Broadway er det sjette studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Genesis. Det kom ut som eit dobbeltalbum den 18. november 1974 på Charisma Records og var det siste albumet deira med frontmannen Peter Gabriel før han slutta i 1975. Det fortel soga om Rael, ein puertoricansk ungdom frå New York City som legg ut på ei reise for å oppdage seg sjølv og kjem ut for rare hendingar og personar langs vegen. Under skrivinga og innspelinga forlet Gabriel for ei stund bandet for å arbeide med William Friedkin, som i tillegg til at han insisterte på å skrive alle tekstane, skapte press på resten av bandet.

The Lamb Lies Down on Broadway vart først møtt med blanda kritikk, men har sidan blitt kritikarrost. Det nådde tiandeplassen på UK Album Chart og 41. plassen på den amerikanske Billboard 200. I Storbritannia kom det ut to singlar får albumet, «Counting Out Time» og «The Carpet Crawlers», medan tittelsporet vart gjeven ut på singel i USA. Genesis marknadsførte albumet med ein turné i Nord-Amerika og Europa, og heldt i alt 102 konsertar i 1974 og 1975. Albumet selde til gullplate i USA i 1990 for 500 000 selde eksemplar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I mai 1974 bestod Genesis av frontmannen og songaren Peter Gabriel, klaverspelaren Tony Banks, bassisten Mike Rutherford, trommeslagaren Phil Collins og gitaristen Steve Hackett og dei var nettopp ferdig med 1973-1974-turneen sin i Europa og Nord-Amerika for å marknadsføre det femte albumet sitt, Selling England by the Pound (1973). Albumet var kritikarrost og selde godt, og dei fekk den høgaste plasseringa si til då på listene i USA og Storbritannia. Månaden etter leigde dei Headley Grange, eit stort, tidlegare fattighus i Headley i East Hampshire for å skrive og øve inn nytt materiale for det neste studioalbumet sitt.[2][3] Då dei kom fram var bygningen etterlate av eit tidlegare band med ekskrement på golvet og mykje rotter.[4] Privatlivet til somme av medlemmane byrja å påverke stemninga i bandet. Hackett sa: «Alle hadde sin eigen agenda. Somme av oss var gifte, somme av oss hadde barn, somme av oss vart skilde, og me prøvde framleis å ta oss saman i landet».[4] Banks har seinare omtalt denne tida som den han likte minst i Genesis.[5]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Skriving[endre | endre wikiteksten]

Konseptet og soga på albumet vart påtenkt av den originale songaren Peter Gabriel.

Før dei hadde diskusjonar om kva albumet skulle innehalde, hadde dei bestemt seg for å spele inn eit dobbeltalbum, sidan dette gav dei høvet til å improvisere og leggje ned fleire av dei musikalske ideane sine.[6] Eit enkelt album med songar som fortalte «bitar» av ei soge var ikkje eit val som appellerte til dei.[7] Banks meinte at Genesis hadde fått nok fans no til at dei kunne gi ut nok materiale til å dekkje to album som fansen var villig til å lytte til.[8] Dei hadde òg ønskt å skape eit konseptalbum ei stund,[9] og Rutherford la fram ein idé basert på fantasiromanen Den vesle prinsen av Antoine de Saint-Exupéry, men Gabriel ønskte ikkje det og synst det var «for nusseleg» og meinte at «danse kring i eventyrland var raskt blitt avleggs».[10]

Gabriel presenterte ei meir komplisert og surrealistisk soge om Rael for gruppa, ein puertoricansk ungdom i New York City og den andelege reisa for å oppdage seg sjølv, der han kom ut for mange rare hendingar og personar langs vegen.[11] Gabriel hadde først tenkt ut soga då dei turnerte Nord-Amerika året før og la fram soga for gruppa «fram til dei gjekk med på å gjere heile greia.»[7][12] Soga var meir detaljert og obskur i starten, før Gabriel endra ho og gjorde Rael til den sentrale rollefiguren.[13] Han valte namnet Rael fordi han ønskte eit namn som ikkje hadde «sporbart etnisk opphav», men forstod sidan at The Who hadde brukt namnet på The Who Sell Out (1967), som først irriterte han før han likevel valte å halde på namnet.[14] Då bandet leita etter eit namn forstod dei at «Ra» var eit vanleg mannsnamn i fleire land.[15] Gabriel var inspirert av mange ting for soga, som romanen og musikalen West Side Story, «ein slags punk-aktig» vri på den kristne allegorien Pilgrim's Progress (1678), verka til den sveitsiske psykologen Carl Jung og den surrealistiske, vestlege filmen El Topo (1971) av Alejandro Jodorowsky.[16] I motsetnad til Selling England by the Pound, som har sterke engelske tema, prøvde Gabriel bevisst å unngå dette og i staden gå for amerikanske bilete,[9] med referansar til Caryl Chessman, Lenny Bruce, Groucho Marx, Marshall McLuhan, Howard Hughes, Evel Knievel og Ku Klux Klan.[17] Han var òg uroa over tittelen på albumet, men merka seg at lammet sjølv var reint symbolsk og ein katalysator for rare hendingar som skjer.[12]

Mykje av albumet vart skrive i Headley Grange.

Under skrivinga i Headley Grange, fjerna Gabriel seg frå resten av bandet og dette førte til krangling. Sidan han hadde kome på konseptet, insisterte Gabriel på å skrive alle tekstane, og let resten av bandet stå for det meste av musikken.[18] Bandet hadde ikkje gjort det slik før, sidan det alltid hadde vore andre medlemmar som òg hadde skrive tekstar før.[19] Situasjonen gjorde at Gabriel ofte sat på eit rom aleine og skreiv tekstar, medan dei fire andre øvde i eit anna rom.[20] Ein gong hadde ikkje Gabriel klart å få ein tekst ferdig i tide, så Rutherford og Banks skreiv teksten til «The Light Dies Down on Broadway». Andre gonger kom Banks og Hackett med tekstforslag dei meinte ville passe songane deira betre, høvesvis «The Lamia» og «Here Comes the Supernatural Anaesthetist», som Gabriel så avviste.[21]

Det vart meir krangling på denne tida då Gabriel godtok ein invitasjon frå filmprodusenten William Friedkin om å skrive eit manus etter Friedkin likte den surrealistiske soga Gabriel hadde skrive på omslaget til Genesis Live (1973).[22] Collins kom så med eit forslag om å lage eit heilt instrumentalt album, og meinte det kunne vere ein fordel sidan Gabriel tidlegare hadde skrive veldig tekst-tunge songar, men resten av gruppa gjekk ikkje med på dette.[23] Gabriel sitt tilbod hos Friedkin vart derimot ikkje noko av og han fortsette arbeidet med albumet.[24] Det vart meir komplisert då Gabriel var borte ei stund i London etter at den første kona hans Jill gjekk gjennom ein farleg og vanskeleg fødsel med det første barnet deira i juli 1974[21] og Gabriel reiste ofte fram og attende. Rutherford har seinare sagt at han og Banks var «forferdeleg lite støttande» for Gabriel på denne tida,[25] og Gabriel såg dette som byrjinga på slutten for tida hans i Genesis.[26]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Etter tida deira i Headley Grange var over, flytta Genesis til Glaspant Manor i Capel Iwan i Carmarthenshire i Wales[27] for å spele inn plata med eit mobilt innspelingsutstyr frå Island Studios i London.[28] The Lamb Lies Down on Broadway vart den siste innspelinga deira med John Burns som medprodusent, ei rolle han hadde hatt sidan Foxtrot (1972). Heile bandet er oppførte som medprodusentar, medan David Hutchins var lydteknikar.[28] Innspelingsutstyret bestod mellom anna av to 3M 24-sporsopptakarar, ein Helios Electronics 30-input miksepult, Altec-monitorar, og to A62 Studers for mastering.[29] Burns og Gabriel eksperimenterte med forskjellige vokaleffektar, mellom anna innspeling inne på eit bad og eit fjøs som låg nokre kilometer unna.[29] Rutherford meinte at lyden på albumet var betre enn tidlegare Genesis-album sidan det ikkje var spelt inn i eit profesjonelt studio, og at dette gjorde godt for lyden til trommene til Collins.[30] Collins samanlikna lyden på albumet med innspelingane Neil Young gjorde på låven sin, «ikkje studio, ikkje lydtett, men ein treaktig kvalitet».[31] Gabriel sa at eitt spor vart spelt inn på ein kassett og brukt på albumet.[15]

Alle spora for albumet vart spelt inn på omtrent to veker[21]. Gabriel arbeidde framleis på tekstane ein månad seinare, og spurte ein gong bandet om å skrive meir musikk for å passe teksten hans. Dette var tilfellet med «The Carpet Crawlers» og «The Grand Parade of Lifeless Packaging».[29] Bandet trudde det ekstra materiale skulle vere instrumentalt, men fann seinare ut at Gabriel hadde sunge over dei nye partane,[32] noko han òg hadde gjort på spor på Foxtrot (1972) og Selling England by the Pound (1973). Gabriel spelte inn vokalen sin i Island Studios, der albumet vart miksa over fleire skift då bandet sleit med å få albumet ferdig til utgjevinga i november 1974.[32] Collins sa: «Eg miksa og dubba heile natta, og så kom Tony og Mike inn og miksa om att det eg hadde gjort fordi eg hadde mista all kjensle om kva som var normalt på det tidspunktet».[29]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Soga opnar med Rael på Broadway i New York City.

Ein morgon i New York City held Rael ein sprayboks og hatar alle kring seg. Han ser eit lam som ligg på Broadway og dette går kraftig inn på han. («The Lamb Lies Down on Broadway») Han går ned langs gata og ser ei mørk sky ta form som eit filmlerret og flyttar seg sakte mot han og til slutt absorberer han («Fly on a Windshield»), og ser ein eksplosjon av bilete frå den dagen («Broadway Melody of 1974») før han vaknar i ei grotte og igjen sovnar («Cuckoo Cocoon»). Rael vaknar opp og finn seg sjølv fanga i eit bur av stalaktittar og stalagmittar, som sakte kryp inn mot han. Då han prøver å rømme ser han broren sin John og roper etter han, men John går sin veg og buret forsvinn brått («In the Cage»).

Rael er no på eit golv i ein fabrikk og får ei omvising i området av ei kvinne, der han ser folk bli pakka inn i pakkar. han ser ein gammal ven frå gjengen sin og John med talet «9» stempla inn på panna. Rael fryktar for livet sitt og rømmer inn i ein gang («The Grand Parade of Lifeless Packaging»)[33] og har eit lengre tilbakeblikk om då han kom attende frå eit gjengraid i New York City, («Back in N.Y.C.»)[34] ein draum der det hårete hjarta hans vert fjerna og barbert med ein høvel, («Hairless Heart») og det første seksuelle møtet hans («Counting Out Time»).[35] Tilbakeblikket til Rael endar og han finn seg sjølv i ein lang gang med raudt teppe der folk kryp mot utgangen via ei spiraltrapp («Carpet Crawlers»). På toppen kjen han til eit rom med 32 dører, omgjeve av folk og med problem om å konsentrere seg («The Chamber of 32 Doors»). Han finn ei kvinne som fører han ut av rommet og inn i ei anna grotte («Lilywhite Lilith»), der han vert fanga av fallande steinar («The Waiting Room», «Anyway»). Rael møter Døden («Here Comes the Supernatural Anaesthetist») og rømmer frå grotta.

Rael endar opp eit basseng med tre Lamia, vakre, slangeliknande skapningar, og har sex med dei, før dei døyr etter å ha drukke noko av blodet hans («The Lamia»). Han forlet bassenget i ein båt («Silent Sorrow in Empty Boats»), og e så i ei gruppe kalla Slippermen, med forvridde, grotessske menn som alle har hatt den same opplevinga med lamiaene, og finn ut at han har blitt ein av dei («The Arrival»). Rael finn John blant Slippermen, som avslører at den einaste måten å bli menneskeleg igjen er å dra til Doktor Dyper og bli kastrert («A Visit to the Doktor»). Begge vert kastrerte og held den fjerna penisen sin i boksar rundt halsen. Boksen til Rael vert stolen av ein ramn og han jagar etter fuglen og forlet John («The Raven»). Ramna droppar boksen i ei kløft og ei underjordisk elv («Ravine»).

Medan Rael går langs elva ser han eit vindauge i breidda over hovudet sitt, der han ser heimen sin i ei gate («The Light Dies Down on Broadway»). Meda han tenkjer på å dra heim, ser han John i ei elv under seg, som kjempar med å halde seg flytande. Tarss i at han har blitt forlaten av John to gonger, hoppar Rael uti etter han og porten til New York forsvinn («Riding the Scree»). Rael redda John og dreg kroppen hans til elvebreidda, og snur han rundt for å sjå på andletet hans, men oppdagar at det er sitt eige andlet («In the Rapids»). Medvitet hans driv mellom dei to kroppane, og han ser kulissane rundt smelte bort i ein dis. Begge kroppane vert oppløyste og anda til Rael vert i eitt med alt kring han («it.»).[36]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Brian Eno bidrog med vokaleffektar på albumet, kalla «Enossifications».

Mykje av musikken på albumet utvikla gjennom bandimprovisasjonar og jammar, noko Banks særleg likte, sidan dei ofte jamma etter å ha bestemt seg for ein enkel ide. Døme på dette var det han skildra som ein «kinesisk jam» som enda opp på «The Colony of Slippermen», ein kalla «Victory at Sea» som vart til «Silent Sorrow in Empty Boats», og ein annan kalla «Evil Jam» som vart «The Waiting Room».[18][5] Sjølv om det er eit konsept, skildra Gabriel formatet som delt inn inn i «sjølvstendige song-einingar».[14] Han meinte albumet bestod av noko av det beste gruppa laga og songar som han var mest stolt av i tida hans i Genesis.[37]

Banks hugsa å skrive «The Lamb Lies Down on Broadway» med Gabriel, og det vart den siste songen dei skreiv i lag. Det var «ein ganske bra song å slutte med».[38] I slutten av songen vert det lånt musikk og tekst frå songen «On Broadway» av The Drifters frå 1963.[39] «Fly on a Windshield» kom til gjennom ein improvisasjon, etter ein ide frå Rutherford basert på «faraoer som går ned Nilen» og er basert på to akkordar. Banks sa «Umiddelbart kom resten av oss opp med denne særskilde stemninga.»[40] Banks var særleg glad i delen når trommene og gitaren kjem inn, og kalla det eit av dei beste augneblinka til bandet.[16] Hackett valte å spele «egyptiske frasar» og merka seg at gruppa brukte liknande modulasjonar som slutten av Bolero av Maurice Ravel.[18] På «Back in N.Y.C.» nytta Genesis ein meir aggressiv stil enn tidlegare songar, og Gabriels syng «I'm not full of shit».[34] Eit personleg høgdepunkt for Collins er «Silent Sorrow in Empty Boats»[41] og «The Waiting Room» som vart utvikla som ein jam av «enkel, god til dårleg lydlandskap» medan det regna, før dei stoppa og det oppstod ei regnboge utafor. Collins sa at «Steve [Hackett] spelte desse mørke akkordane, så kom Peter [Gabriel] inn med ein obo, og så var det eit kraftig toreskrall og me tenkte me gjekk inn i ei anna verd eller noko slikt. Det var i slike augneblink at me framleis var ei samla eining av fem mann».[16]

«The Carpet Crawlers» utvikla seg på ei tid då Gabriel hadde skrive noko tekst, men det var ikkje noko musikk for teksten. Bandet sette saman ein akkordsekvens[42] «i D, e-moll og fiss-moll med ein rull av trommer som flyt gjennom».[16] Gabriel brukte «time etter time» på eit ustemt piano heime hos foreldra til den dåverande kona Jull i Kensington.[43] Jill sa seinare at Gabriel var særskild glad i denne songen.[44] «Anyway» og «Lilywhite Lilith» utvikla seg frå to songar som ikkje var gjevne ut før, høvesvis «Frustration» og «The Light».[24] I gitarsoloen til Hackett på «Counting Out Time» spelar han ein EMS Synthi Hi-Fli gitarsynthesizer.[45] Under miksinga i Island Studios, arbeidde Brian Eno på albumet sitt Taking Tiger Mountain (By Strategy) (1974) i nabostudioet. Gabriel spurte Eno om han kunne leggje på effektar på vokalen hans på fleire spor, som «The Grand Parade of Lifeless Packaging».[46] For dette vart han oppført med «Enossification» på omslaget.[28] Til gjengjeld spurte Eno Collins om å spele trommer på sporet hans «Mother Whale Eyeless».[47]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Hipgnosis designa plateomslaget. Det skilde seg frå dei tidlegare albuma deira, som var meir fargerike. På omslaget til The Lamb Lies Down on Broadway vart det nytta eit svartkvittbilete og ingen fargar. Bandlogoen, opphavleg designa av Paul Whitehead og nytta på Nursery Cryme (1971) og Foxtrot (1972), vart erstatta av ein ny ein i Art Deco-stil av George Hardie. Det venstre biletet på framsida syner Rael i området der «In the Rapids» og «Riding the Scree» er sett til.[29]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Bandet vurderte å gje ut albumet som to enkle album med seks månaders mellomrom.[29] Gabriel meinte seinare at denne ideen hadde vore betre, sidan eit dobbeltalbum inneheld for mange songar, og det ville gjeve han meir tid til å arbeide på tekstane.[29] Uansett vart The Lamb Lies Down on Broadway gjeve ut som eit dobbeltalbum 18. november 1974,[48] dagar før den påfølgjande turneen starta. Det vart den beste plasseringa bandet hadde fått til då med ein tiandeplass på UK Albums Chart[49] i desember 1974 i løpet av dei seks vekene albumet låg på lista,[50] og ein 41. plass på den amerikanske Billboard 200[51] i 1975.[48] Albumet nådde 15. plassen på lista i Canada[52] og 34. plassen på New Zealand.[53] Det vart gjeve ut to singlar frå albumet. «Counting Out Time» med «Riding the Scree» som B-side, kom ut 1. november 1974.[29] Den andre, «The Carpet Crawlers» med eit konsertopptak av «The Waiting Room (Evil Jam)» frå Shrine Auditorium i Los Angeles, følgde i april 1975. Albumet fortsette å selje og nådde gullplate i Storbritannia den 1. februar 1975,[54] og i USA for 500 000 selde eksemplar den 20. april 1990.[55]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[48]
Christgau's Record GuideB–[56]
The Rolling Stone Album Guide4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[57]

Bandet var uroa for at albumet kom til å få dårleg kritikk på grunn av konseptet og det lange formatet. Banks håpa at albumet gjorde at folk ikkje lenger samanlikna dei med Yes og Emerson, Lake & Palmer, to andre populære progrock-band på den tida. Gabriel visste at konseptet var ideelt for kritikarane «å setje tennene sine i».[58]

I eit intervju i Melody Maker i oktober 1974, kort tid før albumet kom ut, spelte Gabriel fleire songar frå albumet til journalisten Chris Welch, som «In the Cage», «Hairless Heart», «The Carpet Crawlers» og «Counting Out Time». Welch skreiv «Det høyrdest fantastisk ut. Vakre songar, fascinerande tekstar og sensitiv, var speling, blanda med humor og harmoniar. Kva meir kan ein Genesis-fan ønskje?» Han peikte særskild på spelinga til Collins som «eineståande».[14] Meldinga til Welch for Melody Maker ein månad seinare sa mellom anna: «Eit par gylne mirakuløse tonar og nokre margfulle tekstar er verdt alt rotet og dei tomme orda» og kalla albumet ein «kvit elefant».[58] For NME roste Barbara Charone albumet. Ho oppsummerte albumet som ein kombinasjon av den «musikalske dugleiken» på Selling England by the Pound (1973) med dei «grandiose illusjonane» på Foxtrot (1972) og «ein kulminasjon av tidlegare element blanda med dagens evner og framtidige retningar». Charone meinte at albumet hadde fleire høgdepunkt enn noko tidlegare Genesis-album utanom nokre «få, pinlege instrumentale augneblink på side tre». Alle medlemmane fekk os for spelinga si, og særskild Hackett som tredde fram som eit meir dominerande medlem av gruppa med sin «frenetiske, krappe stil», korvokalen til Collins og dei «tjukke, bassakkordane og den vare akustikken» til Rutherford.[59] Colin Irwin skreiv ei negativ melding om singelen «Counting Out Time» med sin «oppbrukte, lunkne tilnærming» og sine «sørgmodige, keisame tre og eit halvt minutt».[60]

I seinare tid har albumet stort sett vore kritikarrost. I 1978 skreiv Nick Kent for NME at det «hadde ein uimotståeleg appell som ofte gjekk forbi den grå tyngda til mammutkonseptet som heldt dei like mammutlange fire sidene av vinylen saman».[61] I ei spesialutgåve av Q og Mojo kalla Pink Floyd & The Story of Prog Rock, er albumet rangert på 14. plassen på lista kalla40 Cosmic Rock Albums.[62] Albumet kom på tredjeplassen på ei liste over dei ti beste konseptalbuma i Uncut, der det vart skildra som eit «impresjonistisk, intenst album» og «reint teater (på ein god måte) og framleis det beste verket til Gabriel».[63] Stephen Thomas Erlewine i AllMusic gav albumet fem av fem stjerner. Han skreiv at trass i «den lange librettoen» til Gabriel på omslaget «gjev soga aldri meining», men musikken er «sterke, fantasirike verk som syner det originale Genesis på sitt beste... Det er ein kraftig, varig bragd og det er ikkje rart at Peter Gabriel måtte dra ... dei hadde nådd så langt dei kunne nå i lag».[48]

I ei lesarundersøking i Rolling Stone over dei beste progrockalbuma gjennom tidene, hamna albumet på femteplassen.[64] I 2014 kåra lesarane i Rhythm The Lamb Lies Down on Broadway til det fjerde beste trommealbumet i progrockhistoria.[65] I 2015 inkluderte NME albumet på lista si over «23 galnaste og mest minneverdige konseptalbum» for «å ta tak i tema om spalta personlegdom, himmel og helvete og sanning og fantasi».[66] Albumet var eit av to frå genesis som var med på topp 10-lista til Rolling Stone over dei 50 beste progrockalbuma gjennom tidene. Dei skildra det som «eit av rockens mest utførlege, forlokkande og merkverdig givande konseptalbum».[67]

Banks sa seinare at konseptet på albumet var det svakaste ved det, sjølv om tekstane til somme av songane var «vedunderlege».[68] Mike Rutherford sa at sjølv om albumet var godt likt av fansen, var det eit utmattande å arbeide med det og at det hadde både mange høgdepunkt, men òg lågpunkt. Steve Hackett sa at gitaren hans vart bukt for lite samanlikna med tidlegare album, men at han meinte albumet hadde mange vakre augneblink og at det hadde vokse på han etter kvart. I Genesis: Together and Apart sa Peter Gabriel at albumet, i lag med «Supper's Ready», var dei to høgdepunkta hans med bandet. I same dokumentaren sa Phil Collins at bandet hadde skapt den beste musikken sin på albumet. Han sa òg at et var favorittalbumet hans av Genesis.[69]

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

The Lamb Lies Down on Broadway vart først ommastra for CD i 1994 og gjeve ut på Virgin Records i Europa og Atlantic Records i Nord-Amerika. Dette omfatta hefte med tekstar og soga. Ei ommastra utgåve for Super Audio CD og DVD med ein ny stereo og 5.1 kringlydmiks av Nick Davis kom ut i 2008 som ein del av plateboksen Genesis 1970–1975.

Turné[endre | endre wikiteksten]

Rutherford, Gabriel og Collins på scenen i 1974 under The Lamb...-turneen. Gabriel har på seg Slipperman-kostymte.

Genesis spelte 102 konsertar i Nord-Amerika og Europa under The Lamb Lies Down On Broadway-turneen,[70] og spelte albumet i sin heilskap med ein eller to eldre songar som ekstranummer.[71] Ikkje alle i bandet var samde i dette formatet, sidan dei fleste i publikum ikkje var kjende med det meste av dei nye songane. Turnen skulle byrja 29. oktober 1974 med 11 konsertar i Storbritannia, som vart utselde berre timar etter billettane vart lagt ut for sal. Desse vart derimot flytta til 1975 då Hackett skar seg på eit knust vinglas og såra måtte få gro.[72][14] Turneen byrja 20. november i Chicago,[44] og enda 22. mai 1975 i Besançon i Frankrike.[70] Dei siste to planlagde konsertane den 24. og 27. mai i Toulouse og Paris vart avlyste på grunn av dårleg billettsal.[73] Gabriel markerte den siste konserten sin med gruppa med å spele «Last Post» på obo.[74]

Gabriel sluttar[endre | endre wikiteksten]

Under ein stopp i Cleveland i november 1974, fortalte Gabriel bandet han kom til å slutte då turneen var over.[71] Avgjersla vart halde skjult for resten av turneen, og Gabriel lovde bandet å ikkje seie noko ei stund til, slik at dei fekk tid til å førebu framtida utan hans. Avgjersla vart annonsert i august 1975, då Gabriel skreiv ei personleg melding til engelsk musikkpresse kalla «Out, Angels Out».[75] I det opne brevet forklarte han at han var blitt desillusjonert med musikkindustrien og ønskte å bruke tid med familien.[76] Banks sa seinare at «Pete var òg blitt for stor for gruppa. Han vart framvist som om han var 'mannen' og det var ikkje slik det var. Det var særs vanskeleg å tilpasse seg dette. Så det var faktisk ei letting.»[71]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Eit konsertopptak frå 24. januar 1975 i Shrine Auditorium i Los Angeles er gjeve ut som ein del av Genesis Archive 1967–75.[77] På somme av spora måtte Gabriel spele inn vokalen og nokre gitarpartar av Hackett på nytt.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar skrivne av Tony Banks, Phil Collins, Peter Gabriel, Steve Hackett og Mike Rutherford

Side ein
# Tittel Lengd
1. «The Lamb Lies Down on Broadway»   4:54
2. «Fly on a Windshield»   2:45
3. «Broadway Melody of 1974»   2:11
4. «Cuckoo Cocoon»   2:13
5. «In the Cage»   8:12
6. «The Grand Parade of Lifeless Packaging»   2:46
Side to
# Tittel Lengd
1. «Back in N.Y.C.»   5:39
2. «Hairless Heart» (instrumental) 2:10
3. «Counting Out Time»   3:41
4. «The Carpet Crawlers»   5:16
5. «The Chamber of 32 Doors»   5:45
Side tre
# Tittel Lengd
1. «Lilywhite Lilith»   2:49
2. «The Waiting Room» (instrumental) 5:17
3. «Anyway»   3:17
4. «Here Comes the Supernatural Anaesthetist»   2:49
5. «The Lamia»   6:58
6. «Silent Sorrow in Empty Boats» (instrumental) 3:01
Side fire
# Tittel Lengd
1. «The Colony of Slippermen».
«The Arrival»
«A Visit to the Doktor»
«The Raven»  
8:12
2. «Ravine» (instrumental) 2:06
3. «The Light Dies Down on Broadway»   3:32
4. «Riding the Scree»   4:07
5. «In the Rapids»   2:22
6. «it»   4:19

«The Lamb Lies Down on Broadway» inneheld element frå «On Broadway», skriven av Cynthia Weil, Barry Mann, Jerry Leiber og Mike Stoller.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Genesis

Andre medverkande

  • Brian Eno – Enossification (vokalhandsaming) på «In the Cage» og «The Grand Parade of Lifeless Packaging»[78]

Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Canada Top Albums/CDs (RPM)[52] 15
Italia[79]
14
Newzealandske album (Recorded Music NZ)[80] 34
Britiske album (OCC)[81] 10
US Billboard 200[82] 41

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «The Lamb Lies Down on Broadway» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mars 2020.
  • Banks, Tony; Collins, Phil; Gabriel, Peter; Hackett, Steve; Rutherford, Mike (2007). Dodd, Philipp, red. Genesis. Chapter and Verse. Weidenfeld & Nicolson. ISBN 978-0-297-84434-1. 
  • Bowler, Dave; Dray, Bryan (1992). Genesis – A Biography. Sidgwick & Jackson. ISBN 978-0-283-06132-5. 
  • Fielder, Hugh; Sutcliffe, Phil (1984). The Book of Genesis. St. Martin's Press. ISBN 978-0-312-08880-4. 
  • Hewitt, Alan (2001). Opening the Musical Box – A Genesis Chronicle. Firefly Publishing. ISBN 978-0-946-71930-3. 
  • Holm-Hudson, Kevin (2008). Genesis and The Lamb Lies Down on Broadway. Ashgate Publishing, Ltd. ISBN 978-0-754-66139-9. 
  • Platts, Robin (2001). Genesis: Inside & Out (1967–2000). Collector's Guide Publishing. ISBN 978-1-896-52271-5. 
  • Rutherford, Mike (2015). The Living Years: The First Genesis Memoir. Thomas Dunne Books. ISBN 978-1-250-06068-6. 
  • Thompson, Dave (2004). Turn It On Again: Peter Gabriel, Phil Collins, and Genesis. Backbeat Books. ISBN 0-87930-810-9. 
  • Banks, Tony; Collins, Phil; Gabriel, Peter; Hackett, Steve; Rutherford, Mike. (10. november 2008). Genesis 1970–1975: The Lamb Lies Down on Broadway. [DVD]. Virgin Records. UPC 5099951968328. 
  1. Allen, Jim (4. januar 2017). «Genesis Albums Ranked Worst to Best». Ultimate Classic Rock. Henta 9. mars 2020. 
  2. Rutherford 2015, s. 120.
  3. Clarke, Steve (1. juni 1974). «The Charterhouse Boys». New Musical Express. Henta 10. mars 2020. 
  4. 4,0 4,1 Genesis 2007, s. 151.
  5. 5,0 5,1 Genesis 2007, s. 156.
  6. Rutherford, Mike. Reissues Interview 2007 bonus feature at 4:22–4:45.
  7. 7,0 7,1 Takiff, Jonathan (4 Desember 1974). «Genesis of a rock 'n' roll band». Philadelphia Daily News. s. 23. Henta 10. mars 2020 – via Newspapers.com. 
  8. Banks, Tony. Reissues Interview 2007 bonus feature at 4:45–5:05.
  9. 9,0 9,1 Charone, Barbara (26 Oktober 1974). «Mickey Mouse Lies Down on Broadway». Sounds: 22, 27. Henta 10. mars 2020. 
  10. Platts 2001, s. 74, 75.
  11. Welch, Chris. Genesis: The Lamb Lies Down On Broadway. Melody Maker, 23. november 1974.
  12. 12,0 12,1 Bell, Max (15 Mars 1975). «Gabriel's Cosmic Juice (not to be taken internally)». New Musical Express: 14–15. Henta 10. mars 2020. 
  13. Bowler & Dray 1992, s. 88.
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Welch, Chris (26 Oktober 1974). «The New Face of Gabriel». Melody Maker: 28–29. Henta 10. mars 2020. 
  15. 15,0 15,1 Spencer, Neil (2. november 1974). «Public school boy reprimands critics». New Musical Express. Henta 10. mars 2020. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Genesis 2007, s. 157.
  17. Erskine, Pete (30. november 1974). «GENESIS: «The Lamb Lies Down on Broadway» (Charisma)». New Musical Express. Henta 10. mars 2020. 
  18. 18,0 18,1 18,2 Hewitt 2001, s. 42.
  19. Banks, Tony. Reissues Interview 2007 bonus feature at 5:15–5:25.
  20. Collins, Phil. Reissues Interview 2007 bonus feature at 2:07–2:28.
  21. 21,0 21,1 21,2 Platts 2001, s. 75.
  22. Easlea, Daryl (23 April 2007). «Classic Pop/Rock Review – Genesis, The Lamb Lies Down on Broadway». BBC. Henta 31 December 2008. 
  23. Collins, Phil. Reissues Interview 2007 bonus feature at 8:36–9:20.
  24. 24,0 24,1 Genesis 2007, s. ukjend.
  25. Rutherford 2015, s. 122.
  26. Gabriel, Peter. Reissues Interview 2007 bonus feature at 10:55–11:58.
  27. «Glaspant Retreats Gallery». www.glaspant.co.uk. Arkivert frå originalen 20 Oktober 2016. Henta 10. mars 2020. 
  28. 28,0 28,1 28,2 The Lamb Lies Down on Broadway. Charisma Records. 1974. CGS 101. 
  29. 29,0 29,1 29,2 29,3 29,4 29,5 29,6 29,7 Holm-Hudson 2008, s. 52.
  30. Rutherford, Mike. Reissues Interview 2007 bonus feature at 14:42–15:15.
  31. Collins, Phil. Reissues Interview 2007 bonus feature at 15:15–15:32.
  32. 32,0 32,1 Platts 2001, s. 76.
  33. Holm-Hudson 2008, s. 72.
  34. 34,0 34,1 Holm-Hudson 2008, s. 75.
  35. Holm-Hudson 2008, s. 76.
  36. «bloovis.com - The Annotated Lamb Lies Down on Broadway». www.bloovis.com. Henta 10. mars 2020. 
  37. Gabriel, Peter. Reissues Interview 2007 bonus feature at 16:34–16:52.
  38. Banks, Tony. Reissues Interview 2007 bonus feature at 17:39–17:51.
  39. Holm-Hudson 2008, s. 65.
  40. Fielder & Sutcliffe 1984.
  41. Bowler & Dray 1992, s. 92.
  42. Banks, Tony. Reissues Interview 2007 bonus feature at 19:31–19:59.
  43. Gabriel, Peter. Reissues Interview 2007 bonus feature at 19:59–20:25.
  44. 44,0 44,1 Bright, Spencer (1999). Peter Gabriel: An Authorized Biography. Sidgwick & Jackson. ISBN 0-283-06187-1. Henta 10. mars 2020. 
  45. Platts 2001, s. 77.
  46. Holm-Hudson 2008, s. 58.
  47. Thompson 2004, s. 117.
  48. 48,0 48,1 48,2 48,3 Erlewine, Stephen Thomas (2011). «The Lamb Lies Down on Broadway». AllMusic. Henta 23. februar 2020. 
  49. Bowler & Dray 1992, s. 246.
  50. «Genesis». Official Charts. Henta 25. april 2016. 
  51. «Genesis: Awards». AllMusic. Henta 10. mars 2020. 
  52. 52,0 52,1 "Top RPM Albums: Nummer 3919a". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 10. mars 2020.
  53. «GENESIS - THE LAMB LIES DOWN ON BROADWAY (ALBUM)». Recorded Music NZ. Henta 24. april 2016. 
  54. «Certified Awards». British Phonographic Industry. Henta 29. februar 2020. 
  55. «GOLD & PLATINUM: The Lamb Lies Down on Broadway». Recording Industry Association of America. Henta 29. februar 2020. 
  56. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: G». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2020 – via robertchristgau.com. 
  57. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The new Rolling Stone album guide. New York: Simon & Schuster. s. 327. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  58. 58,0 58,1 Bowler & Dray 1992, s. 94.
  59. Charone, Barbara (25. november 1974). «Genesis: lamb like a polished diamond». Sounds. Henta 10. mars 2020. 
  60. Irwin, Colin (16. november 1974). «Genesis: What a dreary time». Melody Maker. Henta 10. mars 2020. 
  61. Nick Kent: «Gabriel: The Image Gets a Tweak». NME. 10. juni 1978
  62. Q Classic: Pink Floyd & The Story of Prog Rock, 2005.
  63. Uncut magazine. May 2007. Issue 120.
  64. Greene, Andy. «Readers' Poll: Your Favorite Prog Rock Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 8. mars 2020. 
  65. «Peart named most influential prog drummer». TeamRock. 3 Oktober 2014. Henta 21. august 2015. 
  66. «23 Of The Maddest And Most Memorable Concept Albums». NME. Henta 10. mars 2020. 
  67. «50 Greatest Prog Rock Albums of All Time». Rolling Stone. Henta 10. mars 2020. 
  68. Banks, Tony. Reissues Interview 2007 bonus feature at 2:33–2:45.
  69. «Phil Collins». IMDb. Henta 10. mars 2020. 
  70. 70,0 70,1 Genesis 2007, s. 349.
  71. 71,0 71,1 71,2 Genesis 2007, s. 158.
  72. «Genesis tour is called off!». New Musical Express. 26 Oktober 1974. Henta 10. mars 2020. 
  73. Genesis (1991). Genesis: A History (VHS). PolyGram Video. 
  74. Platts 2001, s. 83.
  75. Eric (13. februar 2012). «Peter Gabriel's letter to media on why he left Genesis». That Eric Alper. Arkivert frå originalen 26. april 2014. Henta 10. mars 2020. 
  76. Bowler & Dray 1992, s. 107.
  77. Platts 2001, s. 81.
  78. Stone, Greg. «Tony Banks Interview April 1978». YouTube. 
  79. «Hit Parade Italia - ALBUM 1975». www.hitparadeitalia.it. Henta 10. mars 2020. 
  80. "Genesis – The Lamb Lies Down on Broadway". Charts.org.nz. Hung Medien. Henta 10. mars 2020.
  81. "{{{date}}} Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 10. mars 2020.
  82. "Genesis Album & Song Chart History" Billboard 200 for Genesis. Prometheus Global Media. Henta 10. mars 2020.