Hopp til innhald

The Pogues

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Pogues

The Pogues i 1989
OpphavKings Cross i London i England
 Irland Halvparten av bandet har irske røter.[1]
Aktiv19821996, 2001-
SjangerKeltisk punk
PlateselskapWarner Music Group, Stiff Records
MedlemmerShane MacGowan
James Fearnley
Spider Stacy
Jeremy «Jem» Finer
Andrew Ranken
Terry Woods
Darryl Hunt
PrisarMOJO Awards

The Pogues er eit irsk-britisk folk/pønk-band starta på 1980-talet. Pogues blei danna i London i 1982 under det gæliske namnet Pogue Mahone, som betyr «kyss meg i ræva». Ingen av dei opphavlege medlemmene var irskfødde, og berre halvparten hadde irske røter. Bandet var London-basert, og den musikalske stilen og temaet til gruppa var irsk og basert på irske utvandrarmiljø.[1]

Musikken deira var heile tida prega av tekstar med eit politisk tilsnitt, ikkje ulikt The Clash som dei også samarbeidde med (Joe Strummer var også produsent på eit av albuma deira). Dei tok i bruk tradisjonelle irske folkemusikkinstrument som blekkfløyte, banjo, mandolin, trekkspel m.m. Etter at Shane MacGowan forlét bandet blei bruken av meir moderne elektriske instrument som el-gitar meir utbreidd i lydbildet til bandet.

Dei opphavlege medlemmene av Pogue Mahone, Shane MacGowan (vokal), Jim Fearnley (trekkspel) og Spider Stacy (blekkfløyte) bygde opp bandet på restane av pønkgruppa The Nipple Erectors. Etter kvart fekk dei komplettert bandet med Jeremy «Jem» Finer (gitar, banjo), Cait O'Riardon (bass) og Andrew Ranken (slagverk). Bandet skaffa seg raskt eit rykte, spelte inn eit par demoar og fekk etter kvart også varma opp for The Clash på turné i 1984. Sidan nokre radiostasjonar nekta å spela låtane deira på grunn av bandnamnet, forkorta dei det til The Pogues før dei sleppte det fyrste albumet sitt, Red Roses for Me, i 1985.

Phil Chevron (gitar) blei med i bandet seinare, og med hjelp av pønk- og new wave-legenda Elvis Costello spelte dei inn oppfølgjaren, Rum, Sodomy, and the Lash i 1985. Medan den første plata stort sett inneheldt versjonar av tradisjonelle folkeviser blei låtskrivartalentet til MacGowan tydeleg på den andre, som inneheldt ei lang rekkje minneverdige forteljingar i songtekstform.

Sjølv om andreplata var ein suksess både blant kritikarar og platekjøparar skulle det etter kvart byrja å gå dårlegare for gruppa. Den etterlengta tredjeplata lét venta på seg, og i staden kom den berre 4 spor lange EP-en Poguetry in Motion. O'Riordan gifta seg med Elvis Costello og forlét bandet. Ho blei erstatta av Darryl Hunt, og dessutan fekk bandet eit nytt medlem, Terry Woods (mandolin) frå bandet Steeleye Span. Det største trusgmålet mot den vidare karrieren til bandet var likevel den utsvevande livsførsla og ubereknelege åtferda til frontfiguren, låtforfattaren og det kreative midtpunktet til bandet, Shane MacGowan.

The Pogues i 2011.

I 1988 klarte The Pogues endeleg å få strukturert seg nok til å gå i studio igjen og spela inn plate nummer tre, If I Should Fall from Grace with God. Denne plata inneheldt mellom anna ein duett mellom MacGowan og Kirsty MacColl med tittelen «Fairytale of New York», og denne litt spesielle julesongen står i ettertid igjen som den største hitten til gruppa, sidan han slo an også blant mange folk utanfor det som elles var målgruppa hennar. Den fjerde plata, Peace and Love, kom ut året etter. Medan gruppa hadde nådd eit kommersielt høgdepunkt, hadde samtidig også rusproblema til MacGowan utvikla seg til det verre. På det neste albumet, Hell's Ditch (produsert av Joe Strummer frå The Clash), stod derfor Stacy og Finer for ein stor del av synginga. MacGowan forlét gruppa i 1991.

Etter at MacGowan forlét bandet stilte Strummer opp som vikar i ein kort periode, før Stacy til slutt tok over jobben som vokalist. Etter to plater med lunken mottaking blei The Pogues oppløyst i 1996. Det viste seg ganske tydeleg at sjølv om MacGowan var vanskeleg å samarbeida med, var det også svært vanskeleg for The Pogues å halda nivået like høgt utan den største kreative ressursen sin.

Av medlemmene i the Pogues er det berre Shane MacGowan som har klart å halda fram med å halda seg akuell. I 1994 starta han gruppa The Popes (også kjent som Shane MacGowan and The Popes).

Utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Schofield, Derek (30. november 2023). «Shane MacGowan obituary». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: The Pogues