The Long and Winding Road

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Long and Winding Road
Singel av The Beatles
frå albumet Let It Be
B-side «For You Blue»
Utgjeve 11. mai 1970
Innspelt 26. januar 1969; 1. april 1970
Studio Apple Studio, London; Abbey Road Studios, London
Sjanger Pop
Lengd 3:40
Selskap Apple
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent Phil Spector
Amerikansk The Beatles-kronologi
«Let It Be»
(1970)
The Long and Winding Road «Got to Get You into My Life»
(1976)


«The Long and Winding Road» er ein ballade frå 1970 skriven av Paul McCartney (men tilskriven Lennon/McCartney) på albumet Let It Be av The Beatles. Han vart den siste førsteplassen til Beatles i USA.[1], og den siste singelen dei gav ut før dei gav seg. Singelen vart berre gjeven ut i USA. B-sida på singelen var «For You Blue».

Sjølv om songen fekk stor suksess, likte ikkje McCartney etterproduksjonen til Phil Spector. Dette vart den siste dropen som fekk McCartney til å løyse opp The Beatles i retten. Ein av dei seks årsakene McCartney førte opp for å løyse opp bandet var handsaminga av «The Long and Winding Road».

Inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

McCartney skreiv songen med han var på garden sin i Skottland, og var inspirert av den interne kranglinga i The Beatles.[2]

McCartney spelte raskt inn ein demo av songen under innspelinga av The White Album.[3]

Songen har form som ein pianoballade med konvensjonelle akkordsekvensar. Tekstmessig er han ein trist og melankolsk song. Songen manglar eit tradisjonelt refreng og opningstemaet kjem fleire gonger i løpet av songen.

The Beatles spelte inn «The Long and Winding Road» den 26. og 31. januar 1969, dagen etter den legendariske tak-konserten deira, med McCartney på piano, John Lennon på bass, George Harrison på gitar, Ringo Starr på trommer og Billy Prestonhammondorgel.

Glyn Johns vart beden om å mikse Get Back-albumet, som seinare vart til Let It Be og valde ut den beste versjonen av songen.[4] Utgjevinga av albumet vart utsett og då The Beatles i staden for spelte inn Abbey Road seinare i 1969, vart Get Back skrinlagd. Phil Spector fekk så tidleg i 1970 i oppgåve å redde albumet, som no fekk tittelen Let It Be.

Spector gjorde fleire endringar med songen, mellom anna ved at han la på orkester og korsong. McCartney vart rasande då han først høyrde Spector si utgåve av songen, men klarte ikkje å stoppe utgjevinga av albumet for endre songen. Ni dagar etter Spector var ferdig med songen, annonserte McCartney at The Beatles var oppløyst.

Songen vart uansett ein suksess i USA og gjekk inn på singellista den 11. mai 1970. Han selde 1,2 millionar eksemplar på berre to dagar. 13. juni vart han den tjuande og siste Beatles-songen som hamna på toppen av denne singellista.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

I følgje Walter Everett:[5]

The Beatles

Andre musikarar

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
Australian Go-Set National Top 60[9] 6
Australske Kent Music Report[10] 7
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[11] 8
Canadian RPM 100[12] 1
Nederland (Mega Single Top 100)[13] 11
Sveits (Schweizer Hitparade)[14] 8
US Billboard Hot 100[15] 1
US Billboard Adult Contemporary[16] 2
US Cash Box Top 100[17] 1
Vest-Tyskland Musikmarkt[18] 26

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1970) Plassering
Kanadiske RPM Top Singles[19] 11
US Cash Box[20] 36
US Billboard Hot 100[21] 41

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
USA (RIAA)[22] Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Fleire andre artistar har gjeve ut sine utgåver av songen, mellom andre Suspicious Minds, Diana Ross, Kenny Rogers, Olivia Newton-John, Peter Frampton, Cher, Leo Sayer, Aretha Franklin, Billy Ocean, The Four Tops og Tom Jones.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «The Long and Winding Road» frå Wikipedia på engelsk, den 12. februar 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Cross, Craig (2005). The Beatles: Day-by-Day, Song-by-Song, Record-by-Record. iUniverse, Inc. ISBN 978-0595346639. 
    • Brown, P. & Gaines, S. (1983). Love You Make, The : An Insider's Story of The Beatles. McGraw-Hill Book Company.
    • Lewisohn, Mark (1996). The Complete Beatles Chronicle. Chancellor Press. ISBN 0-7607-0327-2.
    • Ian MacDonald (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records og the Sixties. London: Pimlico (Rand). ISBN 1-844-13828-3.  Parameteren |edition= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
    • Miles, Barry (1998). The Beatles: A Diary. Omnibus Press. ISBN 0-7119-6315-0.
    • Bob Spitz (2005). The Beatles: The Biography. Little, Brown. ISBN 0-316-80352-9.  Parameteren |location= er ikkje støtta av malen. (hjelp)
    • Sulpy, Doug & Schweighhardt, Ray (2003). Get Back: The Beatles Let It Be Disaster. Helter Skelter Publishing. ISBN 1-900924-83-8.
  • Everett, Walter (1999). The Beatles as Musikars: Revolver Through the Anthology. New York, NY: Oxford University Press. ISBN 0-19-512941-5. 
  • Lewisohn, Mark (1996). The Complete Beatles Chronicle. Chancellor Press. ISBN 0-7607-0327-2. 
  • Lewisohn, Mark (2005) [1988]. The Complete Beatles Recording Sessions: The Official Story of the Abbey Road Years 1962–1970. London: Bounty Books. ISBN 978-0-7537-2545-0. 
  • Lewisohn, Mark (2010). The Complete Beatles Chronicle: The Definitive Day-By-Day Guide to the Beatles' Entire Career. Chicago, IL: Chicago Review Press. ISBN 978-1-56976-534-0. 
  • MacDonald, Ian (2005). Revolution in the Head: The Beatles' Records and the Sixties (Second Revised utg.). London: Pimlico (Rand). ISBN 1-84413-828-3. 
  1. Joel Whitburn, '40 Top Hits'. Billboard Books, 2000.
  2. Mike Merritt. «Truth behind ballad that split Beatles». Sunday Herald (via archive.org). 
  3. The Beatles Bible: The Long And Winding Road.
  4. Lewisohn, Mark (1988). The Complete Beatles Recording Sessions. Hamlyn Publishing Group. ISBN 0-600-55784-7.
  5. Everett 1999, s. 229.
  6. MacDonald 2005, s. 339.
  7. Lewisohn 2005, s. 199.
  8. Lewisohn 2010, s. 349.
  9. «Go-Set Australian charts – 19. september 1970». poparchives.com.au. http://www.poparchives.com.au/gosetcharts/1970/19700919.html. Henta 17. mars 2018. 
  10. Kent, David (2005). Australian Chart Book (1940–1969). Turramurra: Australian Chart Book. ISBN 0-646-44439-5. 
  11. "Ultratop.be – The Beatles – The Long and Winding Road" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch. Henta 17. mars 2018.
  12. «Top Singles – Volume 13, No. 18: Jun 20, 1970». Library and Archives Canada. http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/item.aspx?IdNumber=2515&. Henta 17. mars 2018. 
  13. "Dutchcharts.nl – The Beatles – The Long and Winding Road" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch. Henta 17. mars 2018.
  14. "The Beatles – The Long and Winding Road – swisscharts.com". Den svetisiske singellista. Hung Medien. Henta 17. mars 2018.
  15. "Beatles?f=379&g=Singles The Beatles Album & Song Chart History" Billboard Hot 100 for The Beatles. Prometheus Global Media. Henta 17. mars 2018.
  16. Whitburn, Joel (1993). Top Adult Contemporary: 1961–1993. Record Research. s. 25. 
  17. Hoffmann, Frank (1983). The Cash Box Singles Charts, 1950-1981. Metuchen, NJ & London: The Scarecrow Press, Inc. s. 32–34. 
  18. «Offizielle Deutsche Charts» (på tysk) (Enter «Beatles» in the search box). GfK Entertainment Charts. https://www.offiziellecharts.de/charts. Henta 17. mars 2018. 
  19. «RPM's Top 100 of 1970». Library and Archives Canada. http://www.bac-lac.gc.ca/eng/discover/films-videos-sound-recordings/rpm/Pages/image.aspx?Image=nlc008388.3740&URLjpg=http%3a%2f%2fwww.collectionscanada.gc.ca%2fobj%2f028020%2ff4%2fnlc008388.3740.gif&Ecopy=nlc008388.3740. Henta 17. mars 2018. 
  20. Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 26. desember 1970
  21. «Top 100 Hits of 1970/Top 100 Songs of 1970», musicoutfitters.com (retrieved 12. juni 2016).
  22. «American single salstrofé – The Beatles – Long and Winding Road». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Long+and+Winding+Road%22. Henta 17. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Single, then click SEARCH