Peace on Earth/Little Drummer Boy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peace on Earth/Little Drummer Boy
Singel av David Bowie & Bing Crosby
frå albumet Bowie: The Singles 1969-1993
B-side

«Fantastic Voyage»

Utgjeve Oktober 1982
Innspelt Elstree Studios i London
11. september 1977
Sjanger Julemusikk
Lengd 4:23
Selskap RCA Records
BOW 12
Produsent David Bowie, Tony Visconti
David Bowie-kronologi 
«Cat People (Putting Out Fire)»
(1982)
Peace on Earth/Little Drummer Boy «Let’s Dance»
(1983)


«Peace on Earth/Little Drummer Boy» (stundom kalla «The Little Drummer Boy/Peace on Earth») er ein julesong med eit tillagt kontrapunkt framført av David Bowie og Bing Crosby. «Little Drummer Boy» er ein julesong skriven i 1957, medan melodien og teksten til «Peace on Earth» vart skriven spesifikt for Bowie og Crosby.[1]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn 11. september 1977 for den komande fjernsynssendinga til Crosby, Bing Crosby's Merrie Olde Christmas. Paret prata litt om juletradisjoane sine før dei syng «Little Drummer Boy» med eit nytt kontrapunkt skrive for hendinga, «Peace on Earth». Framferda til Bowie har vorte skildra som ei «surrealistisk» hending, særleg sidan han på denne tida «aktivt prøvde å normalisere karrieren sin».[2] Han har sidan sagt at han berre deltok på showet fordi «eg berre visste at mor mi likte han».[3] Buz Kohan var ikkje sikker på om Crosby visste kven Bowie var, men Ian Fraser har hevda at «eg er ganske sikker på han visste det. Bing var ingen tosk. Om han ikkje visste det, visste i alle fall borna hans det.»[1] Crosby døydde 14. oktober, berre ein månad etter innspelinga. I USA vart showet sendt 30. november 1977 på CBS.

I følgje medlåtskrivaren Ian Fraser ønskte ikkje Bowie å synge «Little Drummer Boy». «Eg hatar denne songen. Er det ikkje noko anna eg kan synge», hugsar Fraser at Bowie sa til han. Fraser, i lag med låtskrivaren Larry Grossman og manusforfattaren for showet, Buz Kohan, skreiv så «Peace on Earth» som eit kontrapunkt til «Little Drummer Boy» Crosby song «Little Drummer Boy», medan Bowie song den nye melodien «Peace on Earth», visstnok etter mindre enn ein time med øving.[1]

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Songen var nokre år tilgjengeleg på ein piratkopisingel i lag med «Heroes»,[4] som Bowie òg framførte på showet. I 1982 gav RCA songen ut som ein offisiell singel, komplett med dialog, og ein tilfeldig utvald «Fantastic Voyage» frå Lodger som B-side. Bowie var ikkje nøgd med dette, og gjorde det dårlege forholdet hans til RCA ytterlegare dårleg, og han forlet selskapet kort tid etter.[3] Singelen debuterte på den britiske singellista i november 1982 og klatra til 3. plass på lista. Han har sidan vorte stadig å sjå på britiske julesongsamlingar og TV-sendinga vert ofte vist på fjernsyn kring juletider.

I USA har «Peace on Earth/Little Drummer Boy» vorte fast å høyre på radio kvar jul.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Paul Farhi (20. desember 2006). "Bing and Bowie: An Odd Story of Holiday Harmony", The Washington Post. Henta 10. mai 2011.
  2. David Buckley (1999) Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story, s. 327-328.
  3. 3,0 3,1 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie, s. 161.
  4. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record, s.117

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]