The Lonesome Road

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«The Lonesome Road» er ein song frå 1927 med musikk av Nathaniel Shilkret og tekst av Gene Austin. Stundom vert han kalla berre «Lonesome Road», «Look Down that Lonesome Road» eller «Lonesome Road Blues.» Han vart skriven i stil som ei afroamerikansk folkevise.

Både tekstforfattaren og komponisten var ekstremt populær plateartistar. Gene Austin selde kring 80 millionar plater og sonen til Nathaniel Shilkret har estimert at faren selde kring 50 millionar plater.[1]

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart først spelt inn 16. september 1927 av Austin, akkompagnert av Shilkret med The Victor Orchestra.[2] Det har vore over to hundre andre innspelingar av «Lonesome Road», med versjonar av mellom andre Louis Armstrong, Bing Crosby (innspelt 12. desember 1938),[3] Ted Lewis, Stevie Wonder, Sam Cooke, Ace Cannon, Chris Connor og Dick Dale.

I 1961 spelte Joan Baez inn songen for albumet Joan Baez, Vol. 2.

Ella Fitzgerald og Andy Williams framførte songen som ein duett på TV-showet til Williams den 1. januar 1967.

Bob Dylan lånte melodien og nokre linjer for songen sin «Sugar Baby» i 2001 på albumet hans Love & Theft.

Crooked Still spelte inn songen i 2004 på albumet deira Hop High.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «The Lonesome Road» frå Wikipedia på engelsk, den 24. februar 2018.
  • Bradley, Edwin M., The First Hollywood Musicals: A Critical Filmography, McFarland, 2004, p. 166. ISBN 0-7864-2029-4
  • Parish, James Robert and Pitts, Michael R., Hollywood Songsters: Singers who Act and Actors who Sing: a Biographical Dictionary, 2nd Edition, Routledge, 2003, p. 56. ISBN 0-415-94332-9
  • Shilkret, Nathaniel, ed. Niel Shell and Barbara Shilkret, Nathaniel Shilkret: Sixty Years in the Music Business, Scarecrow Press, Lanham, Md., 2005. ISBN 0-8108-5128-8
  • Whitburn, Joel, Pop Memories 1890—1954, Record Research, Menomonee Falls, WI, 1986. ISBN 0-89820-083-0
  1. Whitburn, Joel (1986). Joel Whitburn's Pop Memories 1890-1954. Wisconsin, USA: Record Research Inc. s. 542. ISBN 0-89820-083-0. 
  2. «The Online Discographical Project». 78discography.com. Henta 24. februar 2018. 
  3. «A Bing Crosby Discography». BING magazine. International Club Crosby. Henta 24. februar 2018.