The Princess Bride av Mark Knopfler
The Princess Bride Filmmusikk av Mark Knopfler | ||
Utgjeve | 12. november 1987 | |
Innspelt | 1987 | |
Sjanger | Filmmusikk, pop | |
Lengd | 39:25 | |
Selskap | Vertigo, Warner Bros. (USA) | |
Produsent | Mark Knopfler | |
Mark Knopfler-kronologi | ||
---|---|---|
Comfort and Joy (1984) |
The Princess Bride | Last Exit to Brooklyn (1989)
|
The Princess Bride er eit filmmusikkalbum av den britiske songar-låtskrivaren og gitaristen Mark Knopfler, gjeve ut den 12. november 1987 av Vertigo Records internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA. Albumet inneheld musikk skriven for filmen The Princess Bride i 1987, regissert av Rob Reiner.[1] Albumet inneheld songen «Storybook Love», skriven og framført av Willy DeVille og arrangert av Mark Knopfler. I 1988 vart songen nominert til Oscarprisen for beste song.
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]På kommentatorsporet til spesialutgåva på DVD, sa regissøren Rob Reiner at det berre var Mark Knopfler frå Dire Straits som kunne skape musikk som fanga den lunefulle, men likevel romantiske stemninga i filmen. Reiner var fan av Knopfler, men kjende han ikkje før dei arbeidde i lag på filmen. Han sendte manuset til han med håp om at han ville gå med på å skrive musikk til filmen. Knopfler gjekk med på dette så lenge Reiner ein eller annan stad i filmen tok med Coral Sea-capen han hadde på seg som Marty DiBergi i filmen This is Spinal Tap. Reiner fekk ikkje tak i den originale capsen, men fekk tak i ein som likna. Seinare sa Knopfler at han berre spøkte om hatten.[2]
Kritikk
[endre | endre wikiteksten]Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Filmtracks | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
I meldinga si for AllMusic gav Johnny Loftus albumet fire og ei halv av fem stjerner, og hylla Knopfler for at han klarte å fange dei forskjellige dramatiske elementa i filmen i musikken sin.[1]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Alle spor skrivne av Mark Knopfler, utanom der andre er nemnde[4][1]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Once Upon a Time...Storybook Love» | 4:00 |
2. | «I Will Never Love Again» | 3:04 |
3. | «Florin Dance» | 1:32 |
4. | «Morning Ride» | 1:36 |
5. | «The Friends' Song» | 3:02 |
6. | «The Cliffs of Insanity» | 3:18 |
7. | «The Swordfight» | 2:43 |
8. | «Guide My Sword» | 5:11 |
9. | «The Fireswamp and the Rodents of Unusual Size» | 4:47 |
10. | «Revenge» | 3:51 |
11. | «A Happy Ending» | 1:52 |
12. | «Storybook Love» (Willy DeVille) | 4:24 |
Total lengd | 39:20 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Musikk
- Mark Knopfler – gitarar
- Guy Fletcher – klaverinstrument
- Willy DeVille – vokal
- Produksjon
- Mark Knopfler – produsent
- Bill Schnee – miksing
- Marc De Sisto – lydteknikar
- Bob Ludwig – mastering
- Steve Jackson – lydteknikar, miksing («Storybook Love»)[4]
- Deborah Feingold – fotografi[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Princess Bride (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Loftus, Johnny. «The Princess Bride». AllMusic. Henta 8. januar 2015.
- ↑ The Princess Bride (Special Edition), audio commentary by Rob Reiner, 1987.
- ↑ «The Princess Bride». Filmtracks. 29 April 2003. Henta November 9, 2012.
- ↑ 4,0 4,1 The Princess Bride (booklet). Mark Knopfler. Burbank, California: Warner Bros. Records. 1987. s. 2–4. 25610-2.