The Mexican

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Mexican
Song av Babe Ruth
frå albumet First Base
Utgjeve November 1972
Innspelt 1972, Abbey Road Studios
Sjanger Rock
Lengd 5:45
Selskap Harvest (EMI)
Låtskrivar(ar) Alan Shacklock
Ennio Morricone («Per Qualche Dollaro in Piu»)
Produsent Alan Shacklock, Nick Mobbs
The Mexican
Singel av Jellybean
frå albumet Wotupski!?!
Utgjeve 1984
Låtskrivar(ar) Alan Shacklock
Ennio Morricone («Per Qualche Dollaro in Piu»)
Produsent John «Jellybean» Benitez
Jellybean-kronologi
The Mexican «Sidewalk Talk»
(1984)


«The Mexican» er ein song frå albumet First Base frå 1972 av det britiske bandet Babe Ruth.[1]

Songen vart skriven av Alan Shacklock og spelt inn i Abbey Road Studios sommaren 1972. Shacklock skreiv teksten til songen som ein skarpt svar til John Wayne-filmen The Alamo frå 1960, som var full av historiske feil og ikkje synte den menneskelege sida til dei mexicanske soldatane som vart slåtte av styrkane frå Texas i slaget ved The Alamo. Songen har ein drivande trommerytme og funky bass.[2]

Songen interpolerer «Per qualche dollaro in più» av Ennio Morricone, frå musikken til filmen For en neve dollar mer.

Songen har blitt spelt og miksa av mange andre artistar, og vert rekna som ein av dei mest innverknadstunge songane i hiphopkulturen, og var òg populær i tidlege discoklubbar som The Loft.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Alan Shacklock – sologitar, orgel, perkusjon
  • Jenny Haan – solovokal
  • Dave Hewitt – bass
  • Dave Punshon – klaverinstrument, elektrisk piano
  • Dick Powell – trommer, perkusjon

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic Reference Allmusic entry]
  2. «Classic Rock» magazine, 2012. mai The Stories Behind The Songs: Babe Ruth - The Mexican.
  3. Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974-2003. Record Research. s. 135.