The Millennium Bell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Millennium Bell
Studioalbum av Mike Oldfield
Utgjeve 26. november 1999
Innspelt Roughwood Studios,
Abbey Road Studios, London
1999
Sjanger Progressiv rock, new-age, verdsmusikk
Lengd 45:03
Selskap Warner
Produsent Mike Oldfield
Mike Oldfield-kronologi 
Guitars
(1999)
The Millennium Bell Tr3s Lunas
(2002)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2.5/5 stars[1]

The Millennium Bell er det tjuande studioalbumet til den engelske musikaren Mike Oldfield, gjeve ut i 1999. Temaet på albumet er tankar omkring forskjellige periodar i historia. Albumet kom ut like før tusenårsskiftet og fekk namn etter dette og Tubular Bells-serien hans. Oldfield framførte verket på ein konsert i høve nyårsfeiringa 31. desember 1999.

Innspeling, utgjeving og konserten[endre | endre wikiteksten]

Oldfield spelte inn det meste av albumet i heimestudioet sitt, Roughwood Studios i Berkshire, og orkesteret på berre ein dag i Abbey Road Studios i London med London Session Orchestra.

Det var det tredje albumet til Oldfield på berre eitt år, etter Tubular Bells III seint i 1998 og Guitars tidlegare i 1999. Det var det tredje albumet til Oldfield som kom ut på MiniDisc-formatet, etter Tubular Bells og Tubular Bells II, som begge kom på MiniDisc i 1992.

Det vart halde ein gratiskonsert av siste halvdel av albumet, i tillegg til somme eldre spor, i Berlin på nyårsaftan 1999, med eit publikum estimert til kring ein halv million menneske.[2] Denne konserten kom sidan ut på DVD (og seinare CD) under tittelen The Art in Heaven Concert.

Hovudtemaet på The Millennium Bell er eit syn på viktige hendingar gjennom historia og forskjellige sider ved mennesket. Musikalsk er albumet variert, frå majestetiske kor og filmaktig orkestermusikk til new-age-aktige lydlandskap og etniske lydar til sterke pulsar av elektronisk perkusjon.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mike Oldfield.

Nr.TittelLengd
1.«Peace on Earth»4:10
2.«Pacha Mama»4:05
3.«Santa Maria»2:44
4.«Sunlight Shining Through Cloud»4:33
5.«The Doge's Palace»3:07
6.«Lake Constance»5:16
7.«Mastermind»3:03
8.«Broad Sunlit Uplands»4:03
9.«Liberation»2:38
10.«Amber Light»3:42
11.«The Millennium Bell»7:37

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Mike Oldfield – musikar, komponist og produsent.
  • London Session Orchestra
  • The London Händel Choir
  • The Grant Gospel Choir
  • Nicola Emmanuelle – vokal
  • David Serame – vokal
  • Miriam Stockley – vokal
  • Camilla Darlow – vokal
  • Andrew Johnson – vokal
  • Gota Yashiki – trommer
  • Martay – vokal
  • Pepsi Demacque – vokal
  • Greta Hegerland-Oldfield – forteljing
  • DJ Pippi – Arrangement
  • Robyn Smith – Dirigent, arrangør
  • Ben Darlow – lydteknikar

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1999) Plassering
Austria 43
Tyskland 39
Sveits 94

Salstrofé og salstal[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Spania(PROMUSICAE)[3] Platina 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Millennium BellAllmusic
  2. Martin, Carole (Spring 2000). «Ringing in the Millennium in Berlin». Dark Star magazine. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 5. juli 2020. 
  3. Salaverrie, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (PDF) (på spansk) (1st utg.). Madrid: Fundación Autor/SGAE. s. 956. ISBN 84-8048-639-2. Henta 20. mai 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]