The Lonesome Death of Hattie Carroll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«The Lonesome Death of Hattie Carroll»
song av Bob Dylan
frå albumet The Times They Are a-Changin'
Språk engelsk
Utgjeve 13. januar 1964
Innspelt 23. oktober 1963
Sjanger Folk
Lengd 5:48
Selskap Columbia
Komponist Bob Dylan, folkeminne
Tekstforfattar Bob Dylan
Låtskrivar(ar) Bob Dylan
Produsent Tom Wilson

«The Lonesome Death of Hattie Carroll» er ein høvessong av Bob Dylan. Songen vart spelt inn 23. oktober 1963 og gjeven ut på albumet The Times They Are a-Changin' i 1964. Songen fortel om ei faktisk hending der den 51 år gamle barjenta Hattie Carroll vart myrda av den rike unge tobakksbonden William Devereux «Billy» Zantzinger frå Charles County i Maryland (som i songen vert kalla «William Zanzinger»). Han vart dømd til berre seks månader i fengsel, men songen til Dylan gjorde at hendinga forfølgde Zantzinger så lenge han levde.

William Zanzinger killed poor Hattie Carroll
With a cane that he twirled around his diamond ring finger

Bob Dylan

Teksten er ein kommentar til rasismen i 1960-åra, som ikkje verdsette livet til ei svart kvinne særleg høgt. På denne tida var Charles County strengt segregert.[1] Songen sidestiller rikdommen til Zantzinger og den korte dommen hans.[2]

Trass i at det var ein høvessong, har Dylan halde fram å spele songen på konsertane sine, i alle fall heilt fram til mai 2009.[3] Konsertopptak av sogen finst på albuma The Bootleg Series Vol. 5: Bob Dylan Live 1975, The Rolling Thunder Revue (2002; innspelt 21. november 1975), The Bootleg Series Vol. 6: Bob Dylan Live 1964, Concert at Philharmonic Hall (2004; innspelt 31. oktober 1964) og Live 1962-1966: Rare Performances From The Copyright Collections (2018; innspelt 26. oktober 1963). Dylan har fått kritikk for å ha spelt songen på konsertar fram til Zantzinger døydde i 2009. Sjølv om songen i seg sjølv vert rekna som eit meisterverk, meiner til dømes Dylan-biografen Clinton Heylin, at han er på randen til injurierande.[4]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Billy Bragg nytta melodien til Dylan for sin eigen «The Lonesome Death of Rachel Corrie» i 2006, til minne om aktivisten Corrie som vart drepen på Gazastripa av ein israelsk bulldosar i 2003.[5]
  • Rx Bandits spelte songen på samleplata Listen To Bob Dylan - A Tribute.
  • Michael Rose, frå Black Uhuru, spelte songen på Is It Rolling Bob?.
  • Christy Moore spelte songen på albumet 2006 Live in Dublin og Burning Times.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A Regular Old Southern Maryland Boy, by Peter Carlson The Washington Post, 4. august 1991.
  2. Gilliland, John (1969). «Show 31 - Ballad in Plain D: An introduction to the Bob Dylan era. [Part 1]» (audio). Pop Chronicles. Digital.library.unt.edu.  Track 5.
  3. Bob Dylan Glasgow concert (2. mai 2009), boblinks.com; henta 4. november 2018.
  4. Heylin, Clinton. Bob Dylan: Behind the Shades Take Two. New York: Viking, 2000.delvis tilgjengeleg online s.124-125
  5. Bragg, Billy (28. mars 2006). «The lonseome death of Rachel Corrie». The Guardian. Henta 18. oktober. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]