The Raven av The Alan Parsons Project

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Raven
Singel av The Alan Parsons Project
frå albumet Tales of Mystery and Imagination
B-side The Fall of the House of Usher (Prelude)
Utgjeve November 1975
Innspelt 2. juli 1975
Sjanger Progressiv rock, funkrock
Lengd 3:43
Selskap 20th Century
Låtskrivar(ar) Alan Parsons, Eric Woolfson
Produsent Alan Parsons
The Alan Parsons Project-kronologi
The Raven «(The System Of) Dr. Tarr and Professor Fether»
(1976)


«The Raven» er ein song frå 1975 av The Alan Parsons Project frå albumet deira Tales of Mystery and Imagination. Songen var basert på Edgar Allan Poe-diktet med same namn og er skriven av Alan Parsons og Eric Woolfson. Han vart opphavleg spelt inn i april 1975 i Mama Jo's Studio i North Hollywood i Los Angeles og Abbey Road Studios i London.[1]

Det var ein av dei første rockesongane som brukte vocoder, utvikla av EMS for å forvrengje vokalen. Det er òg ein av få songar der Alan Parsons syng vokal, då han syng første verset gjennom vocoderen. Skodespelaren Leonard Whiting har solovokal på resten av songen, medan Eric Woolfson og eit kor syng korvokal.

Det var den første singelen deira og han nådde 80. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i oktober 1976.

Nyutgjevinga av songen i 1987 inneheld in gitarsolo nær slutten, før «Quoth the Raven»/«Nevermore, nevermore, nevermore, never!»-refrenget.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Original (1976)
Nyutgjeving (1987)

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 2004 song korgruppa Gregorian ein versjon av songen for albumet deira The Dark Side.

Den amerikanske rapparen Danny Brown sampla songen for «Clean Up» i 2013 på albumet hans Old.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Liner notes of 1987 CD reissue version