The Miracle av Queen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Miracle
Studioalbum av Queen
Språk engelsk
Utgjeve 22. mai 1989
Innspelt Januar 1988 – januar 1989 i Olympic Studios og Townhouse Studios i London i England og Mountain Studios i Montreux i Sveits
Sjanger
Lengd 41:22
Selskap Parlophone (UK)
Capitol / Hollywood (US)
Produsent Queen, David Richards
Queen-kronologi 
A Kind of Magic
(1986)
The Miracle Innuendo
(1991)
Singlar frå The Miracle
  1. «I Want It All»
    Utgjeve: 2. mai 1989
  2. «Breakthru»
    Utgjeve: 19. juni 1989
  3. «The Invisible Man»
    Utgjeve: 7. august 1989 (berre Europa)
  4. «Scandal»
    Utgjeve: 9 Oktober 1989
  5. «The Miracle»
    Utgjeve: 27. november 1989 (berre Europa)

The Miracle er det 13. studioalbumet til det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i 1989. Albumet vart spelt inn medan bandet kom seg etter ekteskapsproblema til Brian May og Freddie Mercury sin AIDS-diagnose i 1987 (som var kjend for bandet, men ikkje publisert på den tida). Innspelinga byrja i januar 1988 og varte eitt år.

Albumet skulle opphavleg heite The Invisible Men, men tre veker før utgjevinga valde dei i følgje Roger Taylor å endre namnet til The Miracle. Det er òg det siste albumet med eit bandfoto av alle dei fire originale medlemmane på omslaget.

Albumet gjekk til topps på salslistene i Storbritannia, Austerrike, Tyskland, Nederland og Sveits, og nådde 24. plassen på den amerikanske Billboard 200-lista. The Miracle er estimert til å ha seld fem millionar eksemplar, og indikerer at trass lågare sal i USA, selde albumet godt verda over, sjølv om dei ikkje turnerte. Allmusic kalla The Miracle det beste Queen-albumet frå 1980-åra i lag med The Game.[1]

Det vart det neste siste albumet bandet spelte inn medan Freddie Mercury levde. Han døydde i november 1991, mindre enn eit år etter det neste albumet, Innuendo, kom ut.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er tilskrivne Queen. Under er dei som faktisk skreiv songane.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Party»John Deacon, Brian May, Freddie Mercury2:24
2.«Khashoggi's Ship»Queen2:47
3.«The Miracle»Mercury, Deacon5:02
4.«I Want It All»May4:41
5.«The Invisible Man»Roger Taylor3:55
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Breakthru»Mercury, Taylor4:07
2.«Rain Must Fall»Deacon (musikk), Mercury (tekst)4:20
3.«Scandal»May4:42
4.«My Baby Does Me»Mercury, Deacon3:22
5.«Was It All Worth It»Mercury5:45
Ekstraspor (berre CD-versjonen)
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
11.«Hang On in There»Queen3:46
12.«Chinese Torture»May1:46
13.«The Invisible Man» (12"-versjonen)Taylor5:29
Bonusspor (Hollywood Records-utgåva frå 1991)
Nr.TittelLengd
14.«Scandal» (12" mix)6:34
Bonus-EP frå 2011
Nr.TittelLengd
1.«I Want It All» (single version) 
2.«The Invisible Man» (demo version with guide vocal, August 1988) 
3.«Hang On in There» (B-side) 
4.«Hijack My Heart» (B-side) 
5.«Stealin'» (B-side) 
6.«Chinese Torture» (instrumental) 
7.«The Invisible Man» (12» version) 
bonusvideoar med luksusutgåva til iTunes frå 2011
Nr.TittelLengd
8.«I Want It All» (promovideo, 1989) 
9.«The Making of «The Miracle» promo video» (1989) 
10.«The Making of The Miracle album cover» (1989) 

Songar[endre | endre wikiteksten]

Party[endre | endre wikiteksten]

«Party» byrja som ein jamsession mellom Freddie Mercury, Brian May og John Deacon. Mercury sat ved pianoet og byrja med «we had a good night». Vidare arbeidde dei tre i lag og skreiv songen ferdig. May syng ein liten del av songen nær byrjinga.

Khashoggi's Ship[endre | endre wikiteksten]

«Khashoggi's Ship» vart starta av Mercury, medan alle fire medverka med tekst og musikk. Songen handlar om den kjende milliardæren Adnan Khashoggi og eit skip («Nabila», no «Kingdom 5KR») som han eigde på den tida og var ein av dei største private yachtane i verda. På albumet glir denne songen rett over frå «Party», som har eit liknande teksttema.

The Miracle[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå songen The Miracle.

«The Miracle» er ein av dei mest komplekse songane til bandet dei siste åra av karrieren. Mercury og Deacon skreiv i lag akkordane til songen. Han er ein av favorittsongane til May. Heile bandet medverka med tekst og somme musikalske idear, og Mercury spelte piano i tillegg til mange synthspor, ved hjelp av ein Korg M1. Songen var den femte og siste singelen frå albumet, og kom ut 27. november 1987 i Storbritannia, der han nådde 21. plassen.

Videoen etterlikna videoen til «The Invisible Man» med å bruke etterlikningar av bandmedlemmane. Desse var unge Queen-etterlikningar (inkludert ein då ukjend Ross McCall) som framførte eit Queen-aktig sceneshow. Det verkelege bandet dukka berre opp i slutten av videoen der dei spelar saman med dei yngre etterlikningane.

I Want It All[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå I Want It All av Queen.

«I Want It All» vart skriven av May i 1987. I kommentaren på Greatest Video Hits II kommenterte May at songen var inspirert av favorittmottoet til den andre kona hans, Anita Dobson, «I want it all, and I want it now!» Ideen om å ha ein intro, vers, refreng og solo over same akkordprogressjon, vart nytta om att i ein annan May song, «The Show Must Go On», i 1990. Mercury song solovokal på det meste av songen, men Mercury og May song i lag på mellomspelet. Mercury speler klaverinstrument, May akustisk og elektrisk gitar og Roger Taylor nytta doble basstrommer for første (og einaste) gong.

«I Want It All» var den første singelen frå albumet, gjeve ut den 2. mai 1989. Han nådde tredjeplassen i Storbritannia, men gjekk til topps i fleire land i Europa. Songen vart ein anti-apartheidsong blant ungdom i Sør-Afrika og har sidan blitt nytta som protestsong for andre saker. Songen vart den første Queen-hiten på amerikansk radio sidan «Under Pressure» og nådde tredjeplassen på Billboard's Mainstream Rock Singles-lista, men berre 50. plassen på Billboard Hot 100 Chart.

The Invisible Man[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå The Invisible Man av Queen.

«The Invisible Man» er den første songen av Taylor på albumet. Tekstideen kom frå ei bok han leste, då rytmen brått kom til han. May og Taylor kommenterte at Taylor skreiv ein del av songen i badekaret. Namnet på alle fire bandmedlemmane er «gøymd» i vokale: «Freddie Mercury» (sagt av Roger Taylor) like før det førte verset byrjar, «John Deacon» etter det første verset, «Brian May» (to tonger) før gitarsoloen hans og «Roger Taylor» (med ein rullande «r» av Mercury slik at det høyres ut som virvlande trommer) etter teksten «look at me, look at me». Taylor «svara» med ein trommevirvel. Demoversjonen har eit heilt anna mellomspel der Mercury syng ein annan tekst i Elvis Presley-stil. Dei kviskra partia av refrenget vert sungen av Taylor.

«The Invisible Man» kom ut på singel i Storbritannia den 7. august. Singelen nådde 12. plassen i Storbritannia og vart ein hit i store delar av Europa. Videoen inneheld dataskapte kopiar av bandmedlemmane. Songen vart seinare spelt av Scatman John.

Breakthru[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Breakthru av Queen.

«Breakthru» er eit resulat av to songar: «A New Life Is Born» av Mercury og «Breakthru», skriven av Taylor med nokre bidra frå dei andre. Songen vart gjeven ut på singel og nådde topp 10 i Storbritannia sommaren 1989.

«Breakthru» var den andre singelen frå albumet og kom ut i Storbritannia den 19. juni. Videoen var filma på eit privat damplokomotiv, då kalla «The Miracle Express». Debbie Leng, som var kjærasten til Roger Taylor på den tida, var òg med i videoen. Songen nådde sjuandeplassen på den britiske singellista. Songen vart òg gjeven ut på singel i USA.

Rain Must Fall[endre | endre wikiteksten]

«Rain Must Fall» er eit samarbeid mellom Deacon (musikk) og Mercury (tekst) (som stadfesta av produsenten David Richards og i nyare tid av May på nettsida hans). Taylor spelte mykje latinsk perkusjon, men det meste vart redigert bort for å få meir rom for vokalharmoniar, gitar og klaverinstrument.

Scandal[endre | endre wikiteksten]

«Scandal» var skriven av May om den britiske pressa, som hadde skrive mykje om den nyaste skilsmissa hans, forholdet hans til Anita Dobson og at Mercury sjeldan var å sjå offentleg då han var sjuk med AIDS. May spelte klaverinstrument og spelte gitarsoloen på eitt forsøk. Solovokalen til Mercury vart òg berre spelt inn ein gong. Synth-bassen vert spelt av David Richards. May har sidan kommenter at songen låg nær hjartet hans trass i at han gjekk gjennom ein vanskeleg fase av livet hans på den tida.

«Scandal» var den fjerde singelen frå albumet. Han nådde 25. plassen i Storbritannia. Songen omhandlar korleis May følte tabloidane behandla han og forholdet til Anita Dobson.

My Baby Does Me[endre | endre wikiteksten]

«My Baby Does Me» er eit anna samarbeid mellom Mercury og Deacon. Begge hadde ein ide om ein enklare song for albumet. I eit intervju på Radio 1 i 1989, hevda både Mercury og Deacon at dei hadde laga basslinja.

Was It All Worth It[endre | endre wikiteksten]

«Was It All Worth It» var skriven av Mercury. Songen minnar om den intrikate stilen til bandet frå 1970-åra. Sjølv om det meste av songen vart utforma av Mercury, bidrog alle medlemmane med idear og tekst (til dømes medverka Taylor med linja «we love you madly!»). Deacon sa seinare at dette var favorittsongen hans på albumet. Taylor nyttar ein gong og pauke.

Hang On in There[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven av alle fire medlemmane. May spelar både akustisk og elektrisk gitar, i tillegg til klaverinstrument, ein jobb han delte med Mercury, som òg spelar piano. Songen kom ut som B-sida til «I Want It All». I songen når Mercury ein E5 tone to gonger.

Chinese Torture[endre | endre wikiteksten]

Dette er den einaste songen på albumet som ikkje var å finne på ein av singlane. Han er ein mørk instrumental som skulle gjenskape frykta og skrekken som kinesisk vasstortur skapte hos offera. Sporet dukka først opp på dei siste konsertane til Queen i 1986, som ein del av ein gitarsolo av May. Han inkluderte òg sporet på soloar då han turnerte med Queen + Paul Rodgers i 2005/06.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Det slåande plateomslaget vart skapt av Quantel Paintbox, som då var det nyaste biletmanipuleringsteknologien som fanst. Andleta av dei fire medlemmane vart smelta saman til eitt samanhengande bilete. Derek Riggs, mest kjend for å ha illustrert omslaga til Iron Maiden, hevda at Queen «stal» ideen for omslaget frå omslaget hans for singelen The Clairvoyant.[2] Rapportar om at Freddie Mercury var ein «headbanger», og stor fan av «det metal-greiene», kan ha gjeve denne påstanden eit viss truverd. Sjølv om omslaget vart godt likt då det kom ut, har det sidan blitt omtalt som eit av dei verste omslaga gjennom tidene.

Kritikarar[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars[1]
Chicago Tribune1/4 stars[3]
Encyclopedia of Popular Music2/5 stars[4]
magasinet Q4/5 stars[5]
Rolling Stone2/5 stars[6]
The Rolling Stone Album Guide2/5 stars[7]

Sun-Sentinel skreiv «Med Freddie Mercury i gammal, lett opera-aktig form, er dette eit album (som så mange andre Queen-album) som bør brukast som lærebok i pop for unge aspirantar. Her kombinerer dei rock, pop, metal, smarte melodiar og listige stiliseringar og The Miracle skuffar ein aldri. Frå eitt spor til det neste er det, som vanleg, aldri mogeleg å sei kva veg bandet vil gå, og gjev sjølv dei mest trøytte øyra ei utfordring.»[8]

Newsday (Melville, NY) skreiv «På The Miracle er røysta til Mercury stødig og solid. May sine løp er smarte og smidige som alltid. Dei fleste av dei ti songane er skrivne av alle dei fire medlemmane, og held seg stort sett til bandformelen med mini-suitar: skarp pop med tempo som endrar seg hallvegs inn i songen og somme herlege strofer.»[9]

Rolling Stone skreiv «Bandet har ikkje brukt så mykje synthesizerar og trommemaskinar sidan Hot Space. The Miracle er eit utstillingsvindauge for Freddie Mercury og kjærleiken hans for feiande, opera-liknande vokal. Og Mercury har faktisk aldri høyrt betre ut - særleg på tittelsporet. Ein av styrkane hans er evnen til å ta sjølv dei mest smaklause melodiane og gjere dei til sine eigne, og den gåva kjem til nytte på The Miracle. Brian May er framleis i kampform òg. Når ein kan høyre May på The Miracle er det stort sett avgrensa til kjappe, typisk briljante soloar her og der. Albumet manglar derfor ei dynamikkjensle som har prega dei fleste tidlege Queen albuma. Berre på nokre få songar («Khashoggi's Ship» og «Was It All Worth It») slepp May seg verkeleg laus, og når han gjer det, høyres det ut som gamle Queen i ein augneblink. I det minste tilbyr The Miracle små klipp av den tidlegare majesteten til Queen.»[6]

Allmusic skreiv «The Miracle er ein ganske slagkraftig lydpakke, og minnar om dei rike lydane frå dei tidlegare klassikarane deira A Day at the Races frå 1976 etc.). Det er delt 50/50 mellom pop og tungrock, og var ein global hit. I lag med The Game, er The Miracle det sterkaste Queen-albumet i 1980-åra.»[1]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
Australia[10] 4
Austerrike[11] 1
Canada[12] 18
Nederland[13] 1
Frankrike[14] 11
Tyskland[15] 1
Italia[16] 3
Japan[17] 23
New Zealand[18] 2
Noreg[19] 2
Sverige[20] 6
Sveits[21] 1
UK Albums Chart[22] 1
U.S. Billboard 200[23] 24

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1989) Plassering
Austerrike[24] 12
Canada[25] 66
Italia[16] 15
Sveits[26] 6
UK Albums Chart[27] 14

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Austerrike (IFPI Austerrike)[28] Gull 25 000x
Australia (ARIA)[29] Gull 35,000^
Finland (Musiikkituottajat)[30] Gull 43,130
Frankrike (SNEP)[31] Gull 163,000[32]
Tyskland (BVMI)[33] Platina 500 000^
Nederland (NVPI)[34] Platina 100 000^
Polen(ZPAV)[35]
2009 Agora SA album reissue
Platina 20 000*
Spania(PROMUSICAE)[36] Platina 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[37] Platina 50 000x
Storbritannia (BPI)[38] Platina 480,000[27]
USA (RIAA)[39] Gull 500,000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande
  • David Richards - klaverinstrument på «I Want It All», «The Invisible Man» og «Breakthru», sampler på «Scandal», programmering på «Rain Must Fall», «My Baby Does Me» og «Breakthru», lydteknikar
  • Assisterande lydteknikarar - Andrew Bradfield, John Brough, Angelique Cooper, Claude Frider, Andy Mason, Justin Shirley-Smith
  • Mastering av Kevin Metcalf og Gordon Vickary
  • Dataprogrammering av Brian Zellis
  • Plateomslag av Richard Gray
  • Originalt fotografi av Simon Fowler

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Prato, Greg (6. juni 1989). «The Miracle – Queen». AllMusic. Henta 20. juli 2016. 
  2. «The Clairvoyant». Arkivert frå originalen 8. august 2011. Henta 25. juli 2016. 
  3. Kot, Greg (19. april 1992). «An 18-record, 80 Million-copy Odyssey». Chicago Tribune. Henta 20. mai 2016. 
  4. Larkin, Colin (2011). Encyclopedia of Popular Music (5th utg.). Omnibus Press. s. 2248. ISBN 0857125958. 
  5. magasinet Q 08/01/1994
  6. 6,0 6,1 Rolling Stone review, arkivert frå originalen 30. desember 2014, henta 25. juli 2016 
  7. DeCurtis, Anthony; Henke, James; George-Warren, Holly, red. (1992). The Rolling Stone Album Guide (3rd utg.). Random House. s. 570. ISBN 0679737294. 
  8. «Queen Interviews – Queen – 06-09-1989 – The Miracle – Sun-Sentinel – Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. Henta 20. juli 2016. 
  9. «Queen Interviews – Queen – 06-25-1989 – The Miracle – Newsday (Melville, NY) – Queen Archives: Freddie Mercury, Brian May, Roger Taylor, John Deacon, Interviews, Articles, Reviews». Queen Archives. 25. juni 1989. Henta 20. juli 2016. 
  10. Steffen Hung. «Queen – The Miracle». australian-charts.com. Henta 20. juli 2016. 
  11. Steffen Hung. «Queen – The Miracle». austriancharts.at. Henta 20. juli 2016. 
  12. «Results – RPM – Library and Archives Canada». Collectionscanada.gc.ca. Henta 20. juli 2016. 
  13. Steffen Hung. «Queen – The Miracle». dutchcharts.nl. Henta 20. juli 2016. 
  14. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste». Infodisc.fr. Henta 20. juli 2016. 
  15. «charts.de». charts.de. Henta 20. juli 2016. 
  16. 16,0 16,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1989» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 3 Oktober 2011. 
  17. «– Yamachan Land (Archives of the Japanese record charts) – Albums Chart Daijiten – Queen» (på japansk). 30. desember 2007. Arkivert frå originalen 14. august 2011. Henta 5. juli 2016. 
  18. Steffen Hung. «Queen – The Miracle». charts.org.nz. Arkivert frå originalen 2. november 2012. Henta 20. juli 2016. 
  19. Steffen Hung. «Queen – The Miracle». norwegiancharts.com. Henta 20. juli 2016. 
  20. Steffen Hung. «Queen – The Miracle». swedishcharts.com. Henta 20. juli 2016. 
  21. Steffen Hung. «Queen – The Miracle». hitparade.ch. Henta 20. juli 2016. 
  22. http://www.officialcharts.com/artist/21275/queen/
  23. «Queen Album & Song Chart History». Billboard. Henta 20. juli 2016. 
  24. «Austerrikencharts.st – Jahreshitparade 1989». Hung Medien. Henta 1. august 2010. 
  25. «RPM Top 100 Albums of 1989». RPM. Henta 3 Oktober 2011. 
  26. «Hitparade.ch – Schweizer Jahreshitparade 1989». Hung Medien. Henta 17 Oktober 2011. 
  27. 27,0 27,1 «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 19. mai 2012. Henta 3 Oktober 2011. 
  28. «Austrian album salstrofé – Queen – The Miracle» (på tysk). IFPI Austerrike.  Enter Queen in the field Interpret. Enter The Miracle in the field Titel. Select album in the field Format. Click Suchen
  29. «ARIA Charts – Accreditations – 1990 Albums». Australian Recording Industry Association. 
  30. The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  31. «French album salstrofé – Queen – The Miracle» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  32. «Les Albums Or». infodisc.fr. SNEP. Henta 10. juni 2016. 
  33. «Gold-/Platin-Datenbank (Queen; 'The Miracle')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  34. «Dutch album salstrofé – Queen – The Miracle» (på nederlandsk). Nederlandse Vereniging van Producenten en Importeurs van beeld- en geluidsdragers. 
  35. «Polish album salstrofé – Queen – The Miracle» (på polsk). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). 
  36. «Solo Exitos 1959-2002 Ano A Ano: Certificados 1979-1990». Iberautor Promociones Culturales. ISBN 8480486392. 
  37. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Queen; 'The Miracle')». Hung Medien. 
  38. «British album salstrofé – Queen – The Miracle». British Phonographic Industry.  Enter The Miracle in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  39. «American album salstrofé – Queen – The Miracle». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]