The Last Farewell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Last Farewell
Singel av Roger Whittaker
frå albumet New World in the Morning
Språk engelsk
Utgjeve 1971 (nyutgjeve 1975)
Innspelt 1971
Sjanger Pop
Lengd 3:38
Selskap RCA Records
Komponist Roger Whittaker
Tekstforfattar Ron A. Webster
Låtskrivar(ar) Roger Whittaker, Ron A. Webster
Produsent Denis Preston
Roger Whittaker-kronologi 
«Mamy Blue»

(1971)

The Last Farewell


«The Last Farewell» er ein song frå 1971 av den britisk-kenyanske visesongaren Roger Whittaker. Whittaker leia eit radioshow i Storbritannia i 1971, der han vart akkompagnert av fullt orkester med arrangement av Zack Lawrence. Whittaker sa at han «fekk ein ide der eg inviterte lyttarane til å sende inn dikt eller tekstar og at skulle lage songar av dei. Me fekk ein million svar, og eg gjorde ein kvar veke i eit halvt år».[1] Ron A. Webster, ein sølvsmed frå Birmingham i England, sende Whittaker eit dikt kalla «The Last Farewell», og denne vart vald ut for radioshowet. Songen vart sidan spelt inn og gjeven ut i 1971 på albumet New World in the Morning (A Special Kind of Man i USA og Canada). Sjølv om songen ikkje gjekk inn på salslistene då, er det ein av mindre enn førti singlar som har seld meir enn 10 millionar (eller meir) singlar verda over.

Popularitet[endre | endre wikiteksten]

I følgje Whittaker skal kona til ein programsjef for ein radiostasjon i Atlanta i Georgia ha vore på reise i Canada og høyrt den då fire år gamle Whittaker-songen på radio i 1975. Då ho kom heim til USA, bad ho mannen sin spele songen på stasjonen. Etter han hadde spelt songen eit par gonger, byrja lyttarane å ringe inn for å finne ut meir om songen og songaren, og kort tid etter klatra «The Last Farewell» på listene. Singelen gjekk inn topp 20 på Billboard Hot 100, på ein 19. plass i juni 1975, den einaste singelen til Whittaker som klarte å kome inn på Hot 100. Songen gjekk òg til topps på Billboard adult contemporary-lista.[2] Responsen i Amerika førte til at singelen fekk suksess i andre delar av verda òg, som i Storbritannia, der han no klatra til andreplassen på UK Singles Chart.[3] Han vart halde frå førsteplassen i Storbritannia av Rod Stewart sin «Sailing». «The Last Farewell» nådde toppen av salslistene i 11 andre land og skal ha selt kring 11 millionar eksemplar verda over,[4] og det er blitt den best jende Whittaker-songen.

«The Last Farewell» opnar med ein valthornsolo som vart arrangert av Lawrence for den første framføringa i radioshowet. Whittaker har sagt at den klassisk-aktige starten på songen er det som har gjeve songen appell.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen har sidan blitt spelt av mange andre artistar. I 1976 spelte Elvis Presley inn «The Last Farewell» på albumet sitt From Elvis Presley Boulevard, Memphis, Tennessee. Denne versjonen vart gjeven ut som ein posthum singel i Storbritannia i 1984, der han nådde 48. plassen i desember.[5]

Ein versjon som gjekk inn på den britiske singellista var ein versjon med The Marine Band of HMS Ark Royal, like før hangarskipet vart teke ut av drift av Royal Navy i desember 1978. Denne nådde 41. plassen i januar 1979.[6]

Gitaristen Chet Atkins spelte inn ein instrumentalversjon i 1986 på albumet Street Dreams.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications)
  2. Whitburn, Joel (1996). The Billboard Book of Top 40 Hits, 6th Edition (Billboard Publications)
  3. UK chart info (Whittaker) Chartstats.com. Henta 6 April 2009.
  4. Biography at Whittaker's website
  5. UK chart info (Presley) Chartstats.com. Henta 6 April 2009.
  6. Album Cover of «The Last Farewell», BBC Records and Tapes, 1979

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]