The Lucky One av Uku Suviste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«The Lucky One»
Song av Uku Suviste
Land Estland
Språk Engelsk
Utgjeve 7. desember 2020
Sjanger Popballade
Lengd 03:02
Selskap Horus Music
Låtskrivar(ar) Uku Suviste, Sharon Vaughn
Produsent Dimitris Kontopoulos

«The Lucky One» er ein popballade med den estiske songaren Uku Suviste. Songen vart utgjeven 7. desember 2020 og er skriven av den greske låtskrivaren Dimitris Kontopoulos og tekstforfattaren Sharon Vaughn, som begge står bak fleire bidrag til Eurovision Song Contest.[1][2] «The Lucky One» vann den estiske songtevlinga Eesti Laul 2021 og var det estiske bidraget i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[3]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

Suviste vann Eesti Laul 2020 med songen «What Love Is» og skulle ha representert Estland i Eurovision Song Contest 2020, men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien. Den estiske kringkastaren ERR tilbaud i staden Suviste ein plass i semifinalen i Eesti Laul 2021.[4] Vinteren 2020 kunngjorde ERR at Suviste skulle delta med låten «The Lucky One», skriven av Dimitris Kontopoulos og Sharon Vaughn. Både låten og ein tilhøyrande musikkvideo vart slopne 7. desember 2020.[5]

«The Lucky One» avanserte frå semifinalen og var ein av tolv deltakarar i finalen i Saku Suurhall i Tallinn laurdag 6. mars 2021.[6] I superfinalen fekk «The Lucky One» flest røyster frå publikum og vann finalen. Songen vart dimed det estiske bidrag i Eurovision Song Contest 2021 i Rotterdam i Nederland.[7]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Estland vart trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest 2021.[8] Semifinalen vart arrangert i Ahoy Rotterdam i Nederland torsdag 20. mai. «The Lucky One» kom på 13. plass i semifinalen og gjekk dimed ikkje vidare til finalen laurdag 22. mai.[9]

Utgjevingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Region Dato Format Merke Ref.
Diverse 7. desember 2020 Digital nedlasting, strøyming Dtc Music [1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Lucky One by Uku Suviste» (på engelsk). Henta 7. mars 2021. 
  2. «Eurovision: Dimitris Kontopoulos equaled the composer's record with most entries in the same contest» (på engelsk). 1. mars 2020. Henta 7. mars 2021. 
  3. «Uku proves he's 'The Lucky One'» (på engelsk). 6. mars 2021. Henta 7. mars 2021. 
  4. «Uku Suviste gets direct pass to Eesti Laul 2021 semi-finals» (på engelsk). 18. mars 2020. Henta 7. mars 2021. 
  5. «Estonia: Uku Suviste releases the music video of his Eesti Laul 2021 entry ' The Lucky One'» (på engelsk). Henta 7. mars 2021. 
  6. «Estonia's Eesti Laul 2021: Semi-final two results» (på engelsk). 20. februar 2021. Henta 7. mars 2021. 
  7. «Estonia: Uku Suviste was "The Lucky One" – Ready for Eurovision 2021». 6. mars 2021. Henta 7. mars 2021. 
  8. «Uku Suviste wins Estonia’s national selection 'Eesti Laul'». eurovision.tv. 29. februar 2020. Henta 1. mars 2020. 
  9. «Second Semi-Final 2021: The Qualifiers» (på engelsk). 20. mai 2021. Henta 21. mai 2021.