The Last Beat of My Heart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Last Beat of My Heart
Singel av Siouxsie and the Banshees
frå albumet Peepshow
B-side
  • El Dia de Los Muertos
  • Sunless
Utgjeve 21. november 1988
Innspelt 1988
Sjanger Alternative rock, Art rock
Lengd 4:31
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Susan Ballion, Peter Edward Clarke og Steven Severin
Produsent Siouxsie and the Banshees/ Mike Hedges
Siouxsie and the Banshees-kronologi
«The Killing Jar»
(1988)
The Last Beat of My Heart «Kiss Them for Me»
(1991)
Siouxsie-kronologi
The Killing Jar
(1988)
The Last Beat of My Heart «Standing There»
The Creatures
(1989)


«The Last Beat of My Heart» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut seint i 1988 som den tredje og siste singelen frå det niande studioalbumet deira, Peepshow.

Musikk og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein ballade med strykarar og trekkspel. Sioux syng om ein kjæraste som forlet eit forhold, medan ho ber han kome attende.

Fleire musikarar hylla seinare songen. The Decemberists meinte songen var ein av dei beste Siouxsie and the Banshees-songane.[1] Arcade Fire-songaren Win Butler føreslo at bandet DeVotchKa skulle spele inn songen, noko dei gjorde i 2006 på EP-enCurse Your Little Heart.[2] The Flowers of Hell gav ut ein versjon i 2012 på albumet deira Odes.[3]

«The Last Beat of My Heart» nådde 44. plassen på UK Singles Chart i desember 1988.[4] Songen kom med på samlealbumet Twice Upon a Time: The Singles, der eit konsertopptak av songen frå 1991 erstatta singelversjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Meloy, Colin. Decemberists interview.Pitchfork.com. 15. september 2006. «The Last Beat of My Heart» : «It's one of my favorite Siouxsie and the Banshees songs».
  2. Frenette, Brad. «DeVotchKa finds joy in the sadness – interview». Nationalpost.com. 7. mars 2011. Henta 20. januar 2014.«Archived copy». Arkivert frå originalen 22. januar 2014. Henta 27. august 2020. 
  3. Adams, Gregory. Flowers of Hell Reveal 'Odes' Details, Share Joy Division Cover Exclaim.ca. 7. september 2012.
  4. «Siouxsie & the Banshees [uk charts]». officialcharts.com. Henta 12. august 2020.