The Papas & The Mamas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Papas & The Mamas
Studioalbum av The Mamas & the Papas
Utgjeve Mai 1968
Innspelt 1967-68
Sjanger Folkrock, rock, psykedelisk rock
Lengd 39:32
Selskap Dunhill
Produsent Lou Adler
The Mamas & the Papas-kronologi
The Mamas & The Papas Deliver
(1967)
The Papas & The Mamas People Like Us
(1971)


The Papas & The Mamas er det fjerde studioalbumet til The Mamas & the Papas, utgjeve i 1968. Det var det siste albumet deira, før dei vart oppløyst første gongen. Dei kom saman att for ein kort periode i 1971.

I motsetnad til dei tidlegare albuma deira, vart The Papas & The Mamas spelt inn heime hos John og Michelle Phillips, men med same produksjonslag som på dei førre albuma. Det originale studioet deira, Western Recorders, byta til Solid State-teknologi og Phillips og Adler kjøpte det analoge miksebordet dei hadde brukt på dei førre innspelingane, og sette det inn i det nye studioet sitt. Seinare har Adler sagt at innspelingsrommet ikkje var godt nok laga, og at lydkvaliteten ikkje høvde for ei vokalgruppe som The Mamas & The Papas.

Med unntak av ein særs suksessrik coverversjon av «Dream a Little Dream of Me» (som ikkje er representativ for resten av albumet), er temaet på albumet ofte deprimert og livstrøytt, mellom anna i teksten på «Safe in My Garden», «Mansions», «Too Late» og «Rooms».

Det er få kjærleikssongar og somme meir eksperimentelle songar, som den Jimi Hendrix-aktige gitaren på «Gemini Childe».

Før albumet kom ut, kom singelen «Twelve Thirty (Young Girls Are Coming to the Canyon)» i august 1967.

Songen «Meditation Mama» var første gongen John Phillips song solovokal på ein song av Mamas and the Papas. Alle fire medlemmane song solovokal og korvokal på dette albumet. Vokalen på «For the Love of Ivy» skal visstnok ha teke ein månad å spele inn.

Sjølv om det var det første albumet deira som ikkje nådde topp 10 på albumlista i USA, selde det godt då det kom ut og vart det fjerde og siste albumet deira som nådde topp 20 i Amerika med to hitsinglar. Ein av desse, «Dream a Little Dream of Me», lanserte solokarrieren til Cass Elliot.

Heile albumet kom ut på All the Leaves Are Brown, ei samling av dei fire første albuma deira og forskjellige singlar.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]
Rolling Stonepositiv [2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Phillips, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «The Right Somebody to Love» (opphavleg framført av Shirley Temple i filmen Captain January))Jack Yellen, Lew Pollack 0:43
2. «Safe in My Garden»    3:15
3. «Meditation Mama (Transcendental Woman Travels)»  J. Phillips, Lou Adler 4:25
4. «For the Love of Ivy»  J. Phillips, Denny Doherty 3:45
5. «Dream a Little Dream of Me»  Fabian Andre, Wilbur Schwandt, Gus Kahn 3:17
6. «Mansions»    3:47
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «Gemini Childe»    4:07
8. «Nothing's Too Good for My Little Girl»  Ned Wynn 3:09
9. «Too Late»    4:10
10. «Twelve Thirty (Young Girls Are Coming to the Canyon)»    3:26
11. «Rooms»    2:52
12. «Midnight Voyage»    3:13

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1968 Billboard Pop Albums 15

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Greenwald, Matthew. «Allmusic review». Allmusic.com. Henta 12. januar 2019. 
  2. «The Mamas & The Papas: The Papas & the Mamas : Music Reviews : Rolling Stone». RollingStone.com. 6. juli 1968. Arkivert frå originalen 2008-01-23. Henta 12. januar 2019.