The London Chuck Berry Sessions

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The London Chuck Berry Sessions
Studioalbum av Chuck Berry
Utgjeve Oktober 1972[1]
Innspelt 1972 i Pye Studios i London i England og Lanchester Arts Festival i Coventry[2]
Sjanger Rock and roll
Lengd 44:08[3]
Selskap Chess
Produsent Esmond Edwards[2]
Chuck Berry-kronologi 
San Francisco Dues
(1971
The London Chuck Berry Sessions Bio
(1973


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[3]
Robert ChristgauC−[4]

The London Chuck Berry Sessions er eit album med studioinnspelingar og konsertopptak av Chuck Berry, utgjeve av Chess Records i oktober 1972.[1] Side ein av albumet består av studioinnspelingar og side to inneheld tre konsertopptak frå 3. februar 1972 ved Lanchester Arts Festival i Coventry. Mot slutten av konsertdelen kan ein høyre festivalleiinga som prøver å få publikum til å dra slik at det neste bandet, Pink Floyd, kan kome på scenen. Publikum byrjar å rope «We want Chuck!»

«My Ding-a-Ling» frå konsertsida av albumet vart korta ned til kring fire minuttar og gjeven ut på singel. Dette var den første og einaste singelen til Berry som gjekk til topps på singellista både i USA og i Storbritannia.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I mai 1970 reiste Howlin' Wolf til Olympic Sound Studios i London i England for å spele inn songar for The London Howlin' Wolf Sessions.[5] Albumet kom ut i august 1971[6] og nådde 28. plassen på Billboard si R&B Albums-iste og 79. plassen på Billboard 200.[7] På grunn av suksessen til, spelte Muddy Waters inn sitt London Sessions i desember 1971 og Berry gjorde det same i 1972.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

William Ruhlmann i Allmusic kalla albumet Chuck Berry sitt «kommersielle, om ikkje kunstnariske, høgdepunkt».[3] Robert Christgau meinte at albumet hadde dårleg kvalitet, at stemma var rusten og at studiosongane berre var for å fylle opp albumet.[4]

Albumet hadde ikkje vore ute ein månad ein gong då det 27. oktober 1972 hadde seld til gullplate hos Recording Industry Association of America med ein million selde eksemplar. Det er det einaste albumet til Berry som har seld til gullplate.[8]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Chuck Berry, utanom der andre er nemnde.

Side ein - studioinnspelingar
Nr.TittelLengd
1.«Let's Boogie»3:10
2.«Mean Old World» (Little Walter)5:45
3.«I Will Not Let You Go»2:49
4.«London Berry Blues»5:55
5.«I Love You»3:26
Side to - konsertopptak
Nr.TittelLengd
6.«Reelin' and Rockin'»7:07
7.«My Ding-a-Ling» (Dave Bartholomew)11:33
8.«Johnny B. Goode»4:23

På kassettutgåva byta «I Love You» og «Johnny B. Goode» plass for å skape sider som var omlag like lange.

Denne versjonen av «Johnny B. Goode» erstatta det første verset av originalen med første verset av «Bye Bye Johnny».

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje plateomslaget[2]

Teknisk
  • Esmond Edwardsprodusent
  • Bob Scerbo - produksjonsoversyn
  • Mia Krinsky - albumkoordinering
  • David Krieger – kunstnarisk leiar
  • Tim Lewis – plateomslag

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
US Billboard 200[9] 8
US Billboard R&B Albums[9] 8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Rudolph, Dietmar. «A Collector's Guide to the Music of Chuck Berry: The Back at Chess Era - 1969-1975». Henta 8. juli 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 The London Chuck Berry Sessions (Vinyl sleeve). Chuck Berry. USA: Chess Records. 1972. Inner sleeve notes. LP-60020. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Ruhlmann, William. «The London Chuck Berry Sessions: Overview». Allmusic. Rovi Corporation. Henta 8. juli 2017. 
  4. 4,0 4,1 Christgau, Robert. «Chuck Berry: Consumer Guide Reviews» (Php). Henta 8. juli 2017. 
  5. The London Howlin' Wolf Sessions - Deluxe Edition (CD liner). Howlin' Wolf. USA: MCA Records. 2002. 088 112 985-2. 
  6. Schumacher, Michael (1995). «Chapter 6: Why Does Love Got to Be So Sad? - 1969–70». Crossroads: The Life and Music of Eric Clapton. New York: Hyperion. s. 137–141. ISBN 0-7868-6074-X. 
  7. «Howlin' Wolf: Billboard Albums». Allmusic. Rovi. Henta January 10, 2011. 
  8. RIAA Certification Search Type «Chuck Berry» under Artist for search results.
  9. 9,0 9,1 «Chuck Berry - Billboard Albums». Allmusic. USA: Rovi Corporation. Henta 8. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]