The Ox
The Ox Song av The Who frå albumet My Generation | ||
Utgjeve | 3. desember 1965 | |
Innspelt | 12–13. oktober 1965 | |
Sjanger | Hardrock, instrumental rock | |
Lengd | 3:50 | |
Komponist | John Entwistle, Nicky Hopkins, Keith Moon, Pete Townshend | |
Tekstforfattar | ingen verdi | |
Låtskrivar(ar) | Pete Townshend John Entwistle Keith Moon Nicky Hopkins | |
---|---|---|
Produsent | Shel Talmy [1] |
«The Ox» er ein instrumental av The Who. Han vart gjeven ut på debutalbumet deira My Generation. Songen er komponert av Pete Townshend, John Entwistle, Keith Moon og den kjende studiopianisten Nicky Hopkins. Sjølv om tittelen på songen var kallenamnet til bassisten John Entwistle, vert det hevda at songen var eit av dei beste nummera Keith Moon utførte på trommer. Songen vart gjeven ut som B-side på den britiske utgåva av singelen «The Kids Are Alright», samt samlealbumet Thirty Years of Maximum R&B.