The Originals

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

The Originals er ei teikneseriebok skriven og teikna av Dave Gibbons, og gitt ut under DC Comics sitt Vertigo-merkenamn i 2004.

Hovudperson og forteljar i historia er ungdommen Leslie (Lel), som saman med kameraten James Clement Bokassa (Bok) vert med i gjengen The Originals. Handlinga er lagt til ei nær framtid, men er sterkt påverka av subkulturane mod og rockers frå England1960-talet.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Serien er i svart/kvitt og gråtonar, noko som i seg sjølv ikkje betyr så mykje i teikneseriar, men Gibbons har nytta mest fargar i sitt tidlegare arbeid. Det er difor lett å tru at mangelen på fargar skal forsterke kjensla av ei handling inspirert av hendingar frå 1960-åra, sjølv om den òg er futuristisk.

Teikningane er skarpe, klåre og tydelege, og pålagde gråtonar er nytta til skyggelegging istaden for pennestrok. Dette bidreg til at designet av til dømes Vassdomen, sjå neste avsnitt, får eit blankt og futuristisk uttrykk.

Bakgrunnshistorie[endre | endre wikiteksten]

Historia er lagt til ein gong etter andre verdskrigen (kor lenge er uvisst), i eit område som kan minne om den typiske engelske eller amerikanske storbyen. Det meste er likt det ein er van med frå starten av 2000-talet, men svevescooterar viser at teknologien kanskje har kome lenger. Vassdomen, eit enormt byggverk for å produsere reint vatn, samt vere til glede for ibuarane, viser at reint vatn er vanskelegare å få tak i enn det realiteten var då historia vart laga.

Gjengen The Originals[endre | endre wikiteksten]

The Originals tykkjer fine kle, diskomusikk og dans er viktige ingrediensar i livsstilen, og dei tek gjerne oppkvikkande stimuli i festlege lag. Kjenneteikna deira er høgkraga frakkar, solbriller og hattar. I tillegg har dei hooverar, som liknar mest på svevande scooterar. Mest alt av dette er sterkt inspirert av mod-subkulturen.

På same måten som modane rivaliserte med rockers, er The Dirt rivalane åt The Originals. Leiaren deira er Ronnie.

Gjengen The Dirt[endre | endre wikiteksten]

The Dirt er rivalane åt The Originals, og er meir rufsete i framtoninga si. Dei nyttar òg hooverar, men har skinnjakker og ein jamnt over meir rocka stil. Festane sine har dei utandørs på stader der folk flest ikkje går. Leiaren til The Dirt er Mitch.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Vista-error.png Åtvaring: Detaljar om innhaldet i boka eller filmen blir avslørt i dette avsnittet.

Historia startar med at Lel og Bok ynskjer å verte medlemmar i The Originals, og taggar ein vegg med gjengen sin logo. Etter så å ha hjelpt Ronnie med å finne tak i The Dirt for ein hemnaksjon, vert dei fullverdige medlemmar.

Særleg Lel slår seg etterkvart opp i gjengen ved å selje dop for Ronnie. Samstundes innleier han eit forhold til Vivian. Warren, eit medlem av gjengen, som elles er litt utanfor, prøvar heile tida å verte meir akseptert ved å gjere ting over grensa.

Ei helg er det festival i og rundt Vassdomen, og begge gjengane reiser avgarde. I eit slagsmål, knivdrep Warren eit forsvarslaust medlem av The Dirt. The Dirt trur at Lel er den skuldige, og på veg heim vert han, Bok og Vivian angripne. Lel og Vivian vert hardt råka, medan Bok døyr.

Når Lel finn ut korleis dette heng saman, organiserer han ein hemn, både for Mitch, leiaren i The Dirt, og Warren. Vivian hjelp til fordi ho ynskjer at Lel skal gå vidare og kome seg ut av gjengmiljøet. Leslie ynskjer òg å kome vidare, men då ved å selje endå meir dop og kjøpe seg svevebil i staden for svevescooter. Historia endar med at han får valet mellom ei vidare karriere i The Originals, og Vivian. Lel tykkjer det er eit vanskeleg val, han har lyst til å gjere karriere, han er trass alt snart 18 år.

ISBN[endre | endre wikiteksten]

HC ISBN 1-4012-0355-8

SC ISBN 1-4012-0356-6