The New Seekers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The New Seekers

Aktiv1969–
Sjangerpop
PlateselskapPhilips Records, Elektra Records

The New Seekers er ei britisk-basert popgruppe som blei starta av Keith Potger i 1969. Gruppa var arvtakaren til The Seekers, som blei løyst opp året før, og tanken var at The New Seekers skulle bli like publikumsvennleg som forgjengaren. The New Seekers laga popmusikk med element av rock og folk, og gruppa oppnådde suksess over heile verda på byrjinga av 1970-talet med singlar som «I’d Like to Teach the World to Sing», «You Won’t Find Another Fool Like Me» og «Beg, Steal or Borrow».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter at den populære australske popgruppa The Seekers blei løyst opp i 1968, sette ein av medlemmane i gruppa, Keith Potger, saman ei ny gruppe i 1969. Gruppa fekk namnet The New Seekers, og originalbesetninga bestod av Laurie Heath, Chris Barrington, Marty Kristian, Eve Graham og Sally Graham, i tillegg til Potger sjølv.[1]

Etter den fyrste singelutgjevinga, blei delar av besetninga bytta ut i 1970. Då bestod gruppa av: Eve Graham, Lyn Paul, Marty Kristian, Peter Doyle og Paul Layton.[2] Denne besetninga gjorde straks suksess med sin fyrste singel, ein coverversjon av Melanie Safka sin «What Have They Done to My Song, Ma» (tittel i USA: «Look What They've Done to My Song, Ma»[3]). Songen blei ein topp 20-hit i USA og nådde ein tredjeplass i Canada. Heime i Storbritannia fekk coverversjonen derimot berre ein avgrensa suksess, med plass 44 på den britiske singellista.[4][5]

Salssuksessar[endre | endre wikiteksten]

Utover på 1970-talet fekk The New Seekers større kommersiell suksess, og i januar 1972 fekk dei sin fyrste nummer 1-hit i Storbritannia med «I’d Like to Teach the World to Sing». Låten tok seg også inn på norske VG-lista, der han nådde ein andreplass. Same år representerte også gruppa Storbritannia i Eurovision Song Contest og blei nummer to med bidraget «Beg, Steal or Borrow». Songen blei ein stor kommersiell suksess og toppa blant anna VG-lista i åtte strake veker.[6] Songen nådde også ein andreplass i Storbritannia og ein tredjeplass i Irland og Nederland.[7]

Suksessen avtek[endre | endre wikiteksten]

Frå 1973 byrja suksessen til The New Seekers å avta, sjølv om dei fekk ein topp 20-hit med songen «Pinball Wizard» i februar same år. The New Seekers byrja på denne tida å trekkje fram enkeltvokalistar i songane, i motsetning til den harmoniske samvokalen som hadde prega songane til gruppa til då. I desember 1973 fekk gruppa stor suksess med «You Won’t Find Another Fool Like Me». Songen blei ein stor julehit og nådde fyrsteplass på den britiske singellista i januar 1974, og han er den nest største hiten til gruppa.

Same vår fekk The New Seekers også god suksess med singelen «I Get a Little Sentimental Over You» som nådde ein femteplass i Storbritannia. Trass i suksessen annonserte medlemmane i gruppa at dei no ville gå kvar til sitt. The New Seekers blei offisielt løyst opp i mai 1974.

Sameining[endre | endre wikiteksten]

To år seinare, i 1976, gjenoppstod The New Seekers, med Kathy Ann Rae og Danny Finn som erstattarar for Lyn Paul og Peter Oliver. Etter sameininga oppnådde gruppa aldri same suksess som i perioden 1969–1974, men dei fekk eit par mindre suksessar med songar som «It’s So Nice (To Have You Home)» (1976), «I Wanna Go Back» (1977) og «Anthem (One Day in Every Week)» (1978). 

Besetninga bestod til 1978, då Danny Finn og Eve Graham forlet gruppa. I 1980 prøvde The New Seekers å representere Storbritannia på nytt i Eurovision Song Contest med songen «Tell Me» men låten blei diskvalifisert før den britiske finalen, fordi han hadde blitt spelt på TV året før.

Sidan byrjinga av 1980-tallet har det vore ei rekkje utskiftingar i gruppa, blant anna Caitriona Walsh, Nicola Kerr og Vikki James. Paul Layton blei verande i bandet gjennom heile perioden.

Gruppa etter 2000[endre | endre wikiteksten]

Dagens The New Seekers hadde fleire turnear frå 2006, då med følgjande besetning: Paul Layton, Donna Jones, Francine Rees, Mick Flinn og Mark Hankins.

The New Seekers var blant arrangørane bak ein hagefest i 2007 i Buckingham Palace. Ved 40-årsjubileet til gruppa i 2009, heldt The New Seekers ein omfattande britisk turné. Turneen bestod av 35 konsertar og starta i London 31. januar 2009. I juli same året gav gruppa ut albumet It's Been Too Long – Greatest Hits and More, beståande av dei største hitene til gruppa, i tillegg til eit par nyinnspelingar. Albumet gjorde suksess på den britiske albumlista, der det nådde nummer 17. Dette var fyrste gong på 35 år at The New Seekers nådde albumlista i Storbritannia.

Den førebelse siste turnéen til The New Seekers var i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Official site – First group line-up, 1969». Thenewseekers.com. Arkivert frå originalen 17. juli 2011. Henta 25. mai 2011. 
  2. «Offisiell side – besetning i 1970». Thenewseekers.com. Arkivert frå originalen 21. april 2011. Henta 25. mai 2011. 
  3. US Elektra Records-utgivelse, #45699
  4. «Official site – Single releases, 1969–1970». Thenewseekers.com. 26. juni 1970. Arkivert frå originalen 19. juli 2011. Henta 25. mai 2011. 
  5. «The New Seekers på den offisielle britiske salgslista». The Official Charts Company. Henta 24. april 2017. 
  6. «The New Seekers på VG-lista». VG Nett. Henta 24. april 2017. 
  7. «'Beg, Steal Or Borrow ' på utvalgte singellister». norwegiancharts.com. Henta 24. april 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: The New Seekers