The Reincarnation of Benjamin Breeg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Reincarnation of Benjamin Breeg
Singel av Iron Maiden
frå albumet A Matter of Life and Death
B-side

«Hallowed Be Thy Name» (CD)

Språk engelsk
Utgjeve 14. august 2006
Innspelt Sarm West Studios, London i 2006
Sjanger Heavy metal
Lengd 7:21[1]
Selskap Columbia Records, EMI Europe
Komponist Dave Murray, Steve Harris
Tekstforfattar Steve Harris, Dave Murray
Låtskrivar(ar) Dave Murray, Steve Harris
Produsent Kevin Shirley
Iron Maiden-kronologi 
«The Trooper (Live)»

(2005)

The Reincarnation of Benjamin Breeg «Different World»

(2006)


«The Reincarnation of Benjamin Breeg» er ein song av Iron Maiden frå det 14. studioalbumet deira, A Matter of Life and Death. Songen er det første frå albumet, gjeve ut den 14. august 2006.

CD-singelen kom med B-sida «Hallowed Be Thy Name» frå BBC Radio 1 Legends Session. Den samla lengda til dei to songane gjorde at han ikkje kunne gå inn på den britiske singellista. Singelen vart òg gjeven ut på 10" klår vinyl, med BBC Sessions-versjonar av «The Trooper» og «Run to the Hills» på B-sida.[2]

Ein promoversjon av singelen kom ut 14. august 2006, med fullversjonen og ein kortare versjon kalla «forkorta versjon» i USA og «rock club mix» i Storbritannia (begge versjonane er identiske).

Den 17. juli 2006 vart det lasta opp ein musikkvideo av songen på den offisielle nettsida til bandet. Han var først berre tilgjengeleg for betalande medlemmar av nettsida, men vart lekka etter få minutt og sett av mange fans som posta øenkjer til forskjellige diskusjonsforum for Iron Maiden. Videoen syner bandet som spelar songen i studio i lag med bilete og videoklipp frå heile karrieren deira.

Gitarsoloen på «The Reincarnation of Benjamin Breeg» vert spelt av Dave Murray.

Benjamin Breeg[endre | endre wikiteksten]

På singelomslaget kan ein sjå Eddie (maskoten til bandet) som grev opp grava til Benjamin Breeg. På gravsteinen hans står det «Aici zace un om despre care nu se ştie prea mult». Dette er ein setning på rumensk som tyder «Her ligg ein mann ein ikkje veit mykje om». Identiteten til personen vart heldt skjult av bandmedlemmane. Steve Harris sa i eit intervju på DVD-en som følgde spesialutgåva av CD-en: «Kven er Benjamin Breeg? Nei, det ville ha vore å sladre».

Kort tid før singelen kom ut vart det oppretta ein «biografi» om Benjamin Breeg på ei nettside. Skaparen av nettsida var i følgje nettsida syskenbarnet til Benjamin som no leita etter han då han hadde funne eit gammalt bilete av syskenbarnet i ein boks hos den avdøde bestemora.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

2-spors CD[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Reincarnation of Benjamin Breeg» (Dave Murray, Steve Harris) – 7:21
  2. «Hallowed Be Thy Name (Radio 1 'Legends' Session)" (Harris) – 7:13

Promoutgåve[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Reincarnation of Benjamin Breeg» (Murray, Harris) – 7:21
  2. «The Reincarnation of Benjamin Breeg» (Rock Club Version) (Murray, Harris) – 5:25

10" klår vinyl[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Reincarnation of Benjamin Breeg» (Murray, Harris) – 7:21
  2. «The Trooper (Radio 1 'Legends' Session)" (Harris) – 3:56
  3. «Run to the Hills (Radio 1 'Legends' Session)" (Harris) – 3:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå CD-omslaget:[1][3]

Iron Maiden
Produksjon
  • Kevin Shirley – produsent, lydteknikar, miksing («The Reincarnation of Benjamin Breeg»)
  • Simon Askew – produsent (Radio 1 sessions)
  • Jerry Smith – miksing (Radio 1 sessions)
  • Melvyn Grant – illustrasjon på omslaget
  • Benjamin Breeg – måleri på innsida
  • Peacock – kunstnarisk leiar, design

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2006) Plassering
Den finske singellista 1[4]
Den franske singellista 70[5]
Den tyske singellista 39[6]
Irish Singles Chart 18[7]
VG-lista i Noreg 9[8]
Sverigetopplistan 1[9]
Den sveitisiske singellista 74[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «The Reincarnation of Benjamin Breeg» CD Single. Iron Maiden. EMI. 14 August 2006. 
  2. http://www.ironmaiden.com/article.php?section=1&subsection=1&article_type=&article_id=1339[daud lenkje]
  3. «The Reincarnation of Benjamin Breeg» Biletdisk Single. Iron Maiden. EMI. 14 August 2006. 
  4. «Diskografi Iron Maiden». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. Henta 2. september 2016. 
  5. «Discographie Iron Maiden». SNEP (på fransk). Lescharts.com. Henta 2. september 2016. 
  6. «Iron Maiden Single-Chartverfolgung». Media Control Charts. Musicline.de. Arkivert frå originalen 17. oktober 2012. Henta 2. september 2016. 
  7. «Diskografi Iron Maiden». IRMA. Irish-charts.com. Henta 2. september 2016. 
  8. «Diskografi Iron Maiden». VG-lista. Norwegiancharts.com. Henta 2. september 2016. 
  9. «Iron Maiden - 'The Reincarnation of Benjamin Breeg'». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. Henta 1. september 2016. 
  10. «Iron Maiden - A Matter of Life and Death» (på tysk). Hitparade. Henta 2. september 2016.