The Peppermints

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Peppermints
OpphavItalia og San Marino
Aktiv2014-i dag
MedlemmerAnita Simoncini
Rafaella Perniola
Greta Doveri
Arianna Ulivi
Sara Dall'Olio

The Peppermints er ei italiensk-sanmarinsk jentegruppe, skipa i 2014.[1] Gruppa er sett saman av Anita Simoncini, Rafaella Perniola, Greta Doveri, Arianna Ulivi og Sara Dall'Olio.[1]

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Junior Eurovision Song Contest 2014[endre | endre wikiteksten]

The Peppermints vart valt ut av Radiotelevisione della Repubblica di San Marino til å representere San Marino i Junior Eurovision Song Contest 2014 i MarsaMalta.[1] Gruppa framførde songen «Breaking My Heart» på engelsk og italiensk, og enda på 15. plass med 21 poeng; åtte frå Italia og eitt frå Malta.[1] I tillegg fekk alle landa tolv poeng for at ingen land skulle stå att utan poeng. Songen er skriven av Luca Medri, Chris Lapolla, Antonello Carozza og The Peppermints.[1] Rafaella Perniola er veslesystra til Michele Perniola, som representerte San Marino året før, då landet debuterte i tevlinga.[1] Anita Simoncini vart den fyrste personen frå San Marino som representerte landet i tevlinga.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «About The Peppermints» (engelsk). Junioreurovision.tv. Henta 21. november.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)