The Police

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Police

The Police i New York i 2007.
OpphavLondon i England
Aktiv1977–86, 2007–08
SjangerRock, new wave, reggae rock, post-punk
PlateselskapA&M, Polydor
Tidlegare medlemmerSting
Stewart Copeland
Andy Summers
PrisarGrammy Award, Rock and Roll Hall of Fame

The Police var ei britisk musikkgruppe som var aktiv i tida 1977-86, og som var samla att i 2007/08 til ein verdsturne. Gruppa bestod av Sting, Stewart Copeland og Andy Summers. Musikkstilen til pop/rock-gruppa har impulsar frå både reggae-, «new wave-» og jazzmusikk. The Police er kjend for ei rad populære melodiar, som til dømes Roxanne, Don't Stand So Close to Me og Every Breath You Take.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

The Police vart danna i 1976 i London av trommeslagaren Stewart Copeland. Han rekrutterte bassisten og songaren Sting. Litt seinare på året kom også gitaristen Andy Summers.

Gruppa fekk sitt gjennombrot i 1978 med låten Roxanne, som fyrst kom på singelplate og sidan var med på debutalbumet Outlandos d'Amour same året. I 1979 gav The Police ut albumet Reggatta de Blanc, med hitsingelen Message in a Bottle, som etablerte gruppa i det musikalske toppsjiktet i Europa. Med Zenyatta Mondatta i 1980 fekk gruppa sitt store gjennombrot i Nord-Amerika, og der låtane De Do Do Do, De Da Da Da og Don't Stand So Close to Me merka seg ut. Framgangen heldt fram med storseljaren Ghost in the Machine frå 1981, mellom anna med melodien Every Little Thing She Does Is Magic.

The Police tok pause gjennom 1982, då medlemane arbeidde med eigne prosjekt. Gruppa kom tilbake i 1983 med albumet Synchronicity som inneheld den mest kjende songen til The Police; Every Breath You Take. Albumet vart fylgt av turnéen Synchronicity Tour, som var avslutta i mars 1984. Kort deretter byrja medlemane i gruppa å satse på sine solokarrierer. Gruppa var samla for ei tid i 1986, men spela ikkje inn ny musikk.

I 2007 vart The Police samla til Grammy Award-festen, og la deretter ut på ein verdsturné som vara frå 2007 til 2008. Eit livealbum kom ut i 2008.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

  • Outlandos d'Amour (1978)
  • Reggatta de Blanc (1979)
  • Zenyattà Mondatta (1980)
  • Ghost in the Machine (1981)
  • Synchronicity (1983)

Livealbum[endre | endre wikiteksten]

  • Live! (1995)
  • Certifiable: Live in Buenos Aires (2008)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: The Police