The Legend of Zelda: Spirit Tracks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Legend of Zelda: Spirit Tracks
Utviklar(ar) Nintendo EAD
Utgjevar(ar) Nintendo
Serie Legend of Zelda
Sjanger Action-eventyr
Spelmodus Einspelar, fleirspelar
Utgjeving NA 7. desember 2009[1]
EU 11. desember 2009[2]
JP 23. desember 2009
Stødde einingar Peikeskjerm, mikrofon
Aldersgrense PEGI: 7+
CERO: A
ESRB: E10+

The Legend of Zelda: Spirit Tracks (ゼルダの伝説 大地の汽笛) er eit action-eventyrspel utvikla og publisert av Nintendo for Nintendo DS. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika, Europa og Japan gjennom desember 2009. Spelet har same kontrolloppsett og grafiske stil som føregangaren, The Legend of Zelda: Phantom Hourglass.[1][2]

Oppsett[endre | endre wikiteksten]

The Legend of Zelda: Spirit Tracks bygger på kontrolloppsettet frå The Legend of Zelda: Phantom Hourglass, der ein berre nyttar peikepennen til å styra Link og ta våpna hans i bruk. Nytt i spelet er at prinsessa Zelda følgjer med Link på eventyret og tilbyr han hjelp under visse høve. Zelda kan heimsøkja svære riddarar (en: Phantom Guardians) og dra fordel av styrken deira for å gje Link medverknad i å koma seg vidare. Prinsessa vert styrt ved at ein teiknar ein veg med peikepennen som ho kan følgja.

Spelet har òg ein modus for fleirspel der fire identiske figurar strir om å sanka inn fleire kraftsteinar (en: Force Gems) enn motstandarane. Ein kan spela på seks ulike brett, og rundt om på desse finst det hjelpemiddel som kan gje ein fordelar over konkurrentane. Til skilnad frå fleirspelar-modusen i Phantom Hourglass stør ikkje Spirit Tracks speling over internett.[2]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Spirit Tracks har fått gjengs god kritikk frå spelpressa. Den USA-baserte nettstaden IGN gav spelet 9.3 poeng av 10 moglege, der ein meinte at spelet overgår kvalitetane i The Legend of Zelda: Phantom Hourglass og er blant dei beste spela på Nintendo DS.[3] GameSpot gav spelet 8.5 av 10, der spelet fekk ros for spennande katakombar og ei lang historie med fleire sideoppdrag, og ris for at det ikkje var særleg utfordrande.[4] Frå norsk side gav Dagbladet spelet terningkast 5, der omtalaren trekte gåtene i spelet og det langvarige og engasjerande eventyret fram som positive sider, medan spelet fekk trekk for at togkjøringa kunne verta langdryg til tider.[5] Gamer.no tildelte spelet 7 av 10, der omtalaren meinte at spelet dekkjer det ein forventar av ein Zelda-tittel, men at serien no byrjar å syna teikn på alderdom.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]