The Misunderstood

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Misunderstood

The Misunderstood i London – 1966
OpphavRiverside i California i USA
Aktiv1963–69, sporadisk etter det
Sjangerpsykedelisk rock, bluesrock, garasjerock
Tilknytte artistarThe Influence, Juicy Lucy, High Tide
PlateselskapFontana (Storbritannia), Cherry Red (Storbritannia), Ugly Things (USA)
MedlemmerRick Brown
Glenn Ross Campbell
Tony Hill
Rick Moe
Greg Treadway
Steve Whiting
George Phelps
--1969 besetning--
Glenn Campbell
Steve Hoard
David O'List
Chris Mercer
Guy Evans
Nic Potter
Ray Owen

The Misunderstood var eit psykedelisk rock-band frå Riverside i California i midten av 1960-åra. Bandet flytta til London tidleg i karrieren, og sjølv om dei berre spelte inn ein neve songar før dei vart oppløyste, vert dei rekna som særs viktig i den då gryande sjangeren.[1][2]

Magasinet Creem skreiv i september 2004: «Soga om The Misunderstood er ein av dei mest utrulege, hjarteskjerande og usannsynlege i heile rockehistoria.»

Classic Rock skreiv i juni 2010: «Sanninga er at dette bandet var så langt ute på eiga hand, så individuelle og nyskapande at du kan byrje å lure på omstenda som hindra dei frå bli det ikoniske namnet dei burde blitt.»[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bandet byrja i 1963 som eit av mange garasjeband skipa i USA etter den britiske bølgja. Dei flytta til London i 1966 med hjelp av manageren deira, John Peel, som seinare vart kjend som DJ på BBC Radio. I Storbritannia henta dei inn engelskmannen Tony Hill på rytmegitar.[4] Hill og songaren Rick Brown skreiv songar i lag,[5] i tillegg til at bassisten Steve Whiting var involvert i nokre av songane deira.

Bandet var inspirert av og ofte samanlikna med The Yardbirds og i 2004 vart dei kalla «the American Yardbirds» av Rolling Stone.[6] Bandet brukte mellom anna steelgitar, spelt av Glenn Ross Campbell og ein nyskapande gitarstil av Whiting, som brukte slide, fuzz og forvrenging.

Fontana Records introduserte bandet med fire songar som vart spelte inn live i Philips Studios i London. Britisk media var positive,[5] men Campbell, Whiting og Moe måtte så til Europa for å ordne dei britiske visuma og arbeidsløyva sine, medan Brown måtte attende til California for militærteneste.

I London gav dei ut den andre singelen sin, «I Can Take You to the Sun», før dei vart tvunegn til å oppløysast. Dei hadde berre spelt inn sju spor i London.

Trass i så få innspelinga, reknar mange musikarar dei som viktige pionerar innan acid rock.[7] Head Heritage skreiv i 2006 at «Materialet til The Misunderstood strekkjer seg langt utafor perioden då dei vart laga. Dei usedvanlege avanserte spora på side ein frå 1966 syner at dei var eit av dei tidlegaste og mest originale banda innan psykedelisk rock[8]

The Misunderstood var kjend for å vere blant dei første som nytta lysshow på konsertane sine. Campbell lodda ein gitarleidning til ein billyspære og plugga dette inn i kvar forsterkar på scenen. Denne enkle ideen skapte ein visuell musikk, der lyset responderte i samsvarer med det han spelte på gitaren. Seinare utvikla dei meir avanserte, fleirfarga scenelys.[9]

John Peel[endre | endre wikiteksten]

John Peel kjempa for musikken til The Misunderstood gjennom heile karrieren sin. Kort tid før han døydde, sa Peel i eit intervju med Index Magazine: «Om eg hadde skrive ei liste over dei ti beste konsertane eg har sett i livet mitt, så ville The Misunderstood på Pandora's Box i Hollywood i 1966 ha vore på lista. Herregud, dei var eit bra band!»[10][11]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

  • I «Peelenium» (Greatest Songs of the 20th Century) førte John Peel opp songen «I Can Take You to the Sun» for 1966.[12]
  • «I Can Take You to the Sun» låg på sjetteplassen på Record Collector si liste i boka «100 Greatest Psychedelic Records», ei liste som var i kronologisk rekkjefølgje.[13][14][15][16]
  • Mojo April 2009 – I lista «I Can See For Miles: A-Z» var The Misunderstood oppført for «M».[17]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Review by Terrascope Online – January 2008». Henta 3. august 2019. 
  2. ««Unknown Legends of Rock'n'Roll» Weblink». Henta 3. august 2019. 
  3. Classic Rock omtalar the Misunderstood på 18. plass på lista si over «Cult Heroes»
  4. Rolling Stone Issue 956 (2. september 2004). «The Misunderstood: The Lost Acetates 1965–1966 by David Fricke». 
  5. 5,0 5,1 Ugly Things by Mike Stax No. 21. 2003. 
  6. Rolling Stone, September 2004
  7. Surge Music, arkivert frå originalen 5. oktober 2015, henta 4. august 2019 
  8. «headheritage.co.uk: Seth Man, 24th November 2006 Weblink». Henta 3. august 2019. 
  9. Ugly Things by Mike Stax Nos. 20–21. 2002–2003. 
  10. «Index Magazine 2003 – Interview with John Peel Weblink». Henta 8. mars 2007. 
  11. «The records that John Peel loved the Most!». Henta 3. august 2019. 
  12. Peelenium list on Wikipedia
  13. «Record Collector Magazine's 100 Greatest Psychedelic Records: Web link». Henta 6. januar 2008. 
  14. Unterberger, Richie (May 1998). Unknown Legends of Rock n Roll. Backbeat Books. ISBN 978-0-87930-534-5. 
  15. Record Collector Magazine; et al. (2004). «100 Greatest Psychedelic Records». Record Collector Magazine. 
  16. «John Peel Quote». Top Gear (BBC Radio). 8. november 1968. 
  17. Mojo Magazine (April 2009). «I Can See For Miles: A-Z». 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]