The Legend of Zelda: A Link Between Worlds
The Legend of Zelda: A Link Between Worlds | |
![]() | |
Utviklar(ar) | Nintendo EAD |
---|---|
Utgjevar(ar) | Nintendo |
Distributør | Nintendo eShop |
Kreativt ansvarleg(e) | Hiromasa Shikata |
Produsent(ar) | Eiji Aonuma |
Komponist(ar) | Ryō Nagamatsu |
Serie | The Legend of Zelda |
Plattform(ar) | Nintendo 3DS |
Utgjeving | NA: 22. november 2013 EU: 22. november 2013 JP: 26. desember 2013 |
Sjanger | Action-eventyr |
Spelemodus | Einspelar |
Aldersgrense | PEGI 7 |
Nettstad | https://www.nintendo.com/games/detail/the-legend-of-zelda-a-link-between-worlds-3ds |
The Legend of Zelda: A Link Between Worlds er eit action-eventyrspel utvikla og utgjeve av Nintendo til Nintendo 3DS. Det er det syttande spelet i The Legend of Zelda-serien og ein oppfølgjar til The Legend of Zelda: A Link to the Past frå 1991. Spelet vart annonsert i april 2013[1] og utgjeve i Europa, Australia og Nord-Amerika i november 2013. Ein månad seinare kom det ut i Japan under tittelen The Legend of Zelda: Triforce of the Gods 2.
Spelaren styrer den unge eventyraren Link, som har fått i oppdrag å bøte på at det har vorte kaos i kongedømet Hyrule. Trollmannen Yuga fangar prinsesse Zelda og seks andre utvalde, og slepp unna gjennom ein portal til den parallelle verda «Lorule» for å gjenopplive demonen Ganon. Link lærer å projisere seg sjølv på vegger som eit måleri, som lèt han kome seg til tidlegare utilgjengelege område og ferdast mellom Hyrule og Lorule.
A Link Between Worlds fekk positive kritikkar og selte over 2,5 millionar kopiar innan fem månader.[2][3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Zelda-klassikar får oppfølgjar». Gamer.no. 17. april 2013. Henta 3. juli 2019.
- ↑ «ANMELDELSE: The Legend of Zelda: A Link Between Worlds». Gamer.no. 20. desember 2013. Henta 3. juli 2019.
- ↑ «Financial Results Briefing for Fiscal Year Ended March 2014» (PDF). Nintendo. 8. mai 2014. Henta 3. juli 2019.