The Memphis Horns

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

The Memphis Horns er ei amerikansk blåserekkje som spelte på mange innspelingar på Stax Records. Dei har blitt kalla «kan hende den beste soul-blåserekkja nokon gong».[1] Opphavleg var gruppa ein sekstett, men vart gradvis færre og til slutt ein duo, Wayne Jacksontrompet og Andrew Love[2]tenorsaksofon.

The Memphis Horns spelte for artistar som Isaac Hayes, Otis Redding, Rufus Thomas, Sam and Dave og mange andre på Stax, i tillegg til The Doobie Brothers sitt What Were Once Vices Are Now Habits og U2 sitt Rattle and Hum, i tillegg til nokre få soloalbum.

I 1970-åra spelte dei med Al Green, Neil Diamond, Elvis Presley, Don Harrison Band og Stephen Stills. Dei turnerte med Stills i 1971. I 1980-åra spelte dei for mellom andre Sting og Peter Gabriel.

I 2012 fekk Memphis Horns Grammy sin ærespris.[3]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]